For å stimulere til næringsutvikling kan kommunen gje økonomisk støtte til einskilde verksemder og næringsprosjekt. Søknadar blir handsama politisk.
Rammer:
-Søknaden må gje ein utfyllande beskriving av /prosjektet/tiltaket/bedrifta.
-Det skal vektleggast om prosjektet/tiltaket/bedrifta bidrar til å etablera eit nytt tilbod som
ikkje eksisterer i kommunen frå før.
-Søkar må ved søknad leggje fram ei grundig marknad og økonomisk analyse. Den
økonomiske analysen må også innehalde eit likviditetsbudsjett/investeringsbudsjett og eit
oppsett på finansiering.
-Søkar må i søknad kunne vise til tilstrekkeleg eigenkapital.
Tilskottet som ytas kan ikkje overstige 30% av kapitalbehovet.
Søkar pliktar å opplyse om søkar tidligare har mottatt eller fått tilsegn om annan finansiell
støtte til tiltaket/prosjektet/bedrifta.
-Tilskottet må vera i tråd med gjeldande EØS-reglar for bagatellmessig støtte. Samla offentleg
støtte kan ikkje overstige 200.000 euro over ein periode på 3 rekneskaps år.
-Ein må i saksutgreiinga vurdera om tiltaket/prosjektet/bedrifta vil/kan bidra til etablering av
nye (fulltids) arbeidsplassar (i privat sektor i kommunen).
-Søknader om støtte skal handsamast politisk, ev administrativt ved søkje beløp under
kr 40 000,- og innom løyvd budsjettramme til næringseininga.
Les meir om korleis du skal gå frem om du vil søke på vinje.kommune.no