Vaksdal kommunes støtteordninger

Vaksdal kommune tilbyr sine innbyggere flere offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Vaksdal kommune.

Les mer om Vaksdal kommunes støtteordninger
Fakta asdf
Antall utdelinger
Ikke spesifisert
Årlig utdeling
10.000 NOK (Inntil)
Se alle fakta
Organisasjonsprofil
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (10)
logo
Vaksdal kommunes kulturstipend

Kommunestyret deler hvert år ut stipend på inntil kr. 10.000,- til ungdom under utdanning (fra 15 år), tilhørende i Vaksdal kommune, som engasjerer seg innenfor kulturområdet. 

Kulturstipendet blir tildelt til personer som ønsker å utvikle særlige evner innenfor musikk, idrett eller kunst eller som legger ned et stort arbeid innen kulturlivet i kommunen. 

Stipendet blir kunngjort på Vaksdal kommunes hjemmeside, samt i lokalpressen. 

Stipendet blir tildelt på grunnlag av:
a. personlig søknad
b. søknad fra andre

Ved behandling av søknadene blir det lagt vekt på at søkeren har en plan for bruken av midlene. Mottakeren skal gi en kort skriftlig tilbakemelding om hvordan stipendet har vært utnyttet. 

Formannskap/plan- og økonomiutvalget gjør endelig vedtak om hvem som skal tildeles stipend.

Les mer på vaksdal.kommune.no.

Private / enkeltpersoner
logo
Kulturpris

Vaksdal kommune innstiftar ein årleg kommunal kulturpris f.o.m. året 1979. Prisen er ein gåvesjekk på kr 10 000 og eit måleri.

Prisen vil kvart år verta delt ut på Daledagane. Prisen kan gjevast til einskilde personar, lag eller institusjonar, som har gjort seg fortente til ei utmerking, anten for spesielle tiltak, eller god og trufast innsats for å fremja kulturlivet i kommunen.

Rådmannen vil kvart år i mars månad oppmoda lag og einskild personar, gjennom media, om å gjera framlegg innan april månad på kandidatar til kulturprisen. Formannskap/plan- og økonomiutvalet gjer endeleg vedtak om kven som skal tildelast prisen.

Formannskap/plan- og økonomiutvalet kan også vedta at det einskilde år ikkje skal delast ut pris eller at det kan delast ut meir enn ein pris når særskilde tilhøve tilseier det.

Formannskap/plan- og økonomiutvalet skal leggja til grunn ei svært vid tolking av ordet kultur i si vurdering ved tildeling av prisen.

Prisen må kunna oppfattast som ei utmerking av god innsats gjennom lengre tid, men også som eit prov på at særlege kulturtiltak vert verdsett, og såleis at det inspirerer til vidare arbeid for fornying av kulturlivet i kommunen vår.

Har du forslag til kven som bør få kulturprisen?

Send forslaget til: post@vaksdal kommune.no

Les meir på vaksdal.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Spelemidlar

Kven kan søkje?

Søknadsberettiga er i hovudsak kommunar, idrettslag, enkelte friluftslivsorganisasjonar og velforeiningar. Andre søkjarar kan og bli godtatt etter godkjenning av laget sine vedtekter.

Kva kan støttast?

Det kan søkjas om midlar til bygging og rehabilitering av ulike typar anlegg for organisert idrett, enkelte friluftslivsanlegg og anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Dei viktigaste målgruppene til idrettsføremål er born og ungdom (6-19 år).

Vil du søkje tilskot til anlegg for idrett/ fysisk aktivitet eller løypetiltak, ta gjerne kontakt med oss før du søkjer.

Korleis søkje?

Søknadsskjema og informasjon om søkjeprosessen finn du på anleggsregisteret.no.

Innlogging er via ID-porten.

Kan eg fornye eller gjenta søknad som er send tidlegare?

Då må du ha referansenummeret på den tidlegare innsende søknaden. Det finnar du på kvitteringa du fekk ved innsending. Dersom du ikkje finn referansenummeret, ta kontakt med oss.

