Askvoll kommunes støtteordninger

Askvoll kommune har flere ulike tilskuddsordninger. Se fanen "Støtteordninger" for mer informasjon om hva du kan søke på om du har tilknytning til Askvoll kommune.

Les mer om Askvoll kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
Støtteordninger (6)
logo
Kulturmidlar

Askvoll kommune fordeler årleg tilskot til kulturaktivitetar. 


Slik søker du
Tilskotsordningar har søknadsfrist årleg den 1.mai, og vert lyst ut i månadsskifte februar/mars. 

Kven kan søkje?
Frivillige lag/organisasjonar og einskildpersonar heimehøyrande i kommunen, som lagar til aktivitetar innanfor tradisjonelt kulturarbeid (t.d. teater, musikk, dans, film), barne- og ungdomsarbeid, idretts- og andre fritidsaktivitetar, kan søkje støtte frå ordninga.


For meir informasjon om ordninga, sjå retningsliner for kulturmidlar:

https://www.askvoll.kommune.no/tenestene-vare/kultur-idrett-og-fritid/kultur/sok-kulturtilskot/kulturmidlar/

Organisasjoner og foreninger
logo
Næringsfond

Det kommunale næringsfondet er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke og utvide lokalt næringsliv og arbeidsmarknad, samt gjere Askvoll kommune til ein meir attraktiv kommune å bu og arbeide i.

Ulike typar støtte frå næringsfondet
-Investeringstilskot. Det kan søkast om støtte til investering i bygg, maskiner og utstyr. Tilskotsprosenten er frå 0-30 % av totalkostnaden til investeringsprosjektet, på inntil 500 000 kr:
-Bedriftsutviklingstilskot. Det kan søkast om tilskot til utviklingskostnadar, både ved etablering og utvikling av verksemd. Til dømes kan dette gjelde utgreiing, opplæring/kompetanseheving, planlegging,  marknadsavklaring, profilering og produktutvikling). Tilskotsprosenten er frå 0-50 % av totalkostnaden i prosjektet, på inntil 200 000 kr.
-Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur. Det kan gjevast tilskot til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser og utgreiingar. Tilskotsprosenten er inntil 100 % av totalkostnadane i prosjektet, utan øvre beløpsgrense.
-Arrangementstøtte. Tilskot til arrangement som har som mål å marknadsføre kommunen og regionen, utvikle næringslivet i kommunen eller profilere fleire verksemder i kommunen og regionen på ein større marknad. Tilskotsprosenten er inntil 100 % av totalkostnadane i prosjektet, utan øvre beløpsgrense.


Søknaden bør innehalde følgjande:
-Om prosjektet
Ein forretningsplan eller prosjektplan med ei god beskriving av ideen eller prosjektet. Det må gå klart fram av søknaden kva tilskotet er tenkt til. Søknaden bør innehalde målsettingar, resultatmål og ein framdriftplan. 
-Kva skal prosjektet føre til?
Få fram viktige positive forhold. Potensialet for sikre eller skape nye arbeidsplassar bør synleggjerast i søknaden. Kva betyding har prosjektet for utvikling av den aktuelle sektoren eller for utviklinga av verksemda? 
-Økonomi
Ein tidsfesta kostnads- og finansieringsplan, gjerne med margin for mogeleg usikre moment.
Etablerte bedrifter bør leggje ved siste års rekneskap og budsjett for inneverande år. Om du har mottatt offentlig støtte dei siste tre åra må det leggast ved oversikt.
-Om søkjaren
Namn, bedriftsnamn, adresse, organisasjonsnummer, e-post og telefon. Ta og med annan info som er relevant for søknaden. Dette kan til dømes relevant kompetanse, erfaring og ressursar som verksemda sit på.
I vurderinga av prosjektet blir det lagt vekt på marknaden, konkurrentar, sysselsetting, lønnsemd, verdiskapingspotensiale og om tilskotet har ein utløysande effekt for prosjektet. I tillegg vert kostnads- og finansieringsgrunnlaget vurdert. Personleg fagleg/praktisk kompetanse, gjennomføringsevne og økonomi samt om tiltaket samsvarar med dei kommunale planene vil òg kunne bli vektlagt.

Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist om støtte frå næringsfondet. Søknader vert handsama fortlaupande av næringsfondstyret med tilbakemelding innan fire veker.  

