Tilskotet vert gjeve til drift av barne- og ungdomsaktivitetar etter tilråding frå Idrettsrådet. Idrettsrådet held av ein pott til felles tiltak, som vert fordelt etter søknad. Tilskotet vert gjeve til idrettsgreiner innanfor definisjon til Norges Idrettsforbund (NIF).
Tilskot til Vaksdalsmeisterskap vert gjeve etter tilråding frå Idrettsrådet, som mellom anna ser på kostnaden med arrangementet for dei ulike idrettsgreinene og talet på deltakarar. Idrettslaga får fritt nytta kommunale idrettsanlegg mot at dei betalar for renovasjon og reinhald.
Utbetaling skjer to gongar kvart år. 75 % av tilskotet vert tildelt i april, søknadsfrist for resterande tilskot er 1. september.
Krav til søkjar
For å få rett til grunnstønad til kulturarbeid i Vaksdal kommune vert følgjande kriterium lagt til grunn:
- Laget må vere lokalisert i Vaksdal kommune.
- Laget/aktiviteten må vere open for alle. Avgrensingar i alder er tillat.
- Laget må vere aktivt.
- Laget må leggje opp til eigenaktivitet, skaping, framføring, utøving, formidling eller tileigning av ferdigheiter/kunnskapar. Berre samkome er ikkje nok.
- Laget må sende inn godkjent årsmelding og rekneskap for drifta ved søknad om stønad.
- Laget må skaffe seg inntekt på annan måte enn ved kommunal stønad.
- Tilskot vert tildelt etter vurdering av medlemstal, driftskostnad, alderssamansetning og aktivitetsnivå.
- Interesseorganisasjonar, ideelle organisasjonar, livssynsorganisasjonar, partipolitiske lag og liknande kan berre få tilskot i samband med einskilde kulturarrangement.
Les meir og søk elektronisk på vaksdal.kommune.no.