Møre og Romsdal fylkeskommunes støtteordninger

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr sine innbyggere flere stipend, priser og offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les mer om Møre og Romsdal fylkeskommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit
Støtteordninger (26)
logo
Ungdomsmidlane frå Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal deler ut 250 000 kr, fordelt på to ganger i året til prosjekt for ungdom i heile fylket. Tilskotet blir delt ut til prosjekt som skapar engasjement og skal gå til aktivitetar for ungdom mellom 13 og 19 år, som ikkje får anna støtte av fylkeskommunen.

Kven kan søke?

Ungdomsmidlane skal gå til prosjekt som bidrar til ungdomsengasjement og alternative aktivitetar for ungdom

Kva ser vi etter?

Vi ønsker å støtte prosjekt som:

- Samlar ungdom
- Gir positiv effekt over lenger tid
- Er opent for fleire

Eksempel på kva du kan søke om er:

- Diverse utstyr
- Pengar til arrangement

Slik søker du:

Du kan søke mellom 1. mars til 1. april og 1. november til 1. desember. Søknadsskjema vil vere tilgjengeleg i søknadsperioden. 

Søknaden skal innehalde:

- Kva du søker støtte til
- Korleis dette er bra for ungdom
- Budsjett (innkjøpsliste)

Søkar vil automatisk få ei bekreftelse på e-post når søknaden er korrekt utfylt og sendt inn. Dersom du ikkje mottek e-post, er ikkje søknaden sendt inn. 

Viktig informasjon:

- Når søknadane er behandla i Ungdomspanelet vil alle søkarar få tilsendt tilsagnsbrev eller avslag. Brevet inneheld informasjon om kva ein gjer vidare
- Ungdomsmidlane vil ikkje bli utbetalt før det er sendt inn kvittering/faktura
- Dersom du får tildelt støtte, må du bruke opp pengane innan tidsfristen.
- Dei som har fått støtte, kan bli kontrollerte av Ungdomspanelet eller fylkesrevisjonen i etterkant for å sikre at pengane blir brukte til det formålet det er søkt om.
- Alle søknader som blir sendt inn blir rekna som offentlege dokument, og vil bli lagt ut på postlista til fylkeskommunen slik at dei blir synlege for eksempel media.

Les meir på mrfylke.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Trafikktryggingsprisen

Har du ein god kandidat til trafikktryggingsprisen? Prisen skal vere ein inspirasjon til alle som driv trafikktryggingsarbeid på frivillig basis.

Prisen blir delt ut til organisasjonar, lag eller enkeltpersonar som har gjort eit særleg godt arbeid for trafikktrygging.

Prisen blir overrekt på fylkestinget, og består av eit kunstverk og 15 000 kroner.

Meld inn forslag med ei kort skildring av kandidaten/kandidatane og ei grunngjeving for nominasjonen i skjemaet du finner på mrfylke.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Årets lærling

Kvart år kårar vi årets lærling i Møre og Romsdal.

Prøvenemndene har forslagsrett og kan nominere kandidatar til prisen. Opplæringskontora og lærebedrifter kan også sende inn forslag på aktuelle kandidatar til prisen.

Desse kriteria blir vektlagt:

- Ei særs dugeleg gjennomført fag-/sveineprøve der det blir lagt vekt på fagleg kunnskap og ferdigheit utanom det vanlege.
- Positive eigenskapar som handlag, nøyaktigheit, flid, effektivitet, ressursutnytting og orden. Dette inneber ei heilskapleg vurdering av kandidaten som fagperson.

Kompetanse- og næringsavdelinga v/seksjon opplæring i bedrift og Yrkesopplæringsnemnda vurderer dei innkomne forslaga og kårar ein vinnar i januar.

Årets lærling får 10 000 kroner, diplom og blomster. Lærebedrifta der lærlingen har vært ansatt får også diplom og blomster.

Forslag på kandidatar sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 31. desember det året prøva er avlagt.

Fylkeskommunen tar imot forslag gjennom heile året. Les meir på mrfylke.no

Private / enkeltpersoner
logo
Årets lærebedrift

Kvart år kårar vi årets lærebedrift i Møre og Romsdal.

Opplæringskontor, lærlingar og andre relevante aktørar med grunnlag/fagleg bakgrunn for å nominere kan sende inn forslag. Juryen vil foreta ei totalvurdering av dei nominerte bedriftene og prisen gis til ei bedrift som har utmerka seg i sitt arbeid med lærlingar.

Kriteria som skal ligge til grunn for tildeling av prisen er:

- Bedrifta er godkjent lærebedrift i Møre og Romsdal og har lærling eller lærekandidat.
- Bedrifta har ei positiv utvikling i talet på lærekontraktar eller stabil høg lærlingtettheit over tid.
- Bedrifta legg til rette for eit godt læring- og arbeidsmiljø.
- Bedrifta har høg gjennomføringsgrad for lærlingar og lærekandidatar og få hevingar.
- Bedrifta kvalitetssikrar læreforholdet gjennom dokumentasjon.

Møre og Romsdal fylkeskommune og Yrkesopplæringsnemnda vurderer forslaga som kjem inn og kårar ein vinnar.

Les meir og foreslå kandidat på mrfylke.no

Bedrifter og næringsliv
logo
Miljøprisen

Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut Miljøprisen for særleg verdfullt arbeid innafor områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.

Kven kan få Miljøprisen?

Prisen kan delast ut til personar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for miljøarbeidet i fylket.

Prisen

Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Miljøprisen blir delt ut under fylkestinget i desember.

Meld inn forslag

Meld inn ditt forslag til kandidat på mrfylke.no innan 21.10.2022. Gi ei kort grunngjeving for kvifor du meiner kandidaten bør få prisen.

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Inkludering- og mangfaldsprisen

Kven kan få prisen?

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som

bur i fylket eller har sterk tilknytting til fylket
har tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion 

Prisen

Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Inkludering- og mangfaldsprisen blir delt ut av fylkestinget i april.

Har du eit forslag?

