RETNINGSLINER FOR TILDELING AV ELDSJELPRIS
-Eldsjelprisen er oppretta for å stimulera til frivillig arbeid i Stord kommune
-Prisen vert delt ut i samband med årleg felleskonferanse for frivillig sektor. Alternativt blir prisen utdelt samstundes som kulturpris og kulturstipend ved Stord musikklag sin årlege nyttårskonsert i januar.
-Prisen kan gjevast til ein person eller eit lag/ein organisasjon for langvarig og tru teneste eller for nyskaping innanfor frivillig arbeid i Stordsamfunnet
-Prisen er eit kunstverk og ei skriftleg grunngjeving for tildelinga
-Utvalet for oppvekst og kultur kunngjer fristen for innmelding av kandidatar i lokalpressa. Forslagsfrist 15. september
-Utval for oppvekst og kultur tildeler prisen etter framlegg frå ei nemnd samansett av 1 representant frå Frivilligsentralen, 1 frå Stord idrettsråd, 1 frå Stord musikkråd og 2 frå utvalet. Eining for kulturtenester er sekretær for nemnda.