Gol kommunes støtteordninger

Gol kommune tilbyr en rekke tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Gol kommune.

Les mer om Gol kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
Støtteordninger (7)
logo
Gol kommunes legat for ungdom under utdanning

Legatet er opppretta ved ei samanslåing av Anna og Ola Nilsen Skaga sitt legat og Kari og Per O. Kinneberg sit legat.

Legatet skal delast ut til ungdom/kristen ungdom under utdanning. Følgjande utdanning kvalifiserar for tildeling av midlar frå Skagalegatet:

- Vidaregåande skule utanom Hallingdal
- Utdanning utover vidaregåande skule, inkl. folkehøgskule

Utdelinga skal ikkje erstatte offentlege ytingar.

Formål

Legatet skal brukast til beste for ubemidla, evnerik ungdom frå Gol som vil søke skolar av alle slag etter avslutta folkeskole.

Rentene skal brukast til beste for ungdom som vil gå ein kristeleg ungdomsskole, eller som vil utdanne seg til prest i den norske kyrkje, eller til misjonær, forkynnar (bibelskoleelev), menighetsarbeidar, sjukeplaiar eller andre yrke med spesiell kristen utdanning på evangelisk-luthersk grunn.

Les meir på gol.kommune.no.

Private / enkeltpersoner
logo
Medlemstilskot

Gol kommune har som mål å støtte organisasjonar og tiltak/aktivitetar som sikrar breidda og mangfaldet i kulturlivet.
Det blir lagt særleg vekt på stønad til barne- og ungdomsorganisasjonar/aktivitetar, drift av bygg/anlegg og aktivitetar/tiltak.

Kommunale tilskot kan bli gitt til organisasjonar, personar og institusjonar i Gol kommune, og til regionale organisasjonar som har medlemer i Gol

Tilskotsordningane er avhengige av at det til einkvar tid blir løyvd nok midlar til å gjennomføre ordningane.

Medlemstilskot blir berre gitt til organisasjonar med barne- og ungdomsmedlemmer (under 18 år).Tilskotet er meint som stønad til organisasjonen sine vanlege administrasjons-/driftsutgifter og aktivitetar som t.d. telefon/porto, utstyr/materiell, deltaking på landsmøte/kretsmøte/kurs/samlingar o.l.

Medlemstilskotet blir gitt med:

kr. x til barne- og ungdomsmedlemer (under 18 år).

Velforeiningar og grendalag blir ikkje gitt tilskot knytta til medlemstal.

Les meir og søk elektronisk på gol.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Aktivitetstilskot

Gol kommune har som mål å støtte organisasjonar og tiltak/aktivitetar som sikrar breidda og mangfaldet i kulturlivet.
Det blir lagt særleg vekt på stønad til barne- og ungdomsorganisasjonar/aktivitetar, drift av bygg/anlegg og aktivitetar/tiltak.

Kommunale tilskot kan bli gitt til organisasjonar, personar og institusjonar i Gol kommune, og til regionale organisasjonar som har medlemer i Gol

Tilskotsordningane er avhengige av at det til einkvar tid blir løyvd nok midlar til å gjennomføre ordningane.

Aktivitetstilskotet blir gitt til organisasjonar til planlagte aktivitetar for barn og ungdom med minst 5 deltakarar under 18 år.

Aktiviteten skal vare i minst 45 min. og må vere bestemt/vedtatt av organisasjonen sitt styre, medlemsmøte eller tilsvarande dersom den skal kunne reknast som planlagt.

Tilskot blir berre gitt til lokale aktivitetar, og blir berre gitt ein gong pr. dag og gruppe uansett talet på deltakarar og lengden på aktiviteten.

Tilskot blir gitt med kr. x pr. samankomst med 5 t.o.m. 19 deltakarar og med kr. x pr. samankomst med 20 eller fleire deltakarar.

Det blir ikkje gitt tilskot til aktivitetar/samankomstar der det blir kravd inngangspengar. Det blir heller ikkje gitt tilskot til studiesirklar, kommersielle arrangement eller tilskipingar/andre spesielle tiltak som blir støtta over andre tilskotsformer i retningslinene.

