Suldal kommunes legat og støtteordninger

Suldal kommune tilbyr sine innbyggere flere priser, stipend og offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Suldal kommune.

Les mer om Suldal kommunes legat og støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (5)
logo
Suldal kommunes utdanningslegat

Stipend kan delast ut til ungdom som tek utdanning ved høgskule etter følgjande føresetnarader:

-Søkjaren må ikkje ha fylt 30 år innan utgangen av 2021
-Søkjaren må vera heimehøyrande i Suldal kommune på søknadstidspunktet
-Søkjaren må ha utdanning ved godkjent utdanningsinstitusjon
-Kvar person kan berre få stipend ein gong
-Studiet må vera på over fem månadar for å utløysa stipend


Søknadsskjema for stipend og legatmidlar finn du på suldal.kommune.no

Private / enkeltpersoner
logo
Stipend til sosiale føremål

Utdrag frå vedtektene: §3 Ni tidelar kan delast ut som legatporsjonar til institusjonar, lag og organisasjoner og enkeltpersonar.
Ved utdeling kan ein ta sosiale omsyn.

Me gjer merksam på at enkeltpersonar kan søkja. Det kan vera å få økonomisk stønad i samband med opphald på rehabiliteringsinstitusjon etter sjukdom, eller stønad til naudsynte hjelpemiddel som ikkje vert dekka av det offentlege.

Private / enkeltpersoner
Organisasjoner og foreninger
logo
Kulturmidlar

Kven kan få tilskot?
Alle foreiningar, lag og klubbar som driv med byggjande og aktiviserande kulturarbeid i Suldal kommune i tråd med den føremålsparagraf som er fastsett, kan få tilskot.

Tilskota har som siktemål å stimulere aktiviteten innan foreiningslivet. Det er eit særleg mål at alle grupper av befolkninga får eit reelt tilbod om aktivisering i si fritid og ein vil difor ta særskilt omsyn til aktiviseringstiltak når tilskot skal fordelast.

Det vert stilt følgjande krav for at ein organisasjon skal få tilskot:

-Organisasjonen skal yte ein eigeninnsats på minimum kr 100,- pr. medlem/deltakar pr. år. For vaksne over 25 år er eigeninnsatsen kr. 200,-. Med eigeninnsats meiner ein kontingentar, gåver, arbeidsinnsats eller dugnad. Det kan gjerast unntak i spesielle tilfelle.
hugs:

-Alle underavdelingar i laga skal fremje sine søknadar gjennom hovudstyret, om slikt finst i kommunen.
-Suldal kommune har til ei kvar tid rett til å undersøkje om grunnlaget for tilskot er til stades, og korleis tilskotet vert brukt.
-Alle lag og organisasjonar som mottek tilskot frå Suldal kommune, pliktar å akseptere følgjekort-ordninga. Dette betyr betalingsfritak for følgjeperson til funksjonshemma ved arrangement som lag og organisasjonar held. 
Tilskot som vert utbetalt på feil premissar medfører tilbakebetalingsansvar.

Kven kan ikkje få tilskot?
Unntatt ovannemnde reglar er:

a) Foreiningar som vert drivne på forretningsmessig basis

b) Organisasjonar som har til oppgåve å ivareta medlemene sine yrkesmessige interesser, av dette aktivitetar knyta til bedrifter.

c) Organisasjonar og institusjonar som primært tar hand om medlemene sine politiske, ideologiske eller religiøse eigeninteresser.

d) Paraplyorganisasjonar med medlemslag frå fleire kommunar.

e) Organisasjonar som arbeider aksjonsprega, eller der organisasjonen kan forventast å ha relativt kort levetid.

Organisasjonane under pkt. b og c kan søkje om tilskot til barne- og ungdomsarbeid (ikkje konfirmasjonsundervisning), varige tiltak eller enkelttiltak for alle under 19 år.

Søknadsskjema
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på suldal.kommune.no

Søknadsfrist
Ordinære driftsmidlar: 1. mars, eller er det råd å søkja på andre tiltak ut over året. Sjå retningslinjer for meir spesifikk informasjon

Søknadene om driftsmidlar blir handsama om våren med utbetaling i juni. Andre tilskotsordningar blir handsama fortløpande.

Organisasjoner og foreninger
logo
Studentstipend

Suldal kommune tilbyr stipend til sjukepleiar-, barnehagelærar-, og medisinstudentar
Me kan tilby stipend til unge som:

1. er medisin- sjukepleiar- eller barnehagelærarstudent
2. har relevant sumarjobb og/eller helgejobb i Suldal kommune*
3. er folkeregistrert i Suldal


Stipendet er på 10.000 kr årleg om det er meir enn eitt år igjen av studiet, og på 25.000 kr det siste studieåret. Stipendet kjem i tillegg til den ordinære løna.