Krav til søkjar

For å få rett til grunnstønad til kulturarbeid i Vaksdal kommune vert følgjande kriterium lagt til grunn:

- Laget må vere lokalisert i Vaksdal kommune.
- Laget/aktiviteten må vere open for alle. Avgrensingar i alder er tillat.
- Laget må vere aktivt.
- Laget må leggje opp til eigenaktivitet, skaping, framføring, utøving, formidling eller tileigning av ferdigheiter/kunnskapar. Berre samkome er ikkje nok.
- Laget må sende inn godkjent årsmelding og rekneskap for drifta ved søknad om stønad.
- Laget må skaffe seg inntekt på annan måte enn ved kommunal stønad.
- Tilskot vert tildelt etter vurdering av medlemstal, driftskostnad, alderssamansetning og aktivitetsnivå.
- Interesseorganisasjonar, ideelle organisasjonar, livssynsorganisasjonar, partipolitiske lag og liknande kan berre få tilskot i samband med einskilde kulturarrangement.

Les meir og søk elektronisk på vaksdal.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til idrettslag

Tilskotet vert gjeve til drift av barne- og ungdomsaktivitetar etter tilråding frå Idrettsrådet. Idrettsrådet held av ein pott til felles tiltak, som vert fordelt etter søknad. Tilskotet vert gjeve til idrettsgreiner innanfor definisjon til Norges Idrettsforbund (NIF).

Tilskot til Vaksdalsmeisterskap vert gjeve etter tilråding frå Idrettsrådet, som mellom anna ser på kostnaden med arrangementet for dei ulike idrettsgreinene og talet på deltakarar. Idrettslaga får fritt nytta kommunale idrettsanlegg mot at dei betalar for renovasjon og reinhald. 

Utbetaling skjer to gongar kvart år. 75 % av tilskotet vert tildelt i april, søknadsfrist for resterande tilskot er 1. september.

Krav til søkjar
For å få rett til grunnstønad til kulturarbeid i Vaksdal kommune vert følgjande kriterium lagt til grunn:

- Laget må vere lokalisert i Vaksdal kommune.
- Laget/aktiviteten må vere open for alle. Avgrensingar i alder er tillat.
- Laget må vere aktivt.
- Laget må leggje opp til eigenaktivitet, skaping, framføring, utøving, formidling eller tileigning av ferdigheiter/kunnskapar. Berre samkome er ikkje nok.
- Laget må sende inn godkjent årsmelding og rekneskap for drifta ved søknad om stønad.
- Laget må skaffe seg inntekt på annan måte enn ved kommunal stønad.
- Tilskot vert tildelt etter vurdering av medlemstal, driftskostnad, alderssamansetning og aktivitetsnivå.
- Interesseorganisasjonar, ideelle organisasjonar, livssynsorganisasjonar, partipolitiske lag og liknande kan berre få tilskot i samband med einskilde kulturarrangement.

Les meir og søk elektronisk på vaksdal.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til song og musikklag

Tilskot gis etter tilråding frå Vaksdal Musikkråd. Skulekorpsarbeidet og aktivitetar for born og unge vert prioritert område. 


Tilskot til instrument - søknadsfrist er 1. mai (OBS! eige søknadsskjema sendast til Vaksdal musikkråd - skjema finn du på vaksdal.kommune.no).

Tilskotet skal bidra til at korps og kor i kommunen får høve til å fornye og utvikle instrumentparken sin. Vaksdal musikkråd har utarbeidd følgjande retningsliner:

- Det er ein føresetnad for tildelinga at korpset/koret held til i Vaksdal kommune og er aktivt medlem i Vaksdal musikkråd.
- Einskildpersonar kan ikkje søkja.
- Tilskotet skal gå til kjøp av instrument, ikkje til anna drift. Instrumentkjøpet skal dokumenterast i ettertid, og tildelt tilskot må brukast innan året er slutt.
- Tilskotet skal ikkje dekkje heile kjøpesummen. Skulekorps/barnekor kan få dekkja inntil 75% av kjøpesummen, vaksenkorps/vaksenkor kan få dekkja inntil 65% av kjøpesummen. Ved kjøp av einskildinstrument med innkjøpspris på kr. 40.000,- eller meir, kan laget søkje om å få dekkja inntil 80% av kjøpesummen. Søkjarar må ha ein plan for eigenfinansiering av restbeløpet. Denne planen skal vere inkludert i søknaden.
- Søknaden vert å sende på eige søknadsskjema
- Vaksdal musikkråd utarbeider ei innstilling. Søknadene vert så handsama administrativt i Vaksdal kommune.

