Stranda kommunes støtteordninger

Stranda kommune deler ut midler til blant annet kultur og næringsutvikling. Se fanen "Støtteordninger" for mer informasjon om hva du kan søke på om du har tilknytning til Stranda kommune.

Les mer om Stranda kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (5)
logo
Ungdomsmidlar

Retningslinjer
Fordeling av ungdomsmidlar i Stranda kommune
1. Ungdomsrådet i Stranda kommune disponerer midlar til fordeling til ungdomsaktivitetar. Søkar skal ha hovuddelen av sitt arbeid i kommunen eller aktiviteten skal
vere retta mot ungdom i kommunen.
2. Ungdomsrådet fordelar tilskot ein gong årleg med søknadsfrist 15. mars.
Ungdomsrådet kan sjølv vurdere om heile beløpet skal delast ut etter søknad eller om
delar av midlane kan fordelast etter eige initiativ.
3. Tilskotet skal gis til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement i kommunen og
skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som ikkje elles får støtte frå det ordinære
budsjettet til kommunen.
4. Ungdomsrådet er forplikta til å annonsere søknadsfristen i god tid for tildeling av
midlane.
5. Administrasjonen må syte for at dei som søker midlar snarleg får tilbakemelding om
behandlingsprosedyren for slike saker og når avgjersle blir teken.
6. Ungdomsrådet skal ha høve til å sette i verk kontroll med at midlane blir brukt etter
føresetnaden.

Det vert delt ut totalt kr. 20.000.

Privatpersoner
logo
Kulturmidler

Retningsliner for tilskot til kulturformål i Stranda kommune
 
 1. FORMÅL
Desse retningslinene regulerer tilskot frå Stranda kommune til kulturarbeid i kommunen. Formålet med kommunale tilskot er å stimulere aktiviteten i frivillige lag og organisasjonar, og å støtte kulturtiltak i regi av einskildpersonar og organisasjonane.

 

2. TILSKOTSMOTTAKARAR
Stranda kommune kan etter søknad gje tilskot til friviljuge lag og organisasjonar og einskildpersonar. Søkjaren skal ha hovuddelen av sitt arbeid i kommunen eller arbeidet skal vere retta mot innbyggjarane i kommunen.

Organisasjonar som søkjer om tilskot skal vere demokratisk oppbygd og opne for alle. Organisasjonane må ikkje ha som mål å fremje eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesser.

Søkjarane skal i regelen ha kulturarbeid som hovudelement i sin formålsparagraf. Tilskot kan gjevast til andre søkjarar om ein vurderer tiltaket som spesielt viktig for kulturlivet i kommunen.

Kommunen vil ikkje gje tilskot til organisasjonar som har som hovudoppgåve å samle inn pengar for å gje dette vidare til ulike formål, sjølv om dette gjeld kulturformål.

3. TILSKOTSTYPAR
Ein gjev følgjande type tilskot:

a) Driftstilskot til organisasjonar som driv idrett, musikk, anna ungdomsarbeid og andre kulturformål

b) Tilskot til særskilde tiltak (prosjekt)

c) Tilskot/underskotsgaranti til konsertar og musikktilstellingar

d) Tilskot/underskotsgaranti til arrangement

Driftstilskot til idrettsaktivitet, musikk og ungdom vert gjeve til organisasjonar som har høvesvis idrettsaktivitet, musikk og ungdomsarbeid som si hovudmålsetjing.

Tilskot til særskilde tiltak vert gjeve til avgrensa tiltak som er skipa til av organisasjonar og/eller einskildpersonar. Dei som får tilskot skal sende inn rekneskap for prosjektet når dette er avslutta.

Tilskot til konsertar og musikktilstellingar vert gjeve til organisasjonar eller einskildpersonar som er arrangørar for større konsertar og/eller musikktilstellingar med nasjonale artistar og/eller samlar deltakarar frå heile landsdelen. 

Tilskot til arrangement vert gjeve til organisasjonar eller einskildpersonar som er arrangør for større arrangement som samlar publikum eller deltakarar frå heile landsdelen.

Les meir på stranda.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Kulturpris

Kulturprisen skal delast ut til einskildpersonar, lag eller organisasjonar i Stranda kommune som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege. 


Formålet med kulturprisen
Formålet med prisen er å stimulere lag, grupper eller personar i arbeidet for utbreiing, utøving og organisering av ulike kulturaktivitetar i Stranda kommune. 

Kven som helst kan kome med forslag på kandidatar til prisen. Det er ingen søknadsskjema eller mal for innsending av forslag. 

Helse, oppvekst og kulturutvalet (HOK) i Stranda kommune avgjer om prisen skal delast ut, kven som skal få prisen og, i tilfelle deling, kor stor del kvar skal få. 

Kulturprisen skal delast ut av HOK ved høve og kan delast ut berre ein gong til same person/lag/gruppe for same aktivitet.

