
Det kan søkjast om midlar innanfor seks kategoriar:
-Kultur- og aktivitetstilbod for barn og unge
-Allment kulturarbeid
-Kulturarrangement og -prosjekt
-Vedlikehald/oppgradering av forsamlingshus/bygdahus
-Kulturminne/kulturarv
-Andre stønadsordningar
For alle kategoriane er det utarbeidd felles vilkår for å kunne søkja om kulturmidlar. Retningslinene har òg ein kort omtale om kva som gjeld for den einskilde kategori.
Studer gjerne retningslinjene nøye.
Sjå retningslinjer og søk elektronisk her:
https://www.sogndal.kommune.no/kulturmidlar.525001.nn.html
Søknadsfrist og handsaming
Hovudsøknadsrunden har frist 1. april. Svar på søknaden vil føreliggja etter møte i utval for samfunnsutvikling 15. juni. Det vil vera ein sluttrunde med søknadsfrist 1. oktober.
Tilskot under kategori 3. Kulturarrangement og -prosjekt, kan søkjast heile året.

Tilskotsordninga er eit ledd i arbeidet med å leggja til rette for kreativ utvikling av nærmiljøa til innbyggjarane i heile kommunen og kjem som eit tillegg til moglegheita frivillig sektor har for å søkja på ordinære kulturmidlar.
Døme på tiltak det kan søkjast på er:
• innkjøp av leikeapparat på fellesareal
• bygging av mindre nærmiljø-/aktivitetsanlegg
• forbetra/etablera lokal samlingsplass
• ny opparbeiding og utbetringar av/på eksisterande leikeplass
• laga/utbetra turstiar/korte turvegar
• gjera kulturminne tilgjengelege
• aktivitetar
For fysiske tiltak og anlegg vert det gjennomført to søknadsrundar. Ein runde på våren og ein på hausten. Første søknadsfrist er 11. april. Me håpar å få saka klar til politisk handsaming i slutten av april og å utbetala tilskotsmidlane i mai. Maksimal tilskotssum til fysiske tiltak er kr 80 000,-.
For aktivitetsmidlar og arrangement er det rullerande søknadsmoglegheit under denne ordninga. Maksimal søknadssum for dette er kr 10 000,-
Sjå retningsliner og søk elektronisk her:
https://www.sogndal.kommune.no/naermiljoetiltakanlegg-meir-informasjon-om-ordninga.553947.nn.html

Kvart år deler Sogndal kommune ut ein kulturpris. Kulturprisen skal vera ein honnør og påskjønna arbeid for verdifull og framifrå innsats innan det profesjonelle og frivillige kulturfeltet.
Prisen kan delast ut til einskildpersonar, lag og organisasjonar eller institusjonar. Prisen skal stimulera til vidare innsats og skal synleggjera innsats som har eller vil gagna Sogndal-samfunnet.
Utval for samfunnsutvikling er jury som skal vurdera innkomne kandidatar til prisen og avgjera tildelinga. Prisen vert lyst ut i dagspressa og sosiale media. Nominasjon av kandidatar må vera grunngjeven.
Framlegg til kandidatar skal vera innkomne til utvalet innan 1. november kvart år. Prisen vert overrekt av ordførar på siste kommunestyremøte kvart år.
Vedtekter for Sogndal kommune sin kulturpris finn du her:
https://www.sogndal.kommune.no/kulturpris.565848.nn.html
Framlegg til kandidatar skal sendast postmottak@sogndal.kommune.no.
Aktuelle utlysinger hos Sogndal kommunes støtteordninger
Bli varslet om nye utlysinger
Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.
- Ikke gå glipp av utlysinger
- Få varsling per e-post
Fakta om Sogndal kommunes støtteordninger
-
Relaterte bransjer
-
Geografisk tilknytning
-
Stipendkategorier
-
Hvem kan søke?