Spelemidlar for idrett og fysisk aktivitet

Offentlig støtteordning
Om støtteordningen

Staten har som mål å bidra til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg slik at flest mogeleg kan drive idrett og fysisk aktivitet.


Spelemidlar
Staten har som mål å bidra til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg slik at flest mogeleg kan drive idrett og fysisk aktivitet.

Spelemidlane vert brukt til tiltak som gjev innbyggjarane høve til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den medlemsbaserte frivillige idretten.

Lokalmiljøanlegg, som særleg stimulerer og tilfredstiller barn sitt behov for fysisk aktivitet, vert prioriterte. For ungdom, er det eit mål å utvikle anlegg som støttar dei behova ungdom har for utfordring og variasjon.

Krav for å kunne søke om spelemidlar:
er at tiltaket er med på det prioriterte handlingsprogrammet i "Handlingsplan for idrett og fysisk aktivitet."

De kan melde nye anlegg inn i handlingsprogrammet ved å sende e-post til kommunen.

Søknader må opp til politisk godkjenning før dei vert sendt til Viken fylkeskommune for handsaming. Kommunen strekker seg langt for å få med flest mogleg søknader, men søknadar må vere komplett før dei vert handsama.

Søknad
Frist for innleving av komplett søknad er 1. oktober
Alle søknader må leverast elektronisk
Søknadsskjema finn du på www.anleggsregistret.no


For meir informasjon ta kontakt med Mads Elbrønd tlf: 31 40 88 59 / 409 16 449 eller e-post postmottak@hemsedal.kommune.no / mads.elbrond@gol.kommune.no
arrow_upward

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Hemsedal kommunes legat og støtteordninger
logo
Hemsedal kommune sitt legat

Avkastninga skal nyttast til tiltak for personar busatt i Hemsedal som utifra psykiske og fysiske behov treng hjelp til å delta i aktivitetar.

Utdelinga av legatavkastninga skal skje ca 15. januar kvart år etter kunngjering. NB. Det er ikkje midler i legatet kvart år.

Søknadsskjema fåes ved å kontakte kommunen.

Privatpersoner
logo
Hemsedal kommunes kulturpris

Hemsedal kommune sin kulturpris er eit diplom og eit kunstnerisk uttrykk.
Diplomet er utarbeidd av grafikaren Svein Rosseland.
Ein legg vekt på at også kulturprisen skal vere utforma av kunstnarar med lokal tilknyting.

Kriteria
Hemsedal kommune sin kulturpris kan delast i tre kategoriar:

1. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast

ein einskildperson
ei gruppe av personar
institusjon
organisasjon
som har vist/viser evne og vilje til å yte kulturinnsats ut over det vanlege.

2. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast

ein bygning
eit bygningsmiljø
som i særleg grad tek vare på den lokale byggeskikken

3. Hemsedal kommune sin kulturpris kan tildelast

ein einskildperson
ei gruppe av personar
organisasjon
institusjon
som har merka seg ut gjennom idrettsprestasjonar lokalt, nasjonalt eller internasjonalt

Kandidaten må ha nær tilknytning til Hemsedal sitt kultur-/idrettsliv og vere busett eller arbeide i Hemsedal kommune. Profesjonelle og amatørar har lik moglegheit til å få kulturprisen. Ingen kan få prisen meir enn ein gong.
Hovudutval for Livsløp avgjer kven som skal motta prisen.

Organisasjoner og foreninger
Om Hemsedal kommunes legat og støtteordninger

Hemsedal kommune tilbyr sine innbyggere forskjellige legat, stipend og andre støtteordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du bor i Hemsedal kommune.