Viktig melding: Denne annonsen har utløpt / er ikke aktiv
Utlysing

Lærarakademi Erasmus+

Søknadsfrist : 07.09.2021

Beskrivelse

Dei europeiske lærarakademia – eller Erasmus+ Teacher Academies – er eit nytt sentraladministrert partnarskapsprogram, i regi av EU, som institusjonar/partnarskap kan søkje om midlar til varige samarbeid frå. Intensjonen med akademia er innleiingsvis å skape nettverk som omfattar lærarutdanningsinstitusjonar og lærarorganisasjonar. Over tid er intensjonen å skape praksisfellesskap på tvers av europeiske landegrenser – særleg innanfor initiell lærarutdanning og vidare profesjonsutvikling – med mål om at dette på sikt skal informere nasjonal og europeisk utdanningspolitikk og byggje oppunder innovasjon i lærarpraksis. Nettverka er meint å tilby både lærarar og studentar læringsmoglegheiter i pedagogiske førehald av felles relevans og interesse. 

Om giveren
Les mer om Erasmus+

Søknadsinformasjon

Søknadsfrist: 7. september 2021 innen kl 17:00

Kven kan søke?

 Følgjande organisasjonstypar som er registrert i eit programland kan stå som søkjar/part i partnarskap:

  • Lærarutdanningsinstitusjonar.
  • Offentlege forvaltningsorgan som er ansvarlege for utdanningspolicy (som departement, direktorat etc.).
  • Offentlege eller private organ (anten på lokalt, regionalt eller nasjonalt nivå) som er ansvarlege for å utvikle policy for lærarutdanning, samt utvikle standardar for lærarutdanning. 
  • Lærarorganisasjonar eller andre nasjonalt anerkjende tilbydarar av lærarutdanning og vidare profesjonsutvikling. 
  • Myndigheiter ansvarlege for utdanning og opplæring av lærarar, samt tilsyn av vidare profesjonsutvikling og kvalifikasjonar hjå lærarar. 
  • Skular som samarbeider med lærarutdanningstilbydarar for å mogleggjere praksis som del av lærarutdanninga. 
  • Andre skular eller organisasjonar med relevans for prosjektet.

I tillegg må eit Erasmus+ Lærarakademi bestå av minst 3 fullverdige partnarar frå minst 3 programland. Av desse må minst 2 vere nasjonalt anerkjende tilbydarar av lærarutdanning, og desse må vere frå to forskjellige programland. I tillegg må minst 1 partnar vere nasjonalt anerkjend tilbydar av vidare profesjonsutvikling for lærarar (EVU).

 

Les mer på Erasmus+ (2021-2027) Lærarakademi (diku.no

eller ta kontakt med Diku på e-post: erasmuspluss@diku.no

 

 

Viktig melding: Denne utlysingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre utlysingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Flere utlysinger
Vis alle 176 aktuelle utlysinger