Viktig melding: Denne annonsen har utløpt / er ikke aktiv
Utlysing

Vil du sjå nærare på norsk rettskriving? Språkrådets mastergradsstipend

Søknadsfrist : 01.10.2022

Beskrivelse

Språkrådet vil dele ut eit stipend på 30 000 kr til ein mastergradsstudent som skriv oppgåve om korleis norsk rettskriving (nynorsk, bokmål eller begge skriftspråka) blir praktisert i dag. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.

Språklova som tok til å gjelde 1. januar 2022, slår fast at offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk, og at det er Språkrådet som forvaltar desse to skriftnormene. I arbeidet som Språkrådet gjer med normering og språkobservasjon, er det behov for meir kunnskap om praksis og variasjon i ulike typar moderne norske tekstar og om tilhøvet mellom bruken i tekstar og dei offisielle normene for nynorsk og bokmål.

Vi kan stø oppgåver som gir meir kunnskap til dømes om desse emna:

  • utviklingstendensar i bruken av valfrie rettskrivingsformer i ulike teksttypar
  • språket i elevtekstar sett i høve til normene i nynorsk og bokmål
  • tilpassing av importord som kjem inn i norsk (skrivemåte og bøying)
  • val av rettskrivingsformer i språkteknologiske ressursar og moglege konsekvensar av desse vala
  • bruk av syntetisk og analytisk gradbøying for adjektiv
  • bruk av fuge i samansette ord
Om giveren

Språkrådet gjev støtte til mastergradsstudentar som bidreg til meir kunnskap om språket.

Les mer om Språkrådets mastergradsstipend

Søknadsinformasjon

Søknaden må innehalde:

  • ei skisse på éi side der du gjer greie for problemstilling, metode og kor langt du er komen i arbeidet
  • ei fråsegn frå rettleiaren din
  • ei utdjuping av problemstilling og metode på maksimum tre sider

Språkrådet tar atterhald om at det ikkje blir delt ut stipend om det ikkje kjem inn søknader vi vurderer som gode nok eller relevante nok. Stipendmottakarar må skrive under på ein avtale der Språkrådet mellom anna får rett til å leggje ut oppgåva deira på nettsidene til Språkrådet.

Bruk løysinga i stipendportalen.no eller send søknaden på e-post til post@sprakradet.no. Søknaden skal merkast med «Masterstipend: Norsk rettskriving».

Har du spørsmål, kan du kontakte daniel.ims@sprakradet.no (95 76 51 52).

Viktig melding: Denne utlysingen har utløpt / er ikke aktiv

Kontaktperson

Klarspråkrådgiver

Lagre utlysingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Flere utlysinger
Vis alle 121 aktuelle utlysinger