
Vestnes ungdomsråd lyser ut tre ungdomsstipend à kr 2 500, som etter forslag eller søknad kan tildelast ungdom mellom 13 og 20 år som har utmerka seg i kategoriane song/musikk, idrett og anna kulturkategori.
Forslag/søknad skal grunngjevast og sendast til: postmottak@vestnes.kommune.no
Søknadsfrist blir utlyst på vestnes.kommune.no

Vestnes kommune har etablert ei tilskotsordning kalla “Kontantkassa”.
Kommunen har søkt prosjektmidlar frå Møre og Romsdal Idrettskrets, som har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen til dette føremålet.
Kva er tilskot frå Kontantkassa?
Kontantkassa er ei enkel og ubyråkratisk tilskotsordning.
Tilskotet skal bidra til at alle barn og unge kan delta i minst ein fritidsaktivitet uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon.
Ordninga gjeld for barn og unge i Vestnes i alderen 6-18 år.
Kven kan søke tilskot frå Kontantkassa?
Dei som kan søke om tilskotet er:
Laget/foreininga, som idrettslaget, korpset, koret, lokallaget, kulturskulen og andre.
Ressurspersonar som arbeider i kommunen, som helsesjukepleiar, miljøterapeut, lærar, barneverntenesta og andre
Barnet eller familien kan ikkje søke sjølv.
Krav til søkar
Søkaren må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå Kontantkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande. Kontantkassa skal ikkje vere eit handslag til lag og foreiningar som har utfordringar med å inndrive kontingentar.
Den som søker har ansvar for å følge opp at barnet/ungdommen deltek i aktiviteten det er søkt tilskot til.
Vi ønsker at det er to personar som er knytt til barnet/ungdommen som går god for søknaden. Med dette er meint at den som søker skal hjelpe barnet til å hugse på og komme seg til aktiviteten i starten, men ikkje at den vaksne må følge barnet på alle aktivitetane. Oppfølging kan også innebere å sjekke at kontingenten er betalt.
Kva kan du søke tilskot frå Kontantkassa til?
Det vert gitt tilskot til
-Kontingent/semesteravgift
-Turneringar/cup
-Leir
-Lommepengar
-Utstyr for deltaking i fritidsaktivitetar
Kor mykje tilskot kan eg søke om?
Du kan søke om inntil kr 2.400,- per person per år. Det er mogleg å søke fleire gonger per år.
Slik søker du om tilskot frå Kontantkassa
Du søker elektronisk via Vestnes Kommune sine nettsider:

Vestnes kommune lyser ut kulturmidlar til frivillige lag og foreiningar kvart år. Ein kan søke på eige skjema med frist 25. april.
Kven kan søke?
Lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og driv aktivitet i Vestnes kommune.
Ikkje registrert i Frivilligregisteret? Du kan registrere deg her.
Kva kan det søkast tilskot til?
Kommunale kulturmidlar er eit tilskot til den daglege drifta av lokale lag og organisasjonar. Barne- og ungdomsarbeid har høg prioritet.
Kulturmidlane er delt inn i desse kategoriane:
-Idrett og friluftsliv
-Song, musikk og scenekunst
-Andre kulturformål
Vestnes idrettsråd tilrår korleis midlane skal fordelast mellom idrettsorganisasjonane som er knytt til Noregs idrettsforbund. Eit lokalt råd med utspring i Vestnes kulturskule tilrår korleis midlane skal fordelast i kategorien song, musikk og scenekunst, medan Administrasjonssjefen tilrår fordelinga i kategorien andre kulturformål.
Vestnes formannskap vedtek den endelege tildelinga i alle kategoriane.
I tillegg til kulturmidlane, tildeler Vestnes kommune også midlar til ulike øyremerkte tilskot, ungdomstiltak, Ungdommens kulturmønstring og ungdomsstipend.
Slik søker du
Søknaden må innehalde informasjon om aktiviteten i laget.
Du søker kulturmidlar (aktivitetstilskot) her:
https://skjema.vestnes.kommune.no/skjema/VES0027/
Vedlegg til søknaden:
-Årsmelding
-Rekneskap for siste året
-Du kan laste opp vedlegga direkte i søknadsskjemaet.
Søknadsfristen er 25. april

Kommunale næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i berekraftsfylket Møre og Romsdal. Støtte frå næringsfondet skal utløyse vekstpotensiale i lokale bedrifter, og bidra til å nå kommunane sine mål for lokalsamfunnet.
Kven kan få tilskott
Krav som vert stilt for å få tilskott, kort samanfatta:
-Det kan gjevast tilskot til bedrifter, og til aktørar som legg til rette for næringsutvikling (unntaksvis til kommunane sjølve). -Tiltak som markedsføring, næringsutvikling og mindre investeringar
-Ved vurdering av søknadane skal kommunane legge vekt på - om tiltaket treff formålet med ordninga - i kor stor grad tiltaka vil motverke utfordringane som korona pandemien har skapt - kor raskt tiltaka kan settast i verk
-Skal ikkje være tilskott til å dekke tap i koronatida, eller tiltak for å komme tilbake til «gammalt produksjonsnivå» etter reduksjon grunna korona.
I vurdering om støtte skal tiltaket sin betydning for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet vektleggast.
Slik søker du
Søknad skal sendes via nettstedet Regionalforvaltning.no
Bli varslet om nye utlysinger
Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.
- Ikke gå glipp av utlysinger
- Få varsling per e-post
Fakta om Vestnes kommunes støtteordninger
-
Relaterte bransjer
-
Geografisk tilknytning
-
Stipendkategorier
-
Hvem kan søke?