
Stad kommune deler ut ungdommens kulturpris og kulturprisen i siste kommunestyremøte før jul kvart år.
Du kan foreslå kandidatar til desse kulturprisane.
Les meir om ordninga på stad.kommune.no

Dei ordinære kulturmidlane (driftstilskot) blir tildelt 1 gong i året etter søknad.
Søknad skal leverast digitalt innan 1. juli.
Idrettsorganisasjonar skal ikkje søke her. Kulturmidlar til idrett blir fordelt av Stad idrettsråd.
Fordelinga av tilskotet til det enkelte lag og organisasjon, blir gjort administrativt etter følgjande reglar:
-Laget må ha eit styre, betalande medlemer og føre eige rekneskap. Medlemsliste for betalande medlemmer i søknadsåret må leggast ved søknaden.
-Kommunestyret fastset ramma for dei årlege kulturmidlane som blir delt ut til: idrettsorganisasjonar, song- og musikkorganisasjonar og andre lag og organisasjonar i Stad kommune.
-Tildelinga blir gjort administrativt ut frå budsjettramme og retningsliner vedtatt i Kommunestyret.
-Det er hovudlaget som søkjer og fordeler innan eigen organisasjon.
-Lag og organisasjonar som aktiviserer barn, unge og funksjonshemma, vert prioritert.
-Minimumsløyving er kr. 1 000,- til kvar søkjar, så lenge avsett ramme tillèt det.
Unnateke frå stønad:
-Lag som primært tek vare på dei yrkesmessige og økonomiske interessene til medlemmene.
-Politiske parti (inkludert ungdomsorganisasjonar)
-Statlege, fylkeskommunale og kommunale institusjonar/anlegg
-Organisasjonar utanfor Stad kommune
-Organisasjonar der ein viktig del av verksemda er å samle inn til andre formål
Der laget har eit overordna råd (t.d. Stad idrettsråd) skal desse ha saka til uttale før endeleg fordeling blir gjort.
Tildeling/ utbetaling:
-Vedtak om tildeling av kulturmidlar blir sendt den som står som kontaktperson for søknaden.
-Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter reglane i forvaltningslova.
-Tildelte midlar blir innan 1 månad utbetalt til det kontonummer som står oppgjeve i søknaden
Les meir og søk elektronisk på kommunens hjemmesider:
https://stad.kommune.no/sd/ugyldigskjema.aspx?skjemaid=800017

Spelemidlar er overskot frå dei ulike spel som administrerast og drivast av Norsk Tipping, og som fordelast av Kulturdepartementet til ulike allmennyttige formål. Ein stor del av dette overskotet fordelast til idrettsformål. Den største delen av midla til idrettsformål går til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet i kommunene.
Søknadsfrist for å søke om spelemidlar er 1. november
Les meir om ordninga på kommunens hjemmesider
Bli varslet om nye utlysinger
Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.
- Ikke gå glipp av utlysinger
- Få varsling per e-post
Fakta om Stad kommunes støtteordninger
-
Relaterte bransjer
-
Geografisk tilknytning
-
Stipendkategorier
-
Hvem kan søke?