Slik sender du inn søknad:
Gå inn på nettsida www.regionalforvaltning.no
Trykk på "Registrering". Lag eit brukarnamn og eit passord
Trykk på "Ny søknad"
Vel fylke "Sogn og Fjordane"
Vel støtteordning "Kommunalt næringsfond Askvoll kommune"
Skriv inn ein beskrivande "Søknadstittel"
Trykk på "Opprett ny søknad"
Fyll inn tekst i alle felta. Husk å trykke på "Lagre og neste" mellom kvar gong.
Ikkje gløym å laste opp relevante vedlegg om bedrift/prosjekt. Desse må du ha gjort klart på førehand. Eksempel: Rekneskap, investeringsbudsjett, forretningsplan, marknadsanalyse, konsept, design.
Husk å trykke på "Send inn søknad" når du er ferdig med søknaden


Ta gjerne kontakt med næringskontoret før du sender inn søknad.

Bedrifter og næringsliv
logo
Driftstilskot til frivillig ungdomsklubb

Askvoll kommune set av ein sum pengar til driftstilskot til frivillige ungdomsklubbar/ungdomsarbeid i kommunen. 


Kven kan søkje?
Ungdomsklubben må ha eit styre, ein leiar og ein eigen konto. Klubben må ha ein aktivitetsplan, føre enkel oversikt over aktivitetar og tal deltakarar gjennom året og rekneskap for drifta.

Aktiviteten i klubben skal vere open for alle. Eventuelle inngangbillettar/eigenandel må ikkje vere av slik storleik at nokon ekskluderast frå å vere med på grunn av økonomi.

Søknadsfrist og søknadsskjema
Søknad om driftstilskot til ungdomsklubben skal leverast elektronisk.

Les mer på kommunens nettsider:

https://www.askvoll.kommune.no/aktuelt/sok-driftstilskot-til-frivillig-ungdomsklubb.57519.aspx

Organisasjoner og foreninger
logo
Spelemidlar

Spelemidlar til bygging og rehabilitering av anlegg skal bidra til ein infrastruktur som gjev innbyggarane moglegheit til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den frivillige, medlemsbaserte idretten 


Kva kan ein søkje spelemidlar til?
Det kan søkjast om tilskott til:

-nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett
-rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
-nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde)


Kulturdepartementet sine føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet inneheld oversikt over alle type anlegg ein kan søkje tilskot til frå spelemidlar. Føresegnene kan lastast ned via www.anleggsregisteret.no, under anlegg for idrett og fysisk aktivitet, publikasjonar.

Organisasjoner og foreninger
logo
Ung i Askvoll-midlar

Askvoll ungdomsråd har ei eiga tilskotsordning for ungdom heimehøyrande i Askvoll kommune.
Slik søker du
Søknad om tilskot frå Ung i Askvoll-midlar skal registrerast elektronisk. Tilskotsordninga vert lyst ut månadsskifte februar/mars.

Kven kan søkje?
Ungdom mellom 13 og 20 år frå Askvoll kommune kan søkje om støtte frå ordninga «Ung i Askvoll» til musikk, teater/film, kurs og fritidsaktivitetar etc.
 

For meir informasjon om ordninga, sjå retningsliner for Ung i Askvoll-midlar: 

https://www.askvoll.kommune.no/tenestene-vare/kultur-idrett-og-fritid/kultur/sok-kulturtilskot/ungdomsmidlar/

Private / enkeltpersoner
logo
Kontingentstøtte til frivillige lag og organisasjonar

Kven kan søkje?
Frivillige lag og organisasjonar som har tapte inntekter knytt til manglande innbetaling av medlemskontingent og/eller treningsavgift frå barn og unge i målgruppa.

Tilskot vert ikkje prioritert til tiltak som er drive på forretningsmessig basis.

Søknadsfrist og søknadsskjema

Du finn meir informasjon og søknadsskjema på kommunens nettsider:

https://www.askvoll.kommune.no/tenestene-vare/kultur-idrett-og-fritid/kultur/sok-kulturtilskot/kontingentstotte/

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner

Aktuelle utlysinger hos Askvoll kommunes støtteordninger

A
Vi er alltid interessert i komme i kontakt med dyktige kandidater. Dersom du synes vår bedrift og bransje er interessant og stillingene vi normalt ansetter til er aktuelle for deg, kan du sende oss en åpen søknad. I søknaden ønsker vi at du inkluderer en CV og et søknadsbrev der du forteller om deg selv og hvorfor du er interessert i å jobbe hos oss. Ved å sende oss en åpen søknad, blir du samtidig registrert i vår CV database slik at vi kan ta direkte kontakt med deg dersom det dukker opp en jobbmulighet.
Fortløpende Askvoll

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post