Krav til søkjar

For å få rett til grunnstønad til kulturarbeid i Vaksdal kommune vert følgjande kriterium lagt til grunn:

- Laget må vere lokalisert i Vaksdal kommune.
- Laget/aktiviteten må vere open for alle. Avgrensingar i alder er tillat.
- Laget må vere aktivt.
- Laget må leggje opp til eigenaktivitet, skaping, framføring, utøving, formidling eller tileigning av ferdigheiter/kunnskapar. Berre samkome er ikkje nok.
- Laget må sende inn godkjent årsmelding og rekneskap for drifta ved søknad om stønad.
- Laget må skaffe seg inntekt på annan måte enn ved kommunal stønad.
- Tilskot vert tildelt etter vurdering av medlemstal, driftskostnad, alderssamansetning og aktivitetsnivå.
- Interesseorganisasjonar, ideelle organisasjonar, livssynsorganisasjonar, partipolitiske lag og liknande kan berre få tilskot i samband med einskilde kulturarrangement.

Les meir og søk elektronisk på vaksdal.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til barne- og ungdomsarbeid

Tilskot til barne- og ungdomslag omfattar lag som driv aktivitetar primært for barn og ungdom.

Søknadsfrist til barne- og ungdomsarbeid er 1. mai kvart år.

Krav til søkjar

For å få rett til grunnstønad til kulturarbeid i Vaksdal kommune vert følgjande kriterium lagt til grunn:

- Laget må vere lokalisert i Vaksdal kommune.
- Laget/aktiviteten må vere open for alle. Avgrensingar i alder er tillat.
- Laget må vere aktivt.
- Laget må leggje opp til eigenaktivitet, skaping, framføring, utøving, formidling eller tileigning av ferdigheiter/kunnskapar. Berre samkome er ikkje nok.
- Laget må sende inn godkjent årsmelding og rekneskap for drifta ved søknad om stønad.
- Laget må skaffe seg inntekt på annan måte enn ved kommunal stønad.
- Tilskot vert tildelt etter vurdering av medlemstal, driftskostnad, alderssamansetning og aktivitetsnivå.
- Interesseorganisasjonar, ideelle organisasjonar, livssynsorganisasjonar, partipolitiske lag og liknande kan berre få tilskot i samband med einskilde kulturarrangement.

Les meir og søk elektronisk på vaksdal.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til ålment kulturarbeid

Tilskot til ålment kulturarbeid vert tildelt lag og einskildpersoner som i hovudsak ikkje har born og unge som si hovudmålgruppe, til dømes:

- Tilskot til einskildarrangement. Tilskipar legg ved informasjon om arrangementet, samt eit budsjett i balanse for tilskipinga.
- Tilskot til særskilde føremål. Til dømes startstilskot, publikasjonar og liknande som kjem innbyggjarane i Vaksdal kommune til gode.
- Tilskot til 17. mai komitear. Tilskotet vert fordelt etter tal born.
- Tilskot til 1. mai feiring. Tilskotet vert basert på omland og deltakarar

Utbetaling skjer to gongar kvart år. Søknadsfrist første gong er 1. februar, resterande tilskot er 1. september.

Krav til søkjar

For å få rett til grunnstønad til kulturarbeid i Vaksdal kommune vert følgjande kriterium lagt til grunn:

- Laget må vere lokalisert i Vaksdal kommune.
- Laget/aktiviteten må vere open for alle. Avgrensingar i alder er tillat.
- Laget må vere aktivt.
- Laget må leggje opp til eigenaktivitet, skaping, framføring, utøving, formidling eller tileigning av ferdigheiter/kunnskapar. Berre samkome er ikkje nok.
- Laget må sende inn godkjent årsmelding og rekneskap for drifta ved søknad om stønad.
- Laget må skaffe seg inntekt på annan måte enn ved kommunal stønad.
- Tilskot vert tildelt etter vurdering av medlemstal, driftskostnad, alderssamansetning og aktivitetsnivå.
- Interesseorganisasjonar, ideelle organisasjonar, livssynsorganisasjonar, partipolitiske lag og liknande kan berre få tilskot i samband med einskilde kulturarrangement.

