Kven kan få tilskot?
Alle foreiningar, lag og klubbar som driv med byggjande og aktiviserande kulturarbeid i Suldal kommune i tråd med den føremålsparagraf som er fastsett, kan få tilskot.
Tilskota har som siktemål å stimulere aktiviteten innan foreiningslivet. Det er eit særleg mål at alle grupper av befolkninga får eit reelt tilbod om aktivisering i si fritid og ein vil difor ta særskilt omsyn til aktiviseringstiltak når tilskot skal fordelast.
Det vert stilt følgjande krav for at ein organisasjon skal få tilskot:
-Organisasjonen skal yte ein eigeninnsats på minimum kr 100,- pr. medlem/deltakar pr. år. For vaksne over 25 år er eigeninnsatsen kr. 200,-. Med eigeninnsats meiner ein kontingentar, gåver, arbeidsinnsats eller dugnad. Det kan gjerast unntak i spesielle tilfelle.
hugs:
-Alle underavdelingar i laga skal fremje sine søknadar gjennom hovudstyret, om slikt finst i kommunen.
-Suldal kommune har til ei kvar tid rett til å undersøkje om grunnlaget for tilskot er til stades, og korleis tilskotet vert brukt.
-Alle lag og organisasjonar som mottek tilskot frå Suldal kommune, pliktar å akseptere følgjekort-ordninga. Dette betyr betalingsfritak for følgjeperson til funksjonshemma ved arrangement som lag og organisasjonar held.
Tilskot som vert utbetalt på feil premissar medfører tilbakebetalingsansvar.
Kven kan ikkje få tilskot?
Unntatt ovannemnde reglar er:
a) Foreiningar som vert drivne på forretningsmessig basis
b) Organisasjonar som har til oppgåve å ivareta medlemene sine yrkesmessige interesser, av dette aktivitetar knyta til bedrifter.
c) Organisasjonar og institusjonar som primært tar hand om medlemene sine politiske, ideologiske eller religiøse eigeninteresser.
d) Paraplyorganisasjonar med medlemslag frå fleire kommunar.
e) Organisasjonar som arbeider aksjonsprega, eller der organisasjonen kan forventast å ha relativt kort levetid.
Organisasjonane under pkt. b og c kan søkje om tilskot til barne- og ungdomsarbeid (ikkje konfirmasjonsundervisning), varige tiltak eller enkelttiltak for alle under 19 år.
Søknadsskjema
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på suldal.kommune.no
Søknadsfrist
Ordinære driftsmidlar: 1. mars, eller er det råd å søkja på andre tiltak ut over året. Sjå retningslinjer for meir spesifikk informasjon
Søknadene om driftsmidlar blir handsama om våren med utbetaling i juni. Andre tilskotsordningar blir handsama fortløpande.