Sjå nettsidane til mrfylke.no for kandidatskjema og frist.

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Fylkesprisen Årets bedrift

Formålet:

Formålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet. Prisen vert delt ut på Fylkestinget. Prisen vart oppretta av Møre og Romsdal fylkeskommune i 1991. Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Kandidatane kan komme frå alle bransjar innan industri, handverk og service.

Kriterium for "Fylkesprisen for Årets Bedrift"

Ved tildeling av prisen vil vi legge vekt på følgande:

- Bedriftsøkonomisk vurdering
- Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region og internasjonalisering)
- Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenlege produkt og miljøvenleg produksjon)
- Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, HMS-profil)

Det blir opna for å sende inn forslag på kandidatar i januar kvart år. Vinnaren blir kåra av kultur, næring og folkehelseutvalet.

Les meir på mrfylke.no

Bedrifter og næringsliv
logo
Fylkeskulturprisen

Kven kan få prisen?

Prisen skal heidre stor innsats for kulturlivet i fylket og kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar som

- høyrer heime i fylket
- har sterk tilknyting til fylket
- viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
- har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping 

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Prisen

Prisen er eit diplom og 50 000 kroner. Fylkeskulturprisen blir delt ut på fylkestinget i desember.

Har du eit forslag?

Meld inn din kandidat med grunngiving i skjemaet, innan laurdag 15. oktober.​ Skjemaet finn du på mrfylke.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Utviklingsstipend i tradisjonshandverk

Stipendet skal fremje utvikling i tradisjonshandverk innan bygningsvern og fartøyvern i Møre og Romsdal. Føremålet er å auke kompetansen innan antikvarisk restaurering og ivaretaking av immateriell kulturarv, gjennom dokumentasjon og utøving av eldre handverkstradisjonar.

Stipendet skal skape stoltheit og merksemd om den sentrale rolla tradisjonsberande handverkarar har i å ta vare på kulturminne og vidareføra den immaterielle kulturarven  i Møre og Romsdal til framtidas generasjonar. 

Stipendet er på 50.000 kroner. I 2022 er søknadsfristen 27. juni. Sjå nettsidane til mrfylke.no for neste frist.

Kven kan søkje?  

Profesjonelle handverkarar som arbeider med eller ønskjer å fordjupe seg i tradisjonelle handverksfag innan bygnings- og fartøyvern. Søkjar må bu og ha sitt virke i Møre og Romsdal fylke. 

Dette inkluderer profesjonelle handverkarar som arbeider med:

- tradisjonshandverk
- verktøymaking knytt til eldre handverksteknikkar 
- dokumentasjon og formidling av immateriell kulturarv innan bygnings- og fartøyvern
- kortreist materialproduksjon 

Det er krav om minimum fullført vidaregåande opplæring med fagbrev/sveinebrev, eller minst 5 års relevant arbeidserfaring. Berre enkeltpersonar kan søkje.  

Kompetansebygging av tradisjonshandverkarar i konkurranseutsette handverksbedrifter vil bli prioritert, men museumshandverkarar tilsett i regionmusea har også moglegheit til å søkje. 

Kva kan stipendet nyttast til og korleis blir desse prioritert?

Stipendet skal gi profesjonelle handverkar moglegheit til utvikling gjennom kompetansehevande tiltak. Stipendet kan til dømes nyttast til dokumentasjon av eldre handverksteknikkar eller dekking av utgifter knytt til utprøving av teknikkar,  opplæring/hospitering eller kursing, inkludert kompensasjon for tapt arbeidsinntekt. 

Stipend vil bli prioritert til tradisjonshandverkarar som vil bruke stipendet i samanheng med konkrete istandsettingstiltak på verna eller freda kulturminne. I tillegg blir følgjande vektlagt: 

- Søkjarar som er tidleg i karrieren  
- Fagleg kompetanse og engasjement   
- Dokumentert evne til å arbeide målretta over tid 
- Deling av kunnskap og kompetanse med andre 
- Ivaretaking av tradisjonelle handverkstradisjonar og kulturarv 
- Det blir ikkje gitt stipend til gjennomføring av offentleg godkjent utdanning som gir rett til studielån. 

Korleis søker eg?

Fyll inn søknadsskjemaet du finn på mrfylke.no med informasjon om søkjar og ei skildring av kva stipendet skal brukast til, og når stipendperioden er tenkt gjennomført. Legg ved bilete, lyd- og/eller videofiler, viss dette er relevant. 

Søknadsfrist

27. juni 2022. Sjå nettsidane til mrfylke.no for neste frist.

Utbetaling, rapportering og villkår for stipend

Stipendet må brukast innan utgangen av 2023, og etter gjennomført stipendperiode må det innan 3 månadar sendast inn ein rapport. Rapporten skal vise korleis stipendet er brukt og kva slags resultat mottakaren har oppnådd i perioden. 

Stipendet kan krevjast tilbakebetalt om stipendmottakar ikkje kan dokumentere at tiltaket er gjennomført i samsvar med søknad og vilkår gitt i tildelingsbrevet. 

Vilkår for stipend

Vilkår for stipendet er tilgjengeleg i på mrfylke.no. Her finn du og søknadsskjema.

Private / enkeltpersoner
logo
Masterstipend innan kultur

For å realisere målet om ein kunnskapsbasert kulturpolitikk lyser vi ut fire stipend à 25 000 kroner til masteroppgåver med tema innan idrett, folkehelse, kulturarv og allmennkultur som frivilligheit, kunst og kulturformidling, likestilling, spillteknologi og digital formidling av kultur.

Avgjersler innan kulturområdet skal vere kunnskaps- og forskingsbasert. Å hente inn ny kunnskap gjennom forsking er ein viktig del av ein kunnskapsbasert praksis. Det er eit mål å legge til rette for forsking og kompetanseutvikling på kulturfeltet og sikre tilfanget av relevant statistikk av høg kvalitet.

