Vinje kommunes legat og støtteordninger

Vinje kommune tilbyr sine innbyggere forskjellige legat, fond og andre tilskuddsordininger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har en tilknytning til Vinje kommune.

Les mer om Vinje kommunes legat og støtteordninger
Fakta
Antall utdelinger
Ikke spesifisert
Årlig utdeling
Ikke spesifisert
Se alle fakta
Organisasjonsprofil
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (4)
logo
Kultur- og idrettsstipend

Er du mellom 16 og 25 år og har eit talent eller interesse utanom det vanlege innan sport eller andre kulturaktivitetar?

Då kan du søkje Kulturstipend eller Idrettsstipend – kvar på kr 25 000.

Intensjonen bak desse stipendmidlane er å vidareutvikle din dugleik og interesse.

Stipenda blir lyst ut i november kvart år, i avisa og på heimesida.


Søknadsfristen er sett til 1. desember

Du finn søknadsskjema på vinje.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Kulturprisen

Vedtekter for kulturprisen i Vinje, vedtatt i Oppvekst- og velferdsutvalet 24.10.2012 

 
Kulturprisen skal delast ut årleg. Utdelinga skal skje i mars-april.
OVU gjer vedtak om kven som får prisen.
Eining for kultur legg fram innstilling til prisvinnar. Kandidatar frå tidlegare år kan og vurderast.
Kvar haust blir bygdefolk invitert til å koma med framlegg til prisvinnar. Fristen er 01.12. Framlegget skal vera skriftleg med grunngjevingar, som ein sender til Eining for kultur
Ein kan få kulturprisen for framifrå dugleik innom ei eller fleire greiner i kunst – og kulturarbeid. Ein kan og få kulturprisen for framifrå kulturarbeid innafor lag- og organisasjonsarbeid.
Prisen er ein diplom og ein gåvesjekk på kr. 20.000,- .
Prisen kan ikkje delast, men ein kan gje den til ein familie eller eit ektepar.

Ordførar i samarbeid med prisvinnar avgjer korleis kulturprisen skal delast ut. Utdelinga kan skje på eit kommunestyremøte eller eit høveleg ope arrangement i regi av Vinje kommune.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Frivilligprisen

-Frivilligprisen skal delast ut årleg. Utdelinga skal skje i mars-april.
-OVU gjer vedtak om kven som får prisen.
-Frivilligsentralen legg fram innstilling til prisvinnar. Kandidatar frå tidlegare år kan og bli vurdert.
 -Kvar haust blir bygdefolk invitert til å koma med framlegg til prisvinnar. Fristen er 01.12. Framlegget skal vera skriftleg med   grunngjevingar, som ein sender til Frivilligsentralen.
-Frivilligprisen bli tildelt ein person, lag eller organisasjon som utmerker seg med friviljug innsats og engasjement for Vinje   kommune. Prisen skal honorere det friviljuge arbeidet som er lagt ned over ein lengre periode, eit tidsavgrensa prosjekt eller   aktivitet som er av betydeleg omfang.
 -Prisen er ein diplom og ein gåvesjekk på kr. 20.000,- .
-Prisen kan ikkje delast.
-Ordførar i samarbeid med prisvinnar avgjer korleis kulturprisen skal delast ut. Utdelinga kan skje på eit kommunestyremøte   eller eit høveleg ope arrangement i regi av Vinje kommune.

Private / enkeltpersoner
Organisasjoner og foreninger
logo
Kommunalt næringsfond

For å stimulere til næringsutvikling kan kommunen gje økonomisk støtte til einskilde verksemder og næringsprosjekt. Søknadar blir handsama politisk.

Rammer:
-Søknaden må gje ein utfyllande beskriving av /prosjektet/tiltaket/bedrifta.
-Det skal vektleggast om prosjektet/tiltaket/bedrifta bidrar til å etablera eit nytt tilbod som
  ikkje eksisterer i kommunen frå før.
-Søkar må ved søknad leggje fram ei grundig marknad og økonomisk analyse. Den
 økonomiske analysen må også innehalde eit likviditetsbudsjett/investeringsbudsjett og eit
 oppsett på finansiering.
-Søkar må i søknad kunne vise til tilstrekkeleg eigenkapital.
 Tilskottet som ytas kan ikkje overstige 30% av kapitalbehovet.
 Søkar pliktar å opplyse om søkar tidligare har mottatt eller fått tilsegn om annan finansiell
 støtte til tiltaket/prosjektet/bedrifta.
-Tilskottet må vera i tråd med gjeldande EØS-reglar for bagatellmessig støtte. Samla offentleg
 støtte kan ikkje overstige 200.000 euro over ein periode på 3 rekneskaps år.
-Ein må i saksutgreiinga vurdera om tiltaket/prosjektet/bedrifta vil/kan bidra til etablering av
 nye (fulltids) arbeidsplassar (i privat sektor i kommunen).
-Søknader om støtte skal handsamast politisk, ev administrativt ved søkje beløp under
 kr 40 000,- og innom løyvd budsjettramme til næringseininga.

Les meir om korleis du skal gå frem om du vil søke på vinje.kommune.no

Bedrifter og næringsliv

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post