
Avkastninga skal nyttast til tiltak for personar busatt i Hemsedal som utifra psykiske og fysiske behov treng hjelp til å delta i aktivitetar.
Utdelinga av legatavkastninga skal skje ca 15. januar kvart år etter kunngjering.
Søknadsskjema fåes ved å kontakte kommunen.

Hemsedal kommune sin kulturpris er eit diplom og eit kunstnerisk uttrykk.
Diplomet er utarbeidd av grafikaren Svein Rosseland.
Ein legg vekt på at også kulturprisen skal vere utforma av kunstnarar med lokal tilknyting.
Kriteria
Hemsedal kommune sin kulturpris kan delast i tre kategoriar:
1. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast
ein einskildperson
ei gruppe av personar
institusjon
organisasjon
som har vist/viser evne og vilje til å yte kulturinnsats ut over det vanlege.
2. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast
ein bygning
eit bygningsmiljø
som i særleg grad tek vare på den lokale byggeskikken
3. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast
ein einskildperson
ei gruppe av personar
organisasjon
institusjon
som har merka seg ut gjennom idrettsprestasjonar lokalt, nasjonalt eller internasjonalt
Kandidaten må ha nær tilknytning til Hemsedal sitt kultur-/idrettsliv og vere busett eller arbeide i Hemsedal kommune. Profesjonelle og amatørar har lik moglegheit til å få kulturprisen. Ingen kan få prisen meir enn ein gong.
Hovudutval for Livsløp avgjer kven som skal motta prisen.
Bli varslet om nye utlysinger
Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.
- Ikke gå glipp av utlysinger
- Få varsling per e-post
Fakta om Hemsedal kommunes legat og støtteordninger
-
Relaterte bransjer
-
Stipendkategorier
-
Hvem kan søke?