Masterstipenda vil bli tildelt studentar som skriv masteroppgåver som kan bidra til kunnskapsbygging om kulturlivet i Møre og Romsdal, og som belyser aktuelle problemstillingar i fylket. Det er ei forventing at studentane som mottek stipend presenterer masteroppgåva si for kulturavdelinga i etterkant av innlevering og bidreg med råd og innspel til kulturavdelinga basert på sitt arbeid. Masteroppgåva må leverast våren 2023.

Tema for masteroppgåvene kan vere:

- Idrett
- Folkehelse
- Allmennkultur, t.d. frivillig sektor, kunst- og kulturformidling, etc.
- Kulturarv
- Kulturelle og kreative næringar
- Likestilling
- Spillteknologi og digital formidling av kultur

Kven kan søke?

Alle masterstudentar som skal levere masteroppgåve våren 2023 ved høgskolar og universitet i Møre og Romsdal kan søke på stipendet.

Korleis søker eg?

Fyll inn søknadsskjemaet du finn på mrfylke.no med kontaktinformasjon og ei kort beskriving av oppgåva.
Last opp søknadsbrev og prosjektskisse.

Kva skal søknadsbrevet og prosjektskissa innehalde?

Søknadsbrevet skal vere ein kort beskriving av din motivasjon og ein kort presentasjon av korleis din oppgåve kan bidra til å auke kunnskapen om ulike tema innanfor kulturfeltet regionalt og nasjonalt.

Prosjektskissa skal innehalde ein framdriftsplan for oppgåva, ei kort utgreiing av tema, aktuell teori og korleis du tenker å gjennomføre datainnsamling og analyse.

Søknadsfrist

15. november

Kva kan fylkeskommunen bidra med?

Fylkeskommunen kan stille med kontor (booking), vere sparringspartnar i utforming av problemstilling og svare på andre aktuelle spørsmål.

Les meir og søk elektronisk på mrfylke.no

Private / enkeltpersoner
logo
Kunstnarstipend

Vi lysar no ut stipend til profesjonelle kunstnarar som bur og har sitt arbeid i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ramma er på 1 000 000 kroner.

Kunstnarstipendet har som formål å:

- bidra til å fremme profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og arbeider i fylket
- stimulere til at kunstnarar etablerer seg i fylket
- gje kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid for å utvikle seg og heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt
- gje kunstnarane høve til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt

Kven kan søke?

Profesjonelle kunstnarar som har vore busett og hatt sitt virke i Møre og Romsdal dei siste tre åra (søknadar frå kunstnarar med noko kortare bu- og arbeidstid kan likevel vurderast).

Søkjar må ha avslutta og kunne dokumentere kunstnarisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå i Noreg eller utlandet. Søkjarar som ikkje har profesjonell kunstfagleg utdanning kan får søknad vurdert dersom dei kan dokumentere tilsvarande kunstfagleg realkompetanse (utstillingar, konsertar, utgivingar m.m.) og profesjonell verksemd som søkarar med formell kunstfagleg utdanning.

Kva kan du nytte stipendet til?

Arbeidsstipend skal gje kunstnarar høve til å vidareutvikle kunsten sin og ha kunstnarleg aktivitet som sitt hovudyrke.
Dei mindre stipenda skal vere eit bidrag til den kunstnarlege verksemda. Det kan mellom anna nyttast til kurs, reiser, fordjuping, material.

Søkar skal berre sende inn ein søknad. Alle søknadar blir vurdert til arbeidsstipend og mindre stipend.

Søknadsfrist

1. april

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 15. januar, i god tid før søknadsfristen 1. april. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Søknaden må innehalde:

Ein kan leggje ved maks 7 vedlegg i tillegg til CV.

1. CV er obligatorisk for alle som søker stipend og skal lastast opp som pdf. Den skal innehalde:

- relevant kunstnarisk utdanning og kurs
- kunstnarisk verksemd og produksjon – både gjennomførte og planlagde prosjekter
- anna relevant informasjon relatert til kunstnarlege verksemd, som tidlegare mottatte stipend og prisar, arbeidserfaring osb.

2. Vedlegga må vere representative for kunstnarskapet og i hovudsak dokumentere nyare arbeid. Fleire kunstverk kan ikkje dokumenterast i ei og same fil. Av omsyn til komiteane som skal vurdere, for å styrke prinsippet om lik behandling, må volum på vedlegg vere avgrensa.

3. Vedlegg til søknaden kan lastast opp eller leggast inn som nettlenkjer. Tekstfiler skal vere lagt ved som PDF. Bilete som jpg-, png-, eller pdf-filer. Video som mp4- eller ogg-filer. Lyd som mp3-filer.

4. Fysiske vedlegg skal ikkje sendast inn.

5. Nettlenker skal vise direkte til det aktuelle materialet. Dersom påloggingsinformasjon er påkravd, må brukarnamn og passord vere oppgitt i teksfeltet til kvart enkelt vedlegg. Materialet må vere tilgjengeleg i minst 6 månader etter søknadsfrist.

6. Vedlegg som dokumenterer ditt kunstnarlege virke kan vere av avgjerande betydning for vurdering av søknaden.

Vilkår for stipend finn du på mrfylke.no

Private / enkeltpersoner
logo
Idrettsstipend

Idrettsstipendet skal bidra til å inspirere unge idrettstalent, gi dei moglegheit til videre satsing og bidra til at dei når sine mål. Klubbar i fylket med god drift og høgt aktivitetsnivå kan søke om idrettsstipend – klubb. Den samla ramma for idrettsstipendet er 150 000 kroner.

Formålet med ordninga er å gi inspirasjon og motivasjon til enkeltutøvarar eller individuelle utøvarar og klubbar til å utvikle seg vidare. Samtidig håpar vi òg å kunne behalde dei unge utøvarane lenger i fylket. Det vil også kunne gi klubbar moglegheit til arbeid med kompetansehevande tiltak eller innkjøp av utstyr. Det delast ut tre stipend og kvart av dei er på 50 000 kroner.

Kven kan søke?

- Unge idrettsutøvar mellom 16–23 år som kan vise til gode prestasjonar innan idrett
- Klubbar i fylket som kan vise til god drift og høgt aktivitetsnivå

Kva kan du bruke stipendet til?

