Volda kommunes støtteordninger

Volda kommune deler blant annet ut kulturmidler og tilskudd til festivaler og arrangement. Studenter som melder flytting til kommunen kan søke om Voldakortet som kan brukes til varekjøp lokale butikker, kulturopplevelser, treningssenter, skisenter, kino, konserter, helseklinikker, velvære, serveringssteder m.m. - i teorien de fleste steder du kan betale med kortterminal i Volda. Se fanen "Støtteordninger" for mer informasjon om hva du kan søke på om du har tilknytning til Volda kommune. 

Les mer om Volda kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
Støtteordninger (5)
logo
Kulturmidlar

I Volda kommune kan frivillige lag og organisasjonar søke om kulturmidlar. Ordinær tildeling av kulturmidlane vert gjort på vårparten kvart år. 


Søknadar som kjem inn etter sett frist får ikkje tilskot ved den ordinære tildelinga. Gjenståande midlar kan fordelast til prosjekt og tiltak som det vert søkt på i løpet av året. Tidleg innsats, førebygging og folkehelse er satsingsområde i kommunen.

Her finn du søknadsskjema for å søke om kulturmidlar:

https://skjema.volda.kommune.no/ugyldigskjema.aspx?skjemaid=800038

Prinsipp for tildeling av kulturmidlar i Volda
1. Kulturmidlane skal gå til frivillige lag og organisasjonar i Volda og eventuelle felleslag med nabokommunar.


2. Søkjande lag eller organisasjon må ha organisasjonsnummer, ope medlemsskap, vedtekter og vald styre.


3. Ordinær tildeling av kulturmidlane vert gjort på vårparten kvart år. Søknadsfrist 1. mai. Søknadar som kjem inn etter sett frist får ikkje tilskot ved den ordinære tildelinga.


4. Gjenståande midlar kan fordelast til prosjekt og tiltak som det vert søkt på i løpet av året.


5. Tidleg innsats, førebygging og folkehelse er satsingsområde i kommunen. Tenesteutval for oppvekst og kultur vil prioritere tiltak: 

-retta mot barn, unge og menneske med nedsett funksjonsevne.
-som fleire lag samarbeider om
-som medverkar til å samle på tvers av alder/generasjon, og/eller etnisk/kulturelt opphav
-som bidreg til at fleire vert kulturelt deltakande


6. Kulturmidlane er meinte til prosjekt/tiltak og skal ikkje dekke ordinær drift.


7. Nyskipa lag kan få oppstartstilskot etter særskild vurdering.


8. Det vert ikkje gjeve støtte til reint kommersielle tiltak og arrangement. Det vert heller ikkje gjeve stønad til politiske foreiningar.


9. Søkjar si årsmelding, rekneskap for siste år skal ligge ved søknaden så sant det ikkje ligg føre rimeleg grunn for fritak. For nyskipa lag må protokoll frå skipingsmøte ligge ved.


10. Søknad skal og innehalde prosjektskisse og budsjett for prosjektet/tiltaket det vert søkt midlar til.


11. Det vil verte lagt vekt på og vurdert kor stor sjølvfinansiering søkjaren stiller med. I dette ligg det andre inntekter, dugnad og eigeninnsats m.m.


12. Mottakar av kulturmidlane skal innan eit år etter tildeling gi ein kortfatta rapport, der det går fram at midlane er nytta i samsvar med søknad/tildeling.


Tenesteutval for oppvekst og kultur gjer endeleg vedtak om kulturmidlane etter tilråding frå administrasjonen.

Mottakar av kulturmidlane skal innan eit år etter tildeling gi ein kortfatta rapport der det går fram at midlane er nytta i samsvar med søknad/tildeling.
 

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot festivalar og arrangement

Formål
Formålet med ordninga er å stimulere og vidareutvikle nyetablerte festivalar/arrangement og andre festivalar/arrangement som ikkje er ført opp på eigen post i Volda kommune sitt kulturbudsjett.
 

