Kinn kommunes støtteordninger

Kinn kommune deler ut midler til kultur og næringsutvikling. Se fanen "Støtteordninger" for mer informasjon om hva du kan søke på om du har tilknytning til Kinn kommune.

Les mer om Kinn kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
Støtteordninger (2)
logo
Kommunalt næringsfond

Kommunalt næringsfond (KNF) er ei ordning for å fremme lokal næringsutvikling og innovasjon. Finansieringa er det fylkeskommunane som står for.


Vedtekter for kommunalt næringsfond:

https://kinn.kommune.no/_f/p1/i7f48c81d-982f-411e-8b20-d88b449822b3/vedtekter-for-kinn-kommunale-naringsfond.pdf


Aksello forvalter det kommunale næringsfondet. Les meir på deira heimesider aksello.no

Bedrifter og næringsliv
logo
Kulturmidlar

Midlane er tenkt til lag, organisasjonar og profesjonelle kulturutøvarar med tilknyting til Kinn kommune som driv med kulturaktivitetar for innbyggarane i kommunen.

Det er oppvekst- og kulturutvalet som avgjer den endelege fordelinga av midlane.

RETNINGSLINJER FOR TILDELING AV KULTURMIDLAR I KINN


1. Tildeling
Kinn kommune deler ut tilskot til kulturføremål. Storleiken på dei midlane som skal fordelast
som tilskot vert bestemt ut frå rammene satt i kulturbudsjettet. Kultur- og oppvekstutvalet
avgjer kvart år den endelige fordelinga etter tilråding frå rådmannen.
2. Føremål
Føremålet med kulturmidlane er å styrke eit aktivt og mangfaldig kulturliv i Kinn kommune.
Midlane skal styrke eksisterande kulturaktivitet og stimulere til nyskapning innan kulturlivet,
og støtte oppunder det kulturarbeidet som vert drive av frivillige lag og organisasjonar.
Tildelinga er forankra i Lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd
(Kulturlova). Føremålet til lova er å «fastleggje offentlege styresmakters ansvar for å fremja
og leggje til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i
kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk».
3. Vilkår for tildeling
3.1 Midlane er tenkt til lag, organisasjonar og profesjonelle kulturutøvarar med tilknyting til
Kinn kommune som driv med kulturaktivitetar for innbyggjarane i kommunen.
Kulturaktivitetar følgjer det utvida kulturomgrepet i kulturmeldingane.
3.2 Kinn kommune vektlegg opne arrangement / tiltak. Organisasjonane som søkjer skal vere
opne for alle som ønskjer medlemsskap.
3.3 Søknadar med born og unge som målgruppe vert prioritert, men det er ikkje noko
aldersgrense på tildelingane. Nyskaping og samarbeid mellom organisasjonar og godt
skisserte prosjekt prioriterast framfor driftstilskot.
3.4 Det er eit eige elektronisk søknadsskjema for ordninga. Lag og organisasjonar opplyser
om tal medlemmar over og under 18 år.
3.5 Kommunen tar atterhald om at søkjarar kan bli bedne om å levere årsmelding, rekneskap
og/eller budsjett i samband med behandling av søknad.
3.6 Søknadsordninga for fri kulturmidlar gjeld ikkje organisasjonar med eit hovudsakleg (1)
kommersielt formål, (2) humanitært eller forkynnande formål, (3) yrkesfagleg formål, eller
(4) politiske parti. Kommunale eller offentlege instansar kan ikkje søkje.
3.7 Søknadar som vert levert etter utlyst frist vert meldt opp som referatsak til Oppvekst- og
kulturutvalet og kan levere inn same søknad til neste års frist.
3.8 Dersom kulturmidlane vert nytta til andre føremål enn omsøkt, kan Kinn kommune krevje
beløpet tilbakebetalt. Det er sett vilkår om at arrangørar som mottek økonomisk støtte til
arrangement aksepterer følgjekortordninga. Søkjarar vert oppmoda om å opplyse i annonser
og liknande at Kinn kommune støttar tiltaket.


Kultur- og oppvekstutvalet kan revidere desse retningslinene når utvalet finn det naudsynt

Organisasjoner og foreninger

Aktuelle utlysinger hos Kinn kommunes støtteordninger

K
Vi er alltid interessert i komme i kontakt med dyktige kandidater. Dersom du synes vår bedrift og bransje er interessant og stillingene vi normalt ansetter til er aktuelle for deg, kan du sende oss en åpen søknad. I søknaden ønsker vi at du inkluderer en CV og et søknadsbrev der du forteller om deg selv og hvorfor du er interessert i å jobbe hos oss. Ved å sende oss en åpen søknad, blir du samtidig registrert i vår CV database slik at vi kan ta direkte kontakt med deg dersom det dukker opp en jobbmulighet.
Fortløpende Kinn

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post