Dersom du mottek idrettsstipendet, kan du for eksempel bruke det til:

- trenarhjelp
- deltaking på trening/treningssamlinger
- deltaking i konkurransar nasjonalt og internasjonalt
- innkjøp av nytt utstyr

Klubbar kan for eksempel bruke stipendet til kompetansehevande tiltak eller innkjøp av utstyr.

Søknadsfrist

13. mai

Korleis søker du støtte?

Vi opnar for nye søknadar 1. april, i god tid før søknadsfristen 13. mai.

For idrettsstipend til enkelutøvar og klubb kan du søke via skjema på mrfylke.no

Vilkår for stipend

Ønsker du å søke om stipend? Alle som ønsker å søke, bør lese retningslinene for stipendet du finn på mrfylke.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til større idrettsarrangement

Denne tilskotsordninga er retta mot dei som planlegg å arrangere ein nasjonal eller internasjonal idrettsmeisterskap, eller cup/stemne på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Dette kan vere NM eller norgescup på nasjonalt nivå, eller EM, VM eller tilsvarande på internasjonalt nivå.

Ramma er på 200 000 kroner.

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).

Søknadsfrist

1.november. Det kan berre søkast om tilskot til arrangement påfølgande år.

Formål

Bidra til at større idrettsarrangement blir arrangert i fylket.  

Tilskota skal gå til meisterskap eller cup på nasjonalt eller internasjonalt nivå.

Kven kan søke?

- Idrettsorganisasjonar som arrangerer meisterskap eller cup på nasjonalt eller internasjonalt nivå
- Ikkje-kommersielle, økonomisk ansvarlege arrangørar i Møre og Romsdal
- Medlemsorganisasjonar i Norges idrettsforbund vil bli prioritert i ordninga.​​​​​​

Kva kan det søkast tilskot til?

- Å dekke kostnadar til å gjennomføre arrangement innan idrett på nasjonalt eller internasjonalt nivå
- Nødvendig arrangementsteknisk utstyr kan inngå i søknaden. Anleggs- og utstyrstilpassing som er nødvendig for tildeling av arrangement kan leggast inn i kostnadene.

Korleis søker du støtte?

Det blir opna for nye søknadar 1. oktober kvart år. Når ordninga er open så kan du søke støtte via regionalforvaltning.no

Søknaden må innehalde

- Namn på arrangør og arrangement, organisasjonsnummer og arrangøren sin kontaktperson
- Stad og dato for arrangementet (inkl. lokale/anlegg og kommune)
- Oversikt over medverkande lag, organisasjonar og andre frivillige
- Konkret beskriving av arrangementet, innhald, plan for gjennomføring, målgruppe, forventa deltakarar og samarbeidspartar
- Beskrive medie- og marknadsføringsplanar for arrangementet, og korleis ei støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune vil bli tydeleggjort
- Kostnads- og finansieringsplan for arrangementet. Dugnaden skal være så spesifisert som mogleg i form av kva som blir gjort på frivillig basis. De kan legge inn dugnadsinnsats som ein del av finansieringa med ein timesats på maks 300 kroner.

Behandling av søknaden

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist.

Vilkår for tilskot

- Tildeling kan maksimalt utgjere 50 prosent av det totale driftsbudsjettet. Dersom rapport viser at den reviderte rekneskapen er lågare enn budsjettert, kan tilskot bli avkorta.
- Søkarar som får kompensasjon for meirverdi (mva.), skal oppgi beløp eksklusiv i søknaden. Dersom dette ikkje blir gjort skal det som eventuelt er utbetalt for mykje (tilsvarande kompensasjonen) betalast tilbake.

Les meir på mrfylke.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Fylkeskommunen deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Ordninga skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er hovudmålgruppa i spelemidelordninga.

Kven kan søke?

Søkarar kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, samvirkeføretak, stiftingar eller andre samanslutningar. Anlegget må som hovudregel vere del av ein kommunal plan som omfattar idrett og fysisk aktivitet.

Kva kan du søke tilskot til?

Du kan søke om tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg aktivitet og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.

- For ordinære anlegg og rehabilitering – minimumskostnad 150 000 kroner
- For nærmiljøanlegg – minimumskostnad 50 000 kroner

Søknadsfrist:

Alle kommunar har eigne søknadsfristar, så hugs å sjekke søknadsfrist for din kommune. Fylkeskommunen må ha motteke søknaden frå kommunen innan 15. januar.

Korleis søker du støtte:

Støtteordninga opnar for nye søknadar i midten av juni. Når ordninga er open kan du søke støtte via Anleggsregisteret.no, sjå lenke på mrfylke.no. Her har kommunane høve til å følge med på saksbehandlinga.

Tildeling av spelemidlar blir vedtatt i kultur-, næring- og folkehelseutvalet i juni kvart år.

Søknaden må innehalde:

- Målsette teikningar
- Kostnadsoverslag for prosjektet
- Dokumentasjon av verdi på eventuell dugnad
- Dokumentasjon på finansieringa av prosjektet
- Eventuell dokumentasjon av større prosjektkostnadar
- Dokumentasjon på at søkjar kan nytte grunnen der det skal byggast/rehabiliterast anlegg

Vilkår for tilskot:

Sjå fullstendige vilkår på mrfylke.no

Ved innsending av søknad om spelemidlar samtykkar søkjar om at de har gjort seg kjent med gjeldande vilkår og retningsliner.

Organisasjoner og foreninger
logo
Yrkesfagleg rekvalifisering

Formål

Formålet med ordninga er å mobilisere personar med godkjent studie- eller yrkeskompetanse til å ta eit nytt fagbrev. Dette skal medverke til at verksemder i privat og offentleg sektor kan møte dagens og framtida sitt kompetansebehov og samtidig styrke varig tilknyting til arbeidslivet for den tilsette.

Kven kan søke? 

Det er lærebedrifta eller kommunen som kan søke og vil få utbetalt midlane.

Kva kan det søkast støtte til?