Kva type festivalar/arrangement kan få tilskot
-Festivalar og arrangment innan kunst- og kulturfeltet i Volda
-Det gis i hovudsak tilskot til aktørar med adresse og verke i Volda
-Organisasjonen må vere registrert i Brønnøysundregisteret
-Tiltak kan støttast med inntil 50% av totale kostnader
-Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller til den løpande drift 



Tildeling - prioritering
Prioritert:
-Festivalar/arrangement som har stor fellesnytte 
-Festivalar/arrangement som bidreg til positive ringverknader for næringslivet
-Festivalar/arrangement som bidreg til nyskaping og utvikling, og som aukar mangfaldet av kulturuttrykk 
-Festivalar/arrangement som bidreg til samarbeid på tvers av ulike kunst- og kulturuttrykk 
-Festivalar/arrangement som bidreg til auka deltaking og samhandling mellom menneske med ulik kulturell bakgrunn og positiv folkehelseeffekt  
-Festivalar/arrangement som kan syne til ein god plan og som har eit realistisk budsjett/finansieringsplan
-Festivalar/arrangement som i budsjett/finansieringsplan syner til andre tilskotsordningar (offentlege eller private) i tillegg til eventuell eigeninntekt 


Ikkje prioritert: 
-Feiring av nasjonaldager
-Feiring av nyttår
-Feiring av merkedagar
-Markering av heilagdagar

Organisasjoner og foreninger
logo
Kulturprisen

Volda kommune ser på kulturlivet som ein stor del av samfunnet vårt. Kommunestyret i Volda ynskjer derfor å honorere og inspirere det gode og viktige arbeidet som vert gjort på kulturfeltet i kommunen, og deler av den grunn ut ein kommunal kulturpris for Volda.

Denne kulturprisen kan tildelast både enkeltpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar eller til institusjonar som er heimehøyrande i Volda kommune.

Det er ein føremon at vinnaren har vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.

Kulturprisen kan også delast ut til kandidatar som ikkje er busett i kommunen, dersom kulturarbeidet til vedkomande har kome, eller kjem, Volda kommune til gode.

Retningsliner for kulturprisen:
-Volda kommune sin kulturpris blir utdelt som honnør til mottakaren for verdifull innsats for kulturlivet i kommunen. Prisen blir delt ut kvart år.


-Målsettinga med prisen er å stimulere kulturarbeidet i kommunen.


-Kulturprisen kan tildelast enkeltpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar eller institusjonar som er heimehøyrande i Volda kommune, og som har vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.

-Kulturprisen kan også delast ut til kandidatar som ikkje er busett i kommunen, dersom kulturarbeidet til vedkomande har kome, eller kjem Volda kommune til gode.

-Kulturprisen blir kunngjort med ein frist for å sende inn forslag på kandidatar det enkelte år. Fristen skal annonserast i avis og på kommunen si heimeside. Alle kan sende inn forslag, og forslaga skal vere skriftlege og grunngjeve.

Ein jury på 3 medlemmer avgjer kven som skal få prisen. Juryen er samansett av ordførar, leiar og nestleiar for tenesteutval for barn og kultur.

Jurymedlemmer kan kome med eigne forslag til kandidatar, og juryen kan tildele prisen til ein kandidat som det ikkje er kome inn eksternt forslag på.

Prisen er på 10.000 kr, og blir overrekt av ordføraren i tilknyting til eit kommunestyremøte.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Frivilligprisen

Sidan 2015 har Volda kommune delt ut ein frilligpris til nokon som har vist stort engasjement for frivillig innsats.
Prisen vart etablert med eit ønskje om å gi positiv merksemd tilbake til frivillige organisasjonar gjennom deira gode arbeid.

Denne prisen kan både vere retta mot enkeltpersonar eller private organisasjonar som har gjort ein god innsats innan frivillig verksemd for innbyggjarar i Volda kommune.