*Ein sommarjobbavtale må vera på minimum fem veker i heil stilling, og ein helgeavtale bør vera på minimum 3-. kvar helg.  Dersom du ikkje har arbeidsavtale, men ønskjer dette, vil stipend vere avhengig av om me har slik stilling ledig.

Kvifor gjer kommunen dette?
Me treng denne kompetansen! Det ligg ikkje ei forplikting til å søkja i Suldal etter utdanninga, men me trur det er meir aktuelt å søka stillingar her når du som student har hatt tett kontakt med oss i studietida. Kommunen kan ikkje lova jobb ved fullført utdanning, men det er ei føremon å vera godt kjent på aktuelle arbeidsplasser.

Korleis?
Dersom du er interessert i dette, fyller du ut skjemaet under. Søk i tillegg på sommarjobb eller helgestilling som du ser utlyst eller som du har hatt kontakt med einingsleiar om.  Det er ikkje søknadsfrist men ei løpande vurdering etter kvart som søknader kjem inn. Ordninga har ei øvre ramme på totalt stipendbeløp. I vurderinga om stipend skal innvilgast på nytt for eit år til  vil også tilbakemelding frå arbeidsgjevar bli henta inn. Kommunen står fritt til å ikkje inngå ny avtale.

Søknad
Du kan søkje via vårt elektroniske søknadsskjema som du finn på suldal.kommune.no

Private / enkeltpersoner
logo
Ulla Førre Næringsfond

Ulla-Førre næringsfond skal nyttast til tiltak som fremjer næringsliv og busetnad i Suldal kommune. Det vert gitt tilskot og lån frå fondet.


Kva er Ulla-Førre næringsfond?
Ulla-Førre næringsfond vart oppretta i 1974, som ei kompensasjon til Suldal kommune for ulempene kraftutbygginga påførte kommunen. Fondet skal fortrinnsvis nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og til vidareutvikling av eksisterande verksemder, men kan og nyttast til kommunale tiltak.
Årleg vert det budsjettert med midlar til støtte og lån til næringsutvikling.

Oppstart av bedrift
Nystarta bedrifter kan få oppstartstilskot på inntil kr 50 000,-. Tilskotet kan dekka halvparten av utgiftene verksemda har til oppstart. Tilskotet vert utbetalt etter innlevering av dokumentasjon på utlegg. 

Tilskot til kompetansebygging
Verksemder og enkeltmannsføretak kan få tilskot til kompetansebygging på inntil kr 25 000,-. Tilskotet skal dekka reele utgifter som til dømes kursavgift, reis og opphald. Lønsutgifter vert ikkje dekka.

Lovar, reglar og retningslinjer
Vedtekter Ulla Førre næringsfond

Fondsstyret har vedteke at desse retningslinene gjeld i sakshandsaminga for lånesøknader:

-Det skal leggjast endå meir vekt på å vurdera risiko i økonomivurderinga. 
-Det skal òg leggjast meir vekt på vurdering av arbeidsplasspotensialet.
-Det kan søkjast toppfinansiering med høgare risiko frå fondet – tilbake til tidlegare praksis med 3-delt finansiering – eigenkapital/ordinært lån/næringsfondslån.
-Avdragsfritt 3-5 år, men rentefritt kun i eitt år.


For alle søknadar gjeld:

Samla kommunal stønad skal telja med i vurderinga. Det vert ikkje gitt tilskot dersom søkar har motteke kommunal støtte frå andre støtteordningar som Suldal kommunale næringsfond eller landbruksmidlar. 
Støtta i punkt 3 og 4 kan kommunedirektøren løyva administrativt dersom vilkåra er til stades. Alle adminiatrative vedtak vert meldt fondstyret til orientering. 


Kva er søknadsfristen?
Det er søknadsfristar 01.01, 01.05 og 01.09.  Desse vert kunngjort på kommunen sine heimesider.

Korleis søkjer eg?
Søknader må vera i tråd med vedtektene for fondet.
Søknader må innehalda forretningsplan med budsjett.

Det vil bli innhenta økonomiske opplysningar av søkjar/bedrift som del av sakshandsaminga.

Digitalt søknadsskjema til Ulla Førre næringsfond finn du på suldal.kommune.no

Bedrifter og næringsliv

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post