Les meir og søk elektronisk på gol.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til leiarutdanning

Tilskot til leiarutdanning blir gitt til organisasjonar som har hatt tillitsvalde på leiarutdanningskurs som har å gjere med vedkomande sitt arbeid i organisasjonen.

Tilskot blir gitt med:

-         Inntil 100 % av kursavgift - max. kr. 300 pr. dag.

-         Til reiseutgifter kr. 0,50 pr. km.

Tilskotet blir betalt ut etterskotsvis på bakgrunn av dokumenterte utgifter året før.

Vedlegg:

Spesifisert oversyn over utgifter. Opplysningar om deltakarar (namn/verv), kursarrangør, kursprogram, lengde, kursavgift og evnt. andre opplysningar som kan vere av verdi.

Les meir og søk elektronisk på gol.kommune.no.

Bedrifter og næringsliv
logo
Leigetilskot

Leigetilskot blir gitt til organisasjonar til leige av lokale til aktivitetar for barn og ungdom (under 18 år).

Tilskot blir gitt med inntil 75 % av betalt leige.

Det blir ikkje gitt tilskot til leige av lokale til aktivitetar der det blir kravd inngangspengar, kommersielle arrangement eller tilskipingar som blir støtta over andre tilskotsformer i retningslinene.

Tilskot blir betalt ut etterskotsvis på bakgrunn av dokumenterte utgifter året før.

Vedlegg:

- Spesifisert oversyn over betalt leige.

Les meir og søk elektronisk på gol.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
logo
Driftstilskot til bygg og anlegg

Driftstilskot blir gitt til organisasjonar som har eigne bygg/anlegg som kontinuerleg blir nytta i organisasjonen si verksemd.

Driftstilskotet blir gitt med inntil 75 % av kostnadene til drift og vedlikehald samt små reparasjonar. Eventuelle inntekter skal oppjevast og trekkast frå før tilskotet blir bestemt.

Følgjande utgifter/inntekter kan inngå i tilskotsvurderinga:

Utgifter:

Løn vaktmeister/reinhald
Vedlikehald/små reparasjonar
Reinhaldsmiddel
Strøm/fyring
Kommunale avgifter/forsikring

Inntekter:

Leigeinntekter
Arenareklame
Salsinntekter (kiosk o.l.)
Andre inntekter knytta til bruken av bygget/anlegget (som t.d. stevneinntekter, parkeringsinntekter, gåver og tilskot frå andre kjelder).
Tilskot blir betalt ut etterskotsvis på bakgrunn av dokumenterte utgifter året før.

Vedlegg

Spesifisert oversyn over inntekter/utgifter.

Les meir og søk elektronisk på gol.kommune.no.

Bedrifter og næringsliv
logo
Spelemiddel til idrettsanlegg og nærmiljøanlegg

Gol kommune har som mål å støtte organisasjonar og tiltak/aktivitetar som sikrar breidda og mangfaldet i kulturlivet.
Det blir lagt særleg vekt på stønad til barne- og ungdomsorganisasjonar/aktivitetar, drift av bygg/anlegg og aktivitetar/tiltak.

Kommunale tilskot kan bli gitt til organisasjonar, personar og institusjonar i Gol kommune, og til regionale organisasjonar som har medlemer i Gol

Tilskotsordningane er avhengige av at det til einkvar tid blir løyvd nok midlar til å gjennomføre ordningane.

Søknad om Spelemiddel til idrettsanlegg og nærmiljøanlegg skal inneholde vedlegg:

* Situasjonsplan i målestokk 1:1000 eller 1:500 med samla arealdisponering og hovudtrekk i terrengbehandling.
* Behovsoppgåve , med særleg vekt på barn og unges behov
* Enkelt kostnadsoverslag
* Førebels plan for finansiering og drift av anlegget
* Dokumentasjon av anleggets tilpassing til annan busetnad og landskap

Les meir og søk elektronisk på gol.kommune.no.

Aktuelle utlysinger hos Gol kommunes støtteordninger

G
Mer informasjon om Gol kommunes legat for ungdom under utdanning vil snart publiseres her. Du vil da få informasjon om hvem som kan søke og hvordan man sender søknad på Gol kommunes legat for ungdom under utdanning.
Ikke spesifisert

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post