Det kan søkast støtte ved teikning av lærekontrakt for kvalifisering til nytt fagbrev eller fagbrev etter fullført studiekompetanse.

Eksempel på utgifter som støtta kan brukast til: kursavgift, organisering og gjennomføring av opplæring, utgifter til fagprøve og eksamen. Det kan søkast støtte om 65 000 kroner per kandidat.

Søknaden må innehalde: 

* Kompetansebehovet i lærebedrifta
* Oversikt over kandidatar som ønskjer å ta fagbrev 
* Opplæringsplan for kandidatar det søkast midlar for 

Dersom det er mange søkarar med få år att i arbeidslivet, vil fylkeskommunen vurdere å innføre øvre aldersgrense.  

Lærekontrakt 

Når bedrifta teiknar lærekontrakt med tilsette som skal ta nytt fagbrev eller lærekontrakt etter fullført studiekompetanse, vil det følge basistilskot 2 med kvar kontrakt. Basistilskot 2 utgjer 5 452 kroner pr månad. Støtta frå ordninga «Yrkesfagleg rekvalifisering» kjem i tillegg til basistilskot 2.

Send søknad gjennom regionalforvaltning. Lenke finn du på mrfylke.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til forprosjekt i MobPro

Formål:

Ordninga skal bidra til å auke forskingsbasert innovasjon i privat og offentleg sektor. MobPro er ein del av Forskingsrådet sitt program for forskningsbasert innovasjon i regionane (FORREGION).

Kva kan du søke tilskot til?

- Bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal med liten eller ingen erfaring med forsking og utvikling kan søke om forprosjektmidlar på inntil 250 000 kroner til kjøp av tenester frå eit forskingsmiljø.

- Forprosjektet må vere knytt til utvikling av «mogleggjerande teknologiar» eller «berekraftig og smarte løysingar», og ha eit tydelig innovasjons- og forskingsinnhold.

- Forprosjektmidlane kan ikkje bli brukt til skriving av søknadar til andre program eller støtteordningar. Det er bedrifta som søker, ikkje FoU-institusjonen.

Sjå utlysinga hos forskingsrådet.

Kven kan søke?

Bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal. Ta kontakt med ein kompetansemeklar før du søker.

Søknadsfrist:

Det er løpande søknadsfrist.

Korleis søker du:

Bruk søknadsskjemaet du finn på mrfylke.no

Send søknaden på e-post til prosjektleiar Øyvind Herse. Han vurderer søknaden før den blir sendt til forskingsrådet for endeleg godkjenning. Prosessen tar vanlegvis ein månad.

Les meir og søk elektronisk på mrfylke.no

Bedrifter og næringsliv
logo
Støtte til forskingsprosjekt

RFF Møre og Romsdal er eit ordning for å styrke forskingsevna i Møre og Romsdal gjennom tilskot til forskingsprosjekt og mobilisering til auka FOU-innsats. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga.
 
Satsingsområde for RFF Møre og Romsdal i perioden 2020 - 2023: 

- Berekraft og det grøne skiftet – prosjekt retta mot berekraftig ressursutnytting, nye produkt og prosessar som minimerer klimaavtrykket samtidig som det skaper nye forretningsmoglegheiter. 
- Mogleggjerande teknologiar – prosjekt der utvikling og bruk av digitalisering og nye teknologiar kjem til praktisk og kommersiell nytte i arbeids- og næringslivet.
- Havrommet – prosjekt som bidrar til innovasjon, kunnskapsutvikling og styrka konkurransekraft i maritime og marine næringar.
- Innovasjon i offentleg sektor – prosjekt som bidrar til innovasjon, kunnskapsutvikling og betre tenesteyting i kommunal sektor gjennom samarbeid med FoU-miljø, næringsliv og andre offentlege aktørar.
- Samspel over bransje- og sektorgrenser – prosjekt som stimulerer til kunnskapsdeling og innovasjon på tvers av bransjar og mellom offentleg og privat sektor
- Styrke forskingsmiljøa – prosjekt som bidrar til auka kunnskapsutvikling, forskingskapasitet og –infrastruktur på dei områda som arbeids- og næringslivet etterspør.

Gå til nettsida til RFF Møre og Romsdal for å sjå aktuelle utlysingar; www.regionaleforskningsfond.no/more-og-romsdal/

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Støtte til forskar-mobilitet

Mobilitetsordninga skal stimulere til utveksling av fagfolk mellom næringsliv og akademia. Ordninga skal bidra til at høgskolar og universitet i Møre og Romsdal blir meir praksisnære og relevante. Ordninga skal også gi bedrifter og kommunar i regionen moglegheit til å bruke studentar og tilsette ved FoU-miljø i ein kortare periode for å utføre eit bestemt FoU-arbeid.

Følgande tiltak er tilgjengelege i mobilitetsordninga i Møre og Romsdal:

For FoU-miljø

- Gjesteforelesarar. Fagfolk frå næringslivet kan bli leigd inn for å halde gjesteforelesing. Vi kan dekke honorar, reiser og liknande på inntil 25 000 kroner.
- II-ar stilling frå næring/kommune. Fagperson frå næringsliv eller kommune kan engasjerast i 12 månader (20 % stilling) for å drive forsking eller undervisning ved ein FoU-institusjon. Inntil 100 000 kroner i støtte.

For næringsliv og kommunar:

- Studentmobilitet. Bachelor- og masteroppgåver utført i bedrift/kommune for å stimulere til næringsretta studentarbeid. Støtte til reise, utstyr og liknande i samband med oppgåva. Inntil 10 000 kroner i støtte pr student.
- Forskar til låns i bedrift. Ei bedrift engasjerer ein forskar med PhD til å arbeide med forsking- og utviklingsaktivitet i bedrifta i 3 – 6 månader. Kan ikkje brukast i pågåande prosjekt som har fått støtte. Dekker 100% av personalkostnadane inntil 200 000 kroner.
- Forskar til låns i kommune. Ein kommune engasjerer ein forskar med PhD til å arbeide med forskings- og utviklingsaktivitet i kommunen i 3 – 6 månader. Kan ikkje brukast i pågåande prosjekt som har fått støtte. Dekker inntil 100 000 kroner av personalkostnadane.