Kva ser ein etter?
Komiteen som skal dele ut frivilligprisen vil vurdere aktuelle kandidatar etter følgjande kriterium/retningslinjer:

Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.
Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.


Frivilligheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeilast i eit tilsvarende mangfald blant prisen sine vinnarar.
Prisen kan gjevast på grunnlag av ein persons/lokal forening/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.


Korleis blir ein nominert?
Alle kan fremme forslag på kandidat til prisen. Jurymedlemmer kan kome med eigne forslag til kandidatar, og kan derfor tildele prisen til ein kandidat som det ikkje er kome inn eksterne forslag på.

Fristen for å kome med forslag til kandidatar skal kunngjerast på kommunen si heimeside.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Voldakortet for studentar som melder flytting

Er du student og har meldt flytting til Volda, kan du få Voldakortet til ein verdi av kr 5000. Du må melde flytting før du søker. Meld flytting via sidene til Skatteetaten - det kan ta tid å få registrert di nye adresse. 

Voldakortet kan nyttast til varekjøp i lokale butikkar, kulturopplevingar, treningssenter, skisenter, kino, konsertar, helseklinikkar, velvere, serveringsstader m.v. - i teorien dei fleste stader du kan betale med kortterminal i Volda. 

Oversikt over kvar du kan bruke Voldakortet finn du på nettsida til Volda Næringsforum.

Vilkår
1. Du må vere heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda, ha gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
2. Du må vere norsk eller utanlandsk statsborgar med norsk personnummer, og ha meldt flytting til Volda. Ordninga gjeld ikkje om du flyttar til Volda frå nabokommunar og kommunar på søre Sunnmøre, dvs. frå: Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stad, Stranda og Stryn.
3. Internasjonale studentar som flyttar til Volda for å studere over fleire studieår, kan søke om Voldakortet for studentar. Du må legge fram dokumentasjon på at du skal studere i Volda over fleire år. 
4. Du må ha meldt flytting til Volda i løpet av dei 2 siste studieåra og kunne leggje fram bustadattest på folkeregistrert adresse i Volda.
5. Du kan søke ordninga ein gong.
6. Du pliktar å vere folkeregistrert i Volda kommune under heile studietida ved Høgskulen i Volda.
7. Voldakortet vert utstedt etter framlagt dokumentasjon på meldt flytting og betalt semesteravgift, samt krav i punkt 3.


Slik går du fram
Meld flytting nå - det kan ta tid å få registrert di nye adresse.

-Meld flytting til folkeregisteret via sidene til Skatteetaten.Det kan ta inntil 3 veker før Skatteetaten har endra adressa di.
-Når di nye adresse er registrert vil du få kvittering i Altinn.
-Har du meldt flytting tidlegare, men manglar flyttemelding, kan du bestille bustadattest frå Skatteetaten.
Gå til: Søknadsskjema - Voldakortet for studentar. Du må laste opp:Flyttemelding/bustadattest (frå Skatteetaten).
-Kvittering på betalt semesteravgift.
-Når søknaden er godkjent få du stadfesting på e-post, med informasjon om kvar du kan hente Voldakortet. 
-Hugs å ta med stadfesting på at du er innvilga Voldakortet, gyldig legitimasjon og dokumentasjon på betalt semesteravgift.

Private / enkeltpersoner

Aktuelle utlysinger hos Volda kommunes støtteordninger

V
Vi er alltid interessert i komme i kontakt med dyktige kandidater. Dersom du synes vår bedrift og bransje er interessant og stillingene vi normalt ansetter til er aktuelle for deg, kan du sende oss en åpen søknad. I søknaden ønsker vi at du inkluderer en CV og et søknadsbrev der du forteller om deg selv og hvorfor du er interessert i å jobbe hos oss. Ved å sende oss en åpen søknad, blir du samtidig registrert i vår CV database slik at vi kan ta direkte kontakt med deg dersom det dukker opp en jobbmulighet.
Fortløpende Volda

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post