Les meir og søk elektronisk på vaksdal.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til aktivitet for ungdom

Har du planar om eit arrangement eller ein aktivitet for ungdom i Vaksdal i aldersgruppa 13 – 19 år? Du kan no søkje om støtte til dette frå Ungdomsrådet i kommunen. Frist er 24.november.
Ungdomsrådet har kr 30.000,- til utdeling i 2021. Søknadsfrist er 24. november.

Søknaden må innehalde informasjon om kva de ønskjer å arrangere og kor mykje midlar de søkjer om til arrangementet.

Merk søknaden: Open søknad – Ungdomsråd, og send den til post@vaksdal.kommune.no

Les meir på vaksdal.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til inkludering av barn og unge

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha mogelegheit til meistring og samfunnsdeltaking.
Frivillige organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar kan søke Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om tilskot.

Målsetting
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha mogelegheit til meistring og samfunnsdeltaking.

Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Søknadsfrist for tilskotsåret 2022 er 17. desember 2021.
For å lese meir om ordninga, korleis du søker og tips til korleis du skriv ein god søknad, gå inn på bufdir.no.

Les meir på vaksdal.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til etablering i kommunen

Er du mellom 18 og 35 år og vil etablere deg i Vaksdal kommune, kan du søkje om etableringstilskot.

Tilskot til etablering utanom Eksingedalen, Eidslandet og Bergsdalen

Er du førstegangsetablerar kan du få etableringstilskot på 50.000,- kroner. Dette gjeld ved privat nybygging, eller kjøp av nybygd husvære på minst 50 kvm. 

Etablering i Eksingedalen, Eidslandsområdet og Bergsdalen

Nybygg

Vil du etablere deg i desse områda kan du få etableringstilskot på 300.000,- kroner. Dette gjeld ved privat nybygging, eller kjøp av nybygd husvære. Søkjar må vere heimelshavar til heile eigedomen.

Dersom eigedomen har fleire heimelshavarar kan det gjevast eit tilskot dersom begge/alle heimelshavarane oppfyller vilkåra.

Dersom det vert bygd utleigebustad i tilknyting til nybygget, vert tilskotet auka til 350.000,- kroner.

Eksisterande bustad

Vil du kjøpe eksisterande husvære kan du få tilskot på 10% av kjøpesummen. Maksimalt tilskot er 100 000,- kroner.

Stimuleringstilskot til alle unge frå Vaksdal kommune

Alle unge i Vaksdal kommune får eit verdibrev på 25 000,- kroner frå kommunen når dei går ut 10. klasse. Verdibrevet er personleg og må nyttast til førstegangsetablering i kommunen innan fylte 35 år.

Generelle reglar og vilkår for tilskota


Utbetaling av tilskotet: 

Tilskotet til bustadbygging vert utbetalt når ferdigattest ligg føre.

Tilskot til kjøp vert utbetalt når tinglyst kjøpekontrakt ligg føre, heimel er overført og heimelshavar(ane) er registrert i folkeregisteret som busett på eigedomen.

Avgjerd:

Rådmann tek avgjerd i saker om tilskot.

Bindingstid:

For tilskotsordninga til bustadbygging: Bustaden må nyttast til bustad i 5 år frå ferdigattest. Om bustaden vert nytta til andre føremål, skal tilskotet betalast attende forholdsmessig for tida som er att.

Avgrensingar:

Tilskot til bustadbygging er eit eingongstilskot.

Det vert berre gjeve tilskot til bygging av heilårshusvære.

Klageadgang

Formannskapet kan ta avgjerd i klagesaker etter forvaltningslova sine regler.

Les meir og søk elektronisk på vaksdal.kommune.no.

Private / enkeltpersoner

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post

Fakta om Vaksdal kommunes støtteordninger

Adresse

Konsul Jebsensgate 16

5722 Dalekvam