Er du student og har meldt flytting til Volda, kan du få Voldakortet til ein verdi av kr 5000. Du må melde flytting før du søker. Meld flytting via sidene til Skatteetaten - det kan ta tid å få registrert di nye adresse.
Voldakortet kan nyttast til varekjøp i lokale butikkar, kulturopplevingar, treningssenter, skisenter, kino, konsertar, helseklinikkar, velvere, serveringsstader m.v. - i teorien dei fleste stader du kan betale med kortterminal i Volda.
Oversikt over kvar du kan bruke Voldakortet finn du på nettsida til Volda Næringsforum.
Vilkår
1. Du må vere heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda, ha gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
2. Du må vere norsk eller utanlandsk statsborgar med norsk personnummer, og ha meldt flytting til Volda. Ordninga gjeld ikkje om du flyttar til Volda frå nabokommunar og kommunar på søre Sunnmøre, dvs. frå: Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stad, Stranda og Stryn.
3. Internasjonale studentar som flyttar til Volda for å studere over fleire studieår, kan søke om Voldakortet for studentar. Du må legge fram dokumentasjon på at du skal studere i Volda over fleire år.
4. Du må ha meldt flytting til Volda i løpet av dei 2 siste studieåra og kunne leggje fram bustadattest på folkeregistrert adresse i Volda.
5. Du kan søke ordninga ein gong.
6. Du pliktar å vere folkeregistrert i Volda kommune under heile studietida ved Høgskulen i Volda.
7. Voldakortet vert utstedt etter framlagt dokumentasjon på meldt flytting og betalt semesteravgift, samt krav i punkt 3.
Slik går du fram
Meld flytting nå - det kan ta tid å få registrert di nye adresse.
-Meld flytting til folkeregisteret via sidene til Skatteetaten.Det kan ta inntil 3 veker før Skatteetaten har endra adressa di.
-Når di nye adresse er registrert vil du få kvittering i Altinn.
-Har du meldt flytting tidlegare, men manglar flyttemelding, kan du bestille bustadattest frå Skatteetaten.
Gå til: Søknadsskjema - Voldakortet for studentar. Du må laste opp:Flyttemelding/bustadattest (frå Skatteetaten).
-Kvittering på betalt semesteravgift.
-Når søknaden er godkjent få du stadfesting på e-post, med informasjon om kvar du kan hente Voldakortet.
-Hugs å ta med stadfesting på at du er innvilga Voldakortet, gyldig legitimasjon og dokumentasjon på betalt semesteravgift.