Les meir og søk elektronisk på forskningsradet.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Stimuleringstilskot til lærebedrifter

Denne tilskotsordninga er i hovudsak retta mot utsette bransjar og bedrifter som har lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar som er eller står i fare for å bli permittert, eller som står i fare for å miste læreplassen.

Formål

Formålet med ordninga er at elevar får læreplass og at lærlingar kan behalde læreplassen.

Kva kan du søke tilskot til?

Tilskotet skal brukast til tiltak retta mot lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar som er/står i fare for å bli permittert eller miste læreplassen. Målet med tiltaka skal vere at desse får kome tilbake eller behalde læreplassen sin. Tiltaka skal også bidra til å auke inntaket av lærlingar. 

Søknaden må innehalde ei beskriving av bedrifta sin situasjon grunna pandemien, og tiltaka må vere godt grunngjeve.  Søknadar om å dekke kostnader til løn, arbeidsklede og verktøy eller tidlegare kostnadar blir ikkje innvilga.

Tiltak som går under tilskotsordninga kan vere:

- Tiltak som bidrar til at lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar får fullført læreløpet i bedrift.

- Tiltak knytt til inntak av lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar. Det kan for eksempel vere tilskot for auka inntak av lærlingar (inntil 25 000 kroner pr. lærling), overførte lærlingar frå andre bedrifter (inntil 30 000 kroner pr. lærling) eller tilskot til nye lærebedrifter ved inntak av lærling (inntil 25 000 kroner pr. lærling).

Kven kan søke?

Frittståande lærebedrifter og medlemsbedrifter i opplæringskontor kan søke om tilskot.

Søknadsfrist:

Midlane blir tildelt løpande og så langt ramma rekk. Møre og Romsdal fylkeskommune vil gjere skjønnsmessige vurderingar av søknadane.

Les meir og søk elektronisk på mrfylke.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Skaparkraft - Forprosjekt nye utdanningstilbod

Formål med ordninga

Ordninga skal støtte opp om utvikling av nye utdanningstilbod som er særleg relevante for å møte kompetansebehovet i arbeidslivet i Møre og Romsdal. Ordninga skal anten kvalifisere prosjekt frå Møre og Romsdal til å nå opp i nasjonale utlysingar om nye utdanningstilbod, eller danne grunnlag for oppretting av nytt tilbod.

Kva kan du søke tilskot til?

Støtte til å utvikle nye utdanningstilbod som er relevante for arbeidslivet i Møre og Romsdal. Det er føresetnad om at prosjekt som skal få støtte frå ordninga har eit samarbeid mellom utdanningstilbydarar og arbeidslivet.

Nye utdanningstilbod kan vere innanfor:

- Universitet og høgskole
- Høgare yrkesfagleg utdanning (fagskole)
- Vidaregåande opplæring

Med nye utdanningstilbod meiner fylkeskommunen både utvikling av nye emne og fag, men også nye måtar å tilby eksisterande utdanningstilbod på som er tilpassa behova i arbeidslivet.

Eksempel på kostnadar som ein kan få støtte til:

- Kartlegging av kompetansebehov i arbeidslivet, for eksempel behovet i ein bransje/næring/sektor
- Utgreiing av innhaldet i eit nytt utdanningstilbod
- Samarbeid mellom utdanningstilbydar og arbeidsliv om utvikling av nye tilbod, til dømes prosjektleiing, møtekostnadar

Forprosjektmidlar kan ikkje nyttast til:

- Drift av nye tilbod
- Marknadsføring eller drift av eksisterande utdanningstilbod

Fylkeskommunen kan støtte maksimalt 50 prosent av totale kostnadar, inntil 400 000 kroner

Kven kan søke?

Både representantar frå utdaningstilbydarar (universitet/høgskolar, fagskolar, vidaregåande skular, ressurssenter) og organisasjonar som representerer arbeidslivet, kan søke. Det er ein føresetnad at både utdanningstilbydarar og arbeidslivet er med i prosjektet

Søknadsfrist

Søknadsfrist er løpande gjennomåret. Søknaden må vere sendt innan 15. november for behandling inneverande år. 

Korleis søker du:

Søk via søkeportalen Regionalforvaltning.no. Støtteordninga heiter 'Skaparkraft - Forprosjekt nye utdanningstilbod'.

Les meir på mrfylke.no og på regianalforvaltning.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Kommunalt næringsfond

Kommunalt næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i berekraftsfylket Møre og Romsdal. Støtte frå næringsfondet skal utløyse vekstpotensialet i lokale bedrifter og bidra til å nå kommunane sine mål for lokalsamfunnet. 

Det kan bli gitt støtte til bedrifter, nyetablerarar eller samarbeid mellom bedrifter. Søkar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret.

Tiltak som får støtte frå næringsfondet må bidra til å skape nye, eller sikre eksisterande arbeidsplassar.

NB. Det er kommunen som forvaltar denne ordninga. Ta derfor kontakt med kommunen din dersom du har spørsmål.

Søknad om støtte frå kommunalt næringsfond skal leverast i søkeportalen regionalforvaltning.no

Retningslinjer for kommunale næringsfond i Møre og Romsdal finner du på mrfylke.no

Bedrifter og næringsliv
logo
hoppid.no-midlar

Generelt om hoppid.no - avklaringsmidlar

Formål

hoppid.no - avklaringsmidlar skal bidra til målet om fleire og betre nyetableringar i Møre og Romsdal.

hoppid.no - avklaringsmidlar skal hjelpe nyetablerarar å gjennomføre enkle, men avgjerande, aktivitetar for å avklare vidare satsing. 

Økonomisk ramme, tildeling og forvalting

Midlar til hoppid.no - avklaringsmidlar kan løyvast årleg frå fylkeskommunen sine regionale utviklingsmidlar. Samla beløp og fordeling til hoppid.no kommunar vert bestemt politisk i eiga sak i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet. Ramme til hoppid.no - avklaringsmidlar blir fordelt på kommunar som har gyldig partnarskapsavtale i hoppid.no.

