Stord kommunes tilskotsordningar, prisar og stipend

Stord kommune tilbyr ulike støtteordninger og stipender til sine innbyggere. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hvilke støtteordninger kommunen tilbyr.

Les mer om Stord kommunes tilskotsordningar, prisar og stipend
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
Utlysing
Utlysing
Ikke spesifisert
Stord
Støtteordninger (8)
logo
Stord kommunes kulturstipend

Heile summen kan gjevast til ein person, eller delast. Føresetnaden for stipendet er at det til ei kvar tid vert stilt pengar til disposisjon på budsjettet. Det er Utval for oppvekst og kultur som deler ut stipendet. Stipendet vert delt ut samstundes som kulturpris og målpris ved Stord musikklag sin årlege nyttårskonsert i januar.

Stipendet kan søkjast til bestemte arbeidsoppgåver, til studiereiser og til utdanning. Komiteen for næring, miljø og kultur kan og tildela stipend på eige initiativ og/eller etter framlegg frå andre.

Utval for oppvekst og kultur kunngjer søknadsfristen i lokalpressa og under "Kunngjeringar" på kommunens nettsider.

Stipendiaten sender ei kort melding til komiteen om korleis stipendet er nytta.

Private / enkeltpersoner
logo
Reinert Agdesteins minnefond

Reinert Agdesteins minnefond er eit fond for å utvikla og dyktiggjera unge dirigentar og sangarar/musikarar i Stord Kommune, ved å gje desse stipend. Alle medlemslag som til ei kvar tid er medlemmer i Stord Musikkråd, er medlemmer i fondet.

Private / enkeltpersoner
logo
Stord kommune sin målpris

Målprisen skal delast ut til den butikk/verksemd som merkjer seg ut med god nynorsk i staden for bokmål og engelsk.

Prisen vert delt ut samstundes som kulturpris og kulturstipend ved Stord musikklag sin årlege nyttårskonsert i januar.

Utval for oppvekst og kultur nemner opp ei målprisnemnd med to representantar frå Stord mållag og to representantar for komiteen. Målprisnemnda vert oppnemnd for ein valbolk. Kulturtenester er sekretær for nemnda.

Målprisnemnda syt for å få inn framlegg til kandidatar og innstiller til utvalet for oppvekst og kultur som gjer vedtak.

Frist for å føreslå kandidat er 15. september.

Bedrifter og næringsliv
logo
Stord kommune sin eldsjelpris

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV ELDSJELPRIS


-Eldsjelprisen er oppretta for å stimulera til frivillig arbeid i Stord kommune
-Prisen vert delt ut i samband med årleg felleskonferanse for frivillig sektor. Alternativt blir prisen utdelt samstundes som   kulturpris og kulturstipend ved Stord musikklag sin årlege nyttårskonsert i januar.
-Prisen kan gjevast til ein person eller eit lag/ein organisasjon for langvarig og tru teneste eller for nyskaping innanfor frivillig   arbeid i Stordsamfunnet
-Prisen er eit kunstverk og ei skriftleg grunngjeving for tildelinga
-Utvalet for oppvekst og kultur kunngjer fristen for innmelding av kandidatar i lokalpressa. Forslagsfrist 15. september
-Utval for oppvekst og kultur tildeler prisen etter framlegg frå ei nemnd samansett av 1 representant frå Frivilligsentralen, 1 frå   Stord idrettsråd, 1 frå Stord musikkråd og 2 frå utvalet. Eining for kulturtenester er sekretær for nemnda.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til andre kulturtiltak

Føremålet med tilskotsordninga er å stimulera og vidareutvikle det lokale kulturlivet. Midlane skal i hovudsak nyttast til:

-Prosjekter og opne arrangement.
-Utvikla barn og unge sine kulturopplevingar.
-Gje innbyggjarane eit variert kunst- og kulturtilbod.
-Fremja nyskapning, festivalar, mønstringar m.m.

Det vert ikkje gjeve tilskot til følgjande:


-Lukka arrangement
-Kurs-/seminarverksemd og deltaking
-Ordinære driftstilskot
-Reise- og turnestøtte
-Kommersielle arrangement /prosjekt
-Innkjøp av materiell/utstyr

Søknaden skal innehalda:


-Plan for arbeidet/tiltaket
-Oversikt over innhaldet i arrangementa
-Oversikt over kva geografisk område tiltaket skal dekka
-Budsjett og eventuelt rekneskap for verksemda


Søknad skal sendast Stord kommune. Støtte kan gjevast som underskotsgaranti eller som tilskot inntil 30% av total kostnad. (Dugnadsinnsats ikkje medrekna).

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til verna kulturminne

Føremålet med tilskotsordninga er å minimalisera tapet av verneverdige kulturminne, ved å verdsetja og forvalta verneverdige kulturminne i tråd med nasjonale og regionale mål. Ordninga skal stimulera til auka innsats på kulturminnefeltet og styrka vern av prioriterte kulturminne av lokal og regional verdi.

Kven kan søkja?
Alle private/ organisasjonar som er eigarar av eit kulturminne.

Last ned søknadsskjema på stord.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Seniorprisen

Seniorprisen vert delt ut til ein person eller ei gruppe med seniorar med tilknyting til og forankring i Stord kommune. Prisen vert gjeven som ei påskjøning i høve det eldre bidreg til i samfunnet.

Utdelinga vert gjort kjent i lokalpressa, og det er høve til å koma med skriftlege framlegg til Eldrerådet. Frist for å føreslå kandidat er 15. september.

Prisen er eit kunstverk eller anna høvande.

Liste over kandidatar vert lagt fram i møte. Eldrerådet gjer vedtak om kven som får prisen, som vert delt ut på Eldredagen.

Private / enkeltpersoner
logo
Pris for god tilgjenge

Komitè for Miljø og kultur vedtok i møte 20.09.07 at Stord kommune skulle innføre ein pris for god tilgjenge. Prisen består av eit diplom og eit kunstverk til maks kr 10 000. Prisen skal første gong delast ut våren 2008. Det er Råd for menneske med nedsett funksjonsevne (RFM) som fattar vedtak om kven som får prisen, etter framlegg til kandidatar. Utdelinga skal gjerast kjent i lokalpressa.

Frist for å koma med framlegg til kandidatar er 15. september og vert annonsert på denne nettstaden og i bladet Sunnhordland.

Eit likeverdig samfunn
Me har som mål å gjera Stord til eit samfunn med likeverd, deltaking og valfridom for alle. For den som har nedsett syn eller høyrsel, er astmatikar, går med krykkjer for ein kort periode eller sit i rullestol, er det ikkje likegyldig korleis samfunnet er utforma.

Me deler ut ein pris til den butikken, banken, serveringsstaden, kulturinstitusjonen, hotellet, organisasjonen eller andre som har planlagt og gjort ein innsats for å skapa eit samfunn for alle.

Regjeringa sin handlingsplan seier at Noreg skal vera universelt utforma innan 2025. Det skal gjennomførast ei rekkje tiltak innan følgjande fire prioriterte innsatsområde:

-uteområde/planlegging
-bygningar
-transport 
-IKT

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner

Aktuelle utlysinger hos Stord kommunes tilskotsordningar, prisar og stipend

S
Eit arbeids- og utdanningsstipend som kvart år delast ut til kulturarbeidarar og kunstnarar
Ikke spesifisert Stord

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post

Fakta om Stord kommunes tilskotsordningar, prisar og stipend