Kulturprisen er på kr. 10 000.

 

Innmelding av kandidatar
Forslag med grunngjeving av kandidatar sendast til post@stranda.kommune.no. Merk søknaden med "Kulturpris [år]".

Frist for innsending av forslag til kandidatar er 1. oktober.

Kontakt kulturleiar Elisabeth A. Opsvik på tlf. 464 11 054 eller e-post eliops@stranda.kommune.no om du har spørsmål.  

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Talentpris

Talentprisen skal heidre unge kulturutøvarar og er gje dei inspirasjon til vidare aktivitet. 
I 2018 vart det vedteke å ta opp att tradisjonen med å dele ut ein årleg pris til unge talent i Stranda kommune.

Prisen er på kr. 10.000 og er sponsa av Stranda Energi AS. 

 

Vedtak 019/18 Helse og oppvekstkomiteen:
1. Stranda Energi sin talentpris på kr 10 000,- skal delast ut til born/ungdom som utmerkar seg med eit spesielt talent eller viser spesiell dugleik. For å bli kandidat må ein ha synt at ein fortener karakteristikken lovande innan sitt felt. Lovande innan kulturfeltet som song, musikk, teater, litteratur, biletkunst, dans, idrett, kulturvern, lokalhistorie osb. Ein kan ikkje få prisen meir enn ein gong.


2. Utøvaren bør vere under 20 år og bu eller vere oppvaksen i Stranda kommune.


3. Det vert sett ned ein komite som gjer vedtak om prisen skal delast ut og kven som får den. Komiteen skal vere samansett av ein person frå kvart av dei fire bygdelaga i kommunen og leiar av HOK. Rådmannen får delegert mynde til å utnemne komitemedlemar frå bygdelaga. HOK-leiaren orienterar HOK om innstillinga til komiteen.


4. Frist for innmelding av kandidatar vert sett til 31. januar kvart år. Prisen gjeld då for året som har vore.

 

Innmelding av kandidatar
Forslag med grunngjeving av kandidatar sendast til post@stranda.kommune.no. Merk søknaden med "Talentpris [år]". 

Kontakt kulturleiar Elisabeth A. Opsvik på tlf. 464 11 054 eller e-post eliops@stranda.kommune.no om du har spørsmål.  

Privatpersoner
logo
Kommunalt næringsfond

Kommunalt næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i Stranda kommune.

Kommunalt næringsfond kan berre brukast til nyetablerarar og bedrifter. Bedriftsretta tiltak (direkte stønad til bedrifter) kan vere i regi av einskildbedrifter eller i form av nettverk mellom bedrifter. Kommunen kan ikkje bruke næringsfondet til generelle, tilretteleggande nærings- og samfunnsutviklingstiltak.

Det kan berre gjevast stønad til tidsavgrensa utviklingsprosjekt.  

Dei bedriftsretta tiltaka kan omfatte investering i:

 Produksjonsanlegg og utstyr
 Profilering/merkevarebygging
 Produktutvikling
 Kompetansehevingstiltak (kurs, seminar)
 Marknadsundersøking
 Bedriftsutvikling
 Rådgjeving
 Nettverksbygging/bedriftsnettverk e.l.  
Stranda tilhøyrer sone III i Virkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte, og KNF kan dermed nyttast til investeringsstøtte i maskinar og utstyr. Tildeling frå næringsfondet er etter EØS-regelverk for statsstønad definert som bagatellmessig stønad. Bedrifta har sjølv ansvar for ikkje å ta i mot meir enn beløpsgrensa for slik stønad.

Kommunale næringsfond kan ikkje brukast til:

 Renter, avdrag og refinansiering av lån, kausjon og garantiar
 Kjøp av aksjar eller investering i eigenkapital, uavhengig av organisasjonsformer
 Ordinær drift av verksemder. All stønad som ikkje er knytt til konkrete utviklingsprosjekt vert sett på som driftsstønad. I bedrifter vil dette til dømes gjelde vedlikehald og utskifting av gammalt utstyr med nytt utstyr av same type.
 Investeringar i, eller ordinær drift og vedlikehald av, offentlege oppgåver.
 Bedriftsretta stønad som er konkurransevridande lokalt
 Tilretteleggande næringsutviklingsarbeid i regi av kommunen eller andre organisasjonar
Investeringar som vert gjorde før søknad om stønad frå næringsfondet er handsama, skjer på eigen risiko for søkjaren.

Alle som søkjer må opplyse om kor mange nye arbeidsplasser tiltaket kan skape, eller medverkar til å sikre. Kommunen skal rapportere dette som ein del av årsrapporteringa til departementet.


Kontakt
Inge Bjørdal
Næringssjef
Send e-post
46411023
Kart
 
 
 
 
 
 





 
 

 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
   

Bedrifter og næringsliv

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post