Ramma blir fordelt til kommunane etter følgande modell:

1. Eit likt grunnbeløp til kvar kommune
2. Restbeløp fordelt etter tal innbyggjarar i kommunane.
3. Tilleggsløyving til kommunar med særleg høg arbeidsløyse.

Ramma blir forvalta av den kommunen har gitt rolle som hoppid.no-kontor, som også har vedtaksmynde for tildeling. Saksbehandlinga skal følgje forvaltningslova.

Rapportering og utbetaling

Rapportering for kvart år skal sendast kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune innan 25. januar påfølgande år. Rapporten skal innehalde opplysningar om forbruk, mottakar av tilskot og resultat. Rapportering skal skje via hoppid.no si digitale plattform.

Utbetaling krev at rapportering for føregåande år er motteken og godkjend. Ubrukt ramme kan overførast til neste år. Dersom ein kommune over tid akkumulerer tildelte midlar, eller nyttar midlane i strid med retningsliner for bruk, vil tildelinga bli redusert. Ubrukte midlar kan flyttast over til ein annan kommune eller til andre hoppid.no-kontor i kommunen etter søknad til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møre og Romsdal fylkeskommune kan når som helst få innsyn i kommunane si forvaltning av hoppid.no - avklaringsmidlar.

Enkeltvedtak - tildeling av midlar til nyetablerarar

Målgruppe

Etablerarar med forretningsidear i ein tidleg fase. Tilskotet skal nyttast til aktivitetar som kan avklare organisering, marknadspotensiale, lønsemd, og andre spørsmål som kan avgjere vegval og framdrift for bedriftsetableringa.

Tilskotsgrunnlag

Grunnlag for vedtak om tilskot er framlagt budsjett, som viser utgifter som må betalast for aktivitetar innanfor formålet for ordninga.

Beløp

Det kan gjevast inntil 30 000 kroner i tilskot per forretningside.

Rapportering frå tilskotsmottakar

Tilskotsmottakar skal dokumentere utgifter i høve til budsjett som var grunnlag for tilskotet, og skildre resultat av tiltaket.

Utbetaling

Den som har vedtaksmynde avgjer utbetalingstidspunktet.

Les meir på https://mrfylke.no/hoppid.no

Bedrifter og næringsliv
logo
Bedriftsintern opplæring (BIO)

Formål:

Tilskot til bedriftsintern opplæring skal bidra til å motverke utstøyting frå arbeidslivet ved å styrke kompetansen til tilsette i bedrifter som har omstillingsproblem, og som på bakgrunn av desse må foreta ein vesentlig endring av bedrifta sin produksjon eller etablere seg på nye marknader.  

Kva kan du søke tilskot til?

Bedriftsintern opplæring skal innehalde teori, eventuelt kombinert med praktisk trening. Det vert berre gitt tilskot til opplæring som kjem i tillegg til bedrifta si ordinære opplæring. Det vert ikkje gitt tilskot om det er knytt bindingstid til opplæringa, eller om opplæringa er obligatorisk for at tilsette skal oppfylle fastsette nasjonale krav.
 
Det vert berre gitt tilskot til gjennomføring av opplæring av eigne tilsette. Det vert ikkje gitt tilskot til bedriftsintern opplæring for tilsette som er 100 prosent permittert. Delvis permitterte kan delta i opplæringstiltak i den tida dei er i jobb.

Kriterium for ordninga finn du i "Retningslinjer for BIO-ordninga 2022".

Maksimalt støttebeløp per prosjekt er 1 mill. kroner. 

Kven kan søke?

Bedrifter i Møre og Romsdal med omstillingsproblem.

Søknadsfrist:

Løpande gjennom året. 

Søknaden må vere sendt innan 30. november 2022 for behandling i 2022.

Korleis søker du:

Fylkeskommunen tilbyr alle potensielle søkarar eit møte i forkant av innsendt søknad for å diskutere bakgrunn og innhald i prosjektet. Søk elektronisk via regionalforvaltning.no

Les meir på mrfylke.no.

Bedrifter og næringsliv
logo
Tilskot til kulturrabatt for ungdom

Alle innbyggarar, uansett etnisk og kulturell bakgrunn, skal ha tilgang til eit kulturtilbod med høg kvalitet, aktualitet og relevans. Tiltak som gir unge menneske gode kulturopplevingar er eit viktig mål i kulturpolitikken.

Ramma er på 1 200 000 kroner i 2022.

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).

Søknadsfrist

15. januar

Formål

Tilskotsordninga skal stimulere til at ungdom i alderen 15–20 år busett i Møre og Romsdal får kjennskap til eit breitt kultur- og idrettstilbod. Ordninga gir ungdommane rabatt på billett hos arrangørar som fylkeskommunen har inngått avtale med.

Det oppmodast til å gi rabatt gjennom digitalt billettsystem for å nå ut til flest mogleg ungdom.

Kven kan søke?

Arrangørar av kultur- og idrettsarrangement i Møre og Romsdal.

Kva kan det søkast tilskot til?

- Arrangørar kan søke tilskot for å kunne gi rabatt til ungdommar i aldersgruppa 15-20 år
- Tilskotet blir formalisert gjennom ein avtale, som gjer at arrangørane sin rabatt blir refundert av fylkeskommunen. Sjå kva for vilkår som gjeld for ordninga på mrfylke.no.
- Det er ikkje høve til å gi rabatt på kjøp av sesongkort, kursavgift og medlemsavgift.
- Det blir vektlagt at tilskota blir fordelt med omsyn til type arrangement og geografi

Korleis søker du?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 1.november. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning.

