Formål:
Tilskot til bedriftsintern opplæring skal bidra til å motverke utstøyting frå arbeidslivet ved å styrke kompetansen til tilsette i bedrifter som har omstillingsproblem, og som på bakgrunn av desse må foreta ein vesentlig endring av bedrifta sin produksjon eller etablere seg på nye marknader.
Kva kan du søke tilskot til?
Bedriftsintern opplæring skal innehalde teori, eventuelt kombinert med praktisk trening. Det vert berre gitt tilskot til opplæring som kjem i tillegg til bedrifta si ordinære opplæring. Det vert ikkje gitt tilskot om det er knytt bindingstid til opplæringa, eller om opplæringa er obligatorisk for at tilsette skal oppfylle fastsette nasjonale krav.
Det vert berre gitt tilskot til gjennomføring av opplæring av eigne tilsette. Det vert ikkje gitt tilskot til bedriftsintern opplæring for tilsette som er 100 prosent permittert. Delvis permitterte kan delta i opplæringstiltak i den tida dei er i jobb.
Maksimalt støttebeløp per prosjekt er 1 mill. kroner.
Kven kan søke?
Bedrifter i Møre og Romsdal med omstillingsproblem.
Søknadsfrist:
Løpande gjennom året.
Korleis søker du:
Fylkeskommunen tilbyr alle potensielle søkarar eit møte i forkant av innsendt søknad for å diskutere bakgrunn og innhald i prosjektet. Søk elektronisk via regionalforvaltning.no
Les meir på mrfylke.no.