Søknaden må innehalde

- Namn på arrangør, kontaktperson, adresse og organisasjonsnummer
- Kontonummer
- Type arrangement/aktivitet
- Billettpris ungdom i alderen 15–20 år og rabatt på billetten
- Søknadssum basert på eit estimat av selde billettar for 2023 for ungdom i alderen 15–20 år
- Skildring av korleis du vil marknadsføre Kulturrabatt for ungdom

Behandling av søknaden

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist
Tildelingsbrevet gir opplysningar om eventuelt tildelt maksimal sum for rabattar som fylkeskommunen refunderer, og vilkår som må vere oppfylte før utbetaling skjer. 

Informasjon om vilkår, klagerett og synleggjering finn du på mrfylke.no. Her finn du og lenke til elektronisk søknadsskjema.

Organisasjoner og foreninger
logo
Møremusikarordninga

Arrangør får gjennom denne ordninga tilskot til honorar og reisekostnader for profesjonelle musikarar.

Profesjonell kunst- og kulturformidling skal gi innbyggarane eit relevant og mangfaldig kulturtilbod gjennom heile livet. Fylkeskommunen skal i samarbeid med andre legge til rette for gode rammevilkår for både kunstnarar, frivilligheita og aktørar i feltet.

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).

Ramma er på 1 300 000 kroner. 

Søknadsfrist

15.januar, 15.mars, 15.mai, 15.august, 15.oktober

Formål

Formålet er å sikre gode profesjonelle musikktenester til kulturlivet og å legge til rette for kulturarrangement med høg kvalitet i Møre og Romsdal. Ved å støtte opp om dei profesjonelle musikarane sin kunstnarlege aktivitet legger ordninga til rette for at fleire kan bu og leve av kunsten sin i fylket.

Kven kan søke?

- Konsertarrangørar
- Kulturinstitusjonar
- Det frivillige musikklivet
- Det lokale næringslivet
- Andre organisasjonar

Kva kan det søkast tilskot til?

Bruk av profesjonelle musikarar som medverkar i/med:

- alle typar konsertar
- instruksjonsoppdrag
- akkompagnement
- arrangering og komponering i samband med konsertar
- assistansespel i amatørensemble
- profesjonelle ensemble
- kulturelle innslag ved til dømes kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd

Kommunar inklusiv kulturskolar, fylkeskommunen, undervisningsinstitusjonar og private arrangement kan ikkje få tilskot.

Møremusikarar

Oversikt over Møremusikarar finn du på mrfylke.no

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga er open for nye søknadar heile året. Du søker støtte via regionalforvaltning.no

Søknaden må innehalde

- Namn på arrangør, kontaktperson, arrangement og organisasjonsnummer
- Stad og dato for arrangementet (inkl. lokale og kommune)
- Kort beskriving av arrangementet, innhald, plan for gjennomføring, målgruppe, forventa deltakarar, samarbeidspartar, program
- Arrangementstype til dømes ulike konsertar, assistansespel, instruksjon, seminar
- Namn på profesjonelle musikarar ein ønskjer eller har avtalt å leige inn samt eventuelle frivillige som skal stå på scena saman med profesjonelle musikarar
- Budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnads- og finansieringsplan). Musikarhonorar og forventa kostnader til reise må også kome fram
- Framdriftsplan (tidsplan for tiltaket).

Les meir om søknad, prioriteringar og vilkår på mrfylke.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur

Tilskotsordninga gjeld tilskot til produksjon og til formidlinga av prosjekt, for aktørar og/eller aktivitetar i det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Møre og Romsdal fylke.

Ramma er på 1 million kroner. 

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4). 

Søknadsfrist

1. oktober

Formål

Vidareutvikle eit mangfaldig og tilgjengeleg profesjonelt kunst- og kulturtilbod for befolkninga ved å: 

- stimulere til auka kunstfagleg produksjon av høg kvalitet  
- stimulere til auka kunstfagleg formidling av høg kvalitet 
- gi utøvarar innan alle uttrykk moglegheit å arbeide med gode prosjekt 
- stimulere til auka visning av kunst og kultur i heile fylket 

Kven kan søke?

Profesjonelle kunstnarar og kunstnarlege fagmiljø innan alle kunstuttrykk og sjangrar.  

Kunst- og kulturinstitusjonar med vesentleg offentleg støtte kan vere samarbeidspart i prosjektet, men ikkje stå som søkar. 

Det blir ikkje gitt tilskot til amatørverksemd, men det kan bli gitt tilskot til profesjonelle sitt bidrag i samarbeidsprosjekt mellom profesjonelle og amatørar. 

Alle søkjarar må vere folkeregistrert i Møre og Romsdal.  

Kva kan det søkast tilskot til?

- Produksjon og utvikling av åndsverk som eit publikum skal oppleve og/eller delta i: Produksjon og ferdigstilling av materiale / Tilrettelegging og distribusjon 
- Produksjon og formidling av lydopptak, konsertverksemd og komponering (til dømes innspeling og turné) 
- Produksjon og formidling av scenekunst 
- Manusutarbeiding og andre former for tekstproduksjon 
- Produksjon og formidling av film 
- Produksjon og formidling av visuell kunst, som til dømes foto, biletkunst, kunsthandverk, performance 
- Samansette prosjekt som fell innanfor kategoriane nemnt ovanfor 

Det kan ikkje søkast støtte til:

- Pilot- og forprosjekt
- Kostnadar til teknisk bistand og utstyr og innkjøp av rekvisittar
- Seminar, studiereiser eller utgifter til kurs/utdanning

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. september. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning

Søknaden må innehalde

- Skildring av tiltaket og korleis det skal gjennomførast.
- Budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnad- og finansieringsplan).
- Framdriftsplan (tidsplan for tiltaket).
- CV på alle deltakarar i prosjektet
- Oversikt over materiale som er relevant for prosjektet

Alle vedlegg skal vere digitale og tilgjengelege i minimum 6 månadar etter søknadsfrist. Hugs å gi opp passordet til lenker til filmar i Vimeo. Eventuelle nettlenker må peike direkte til det aktuelle relevante materialet.

Les meir om søknad, vilkår, klagerettt og synleggering på mrfylke.no. Her finn du og lenke til elektronisk søknadsskjema.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post