
Kultur- og idrettsprisen skal tildelast den som gjer ein særleg innsats for å fremje kultur- og idrettsarbeid og gjere kultur tilgjengeleg for innbyggarane i kommunen.
Alle innbyggarar, frivillige organisasjonar og kulturinstitusjonar i Ålesund kommune kan foreslå kandidatar til prisen. Forslag på kandidatar må ha god grunngjeving.
Kven kan motta prisen?
Prisen kan tildelast ein person eller organisasjon.
For å kunne få tildelt prisen må vedkommande vere busett i Ålesund kommune eller ha særleg tilknytning til kommunen.Mottakar av Kultur- og idrettsprisen får eit prisbeløp på kr 10.000,-, arbeid av lokal kunstnar til verdi rundt kr 4.000,- og eit diplom.
Kven avgjer kven som skal få prisen?
Komite for kultur og medborgarskap behandlar og tildeler prisen. Komiteen kan også velje kandidater som ikkje er foreslått av andre.
Frist
Frist for innsending av kandidatar til Kultur- og idrettsprisen er 1. september kvart år.
Utdeling av prisen
Kultur- og idrettsprisen blir delt ut på kommunestyret sitt desembermøte.

Ungdommens kulturpris skal tildelast som motivasjonsfaktor og påskjønning til den som har utmerka seg gjennom kulturell utfalding eller skapande verksemd.
Alle innbyggarar, frivillige organisasjonar og kulturinstitusjonar kan foreslå kandidatar til prisen. Forslag på kandidatar må ha god grunngjeving.
Kven kan motta prisen?
Ungdommens kulturpris kan tildelast enkeltpersoner 14-25 år, eller grupper av ungdom i denne alderen.
For å kunne få tildelt prisen må vedkommande vere busett i Ålesund kommune eller ha særleg tilknytning til kommunen.
Mottakar av Ungdommens kulturpris får eit prisbeløp på kr 10.000,-, arbeid av lokal kunstnar til verdi rundt kr 4.000,- og eit diplom.
Kven avgjer kven som skal få prisen?
Ungdomsrådet behandlar og tildeler prisen. Rådet kan også velje kandidater som ikkje er foreslått av andre.
Frist
Frist for innsending av kandidatar til Ungdommens kulturpris er 1. september kvart år.
Utdeling av prisen
Ungdommens kulturpris blir delt ut på kommunestyret sitt desembermøte.

Ålesund kommune sin kunstnarpris skal tildelast kunstnarar på høgt nivå eller særleg talentfulle unge kunstnarar.
Alle innbyggarar, organisasjonar og institusjonar i Ålesund kommune kan fremje forslag om kandidater til prisen. Forslag på kandidatar må ha god grunngjeving.
Kven kan motta prisen?
Kunstnarprisen kan tildelast biletkunstnarar, brukskunstnarar, filmkunstnarar, forfattarar, komponistar, scenekunstnarar, tonekunstnarar og andre som tilfredsstiller kunstnariske krav.
For å kunne få tildelt prisen må vedkommande vere busett i Ålesund kommune eller ha særleg tilknytning til kommunen.
Mottakar av Kunstnarprisen får eit prisbeløp på kr 10.000,-, arbeid av lokal kunstnar til verdi rundt kr 4.000,- og eit diplom.
Kven avgjer kven som skal få prisen?
Komite for kultur og medborgarskap behandlar og tildeler prisen. Komiteen kan også velje kandidater som ikkje er foreslått av andre.
Frist
Frist for innsending av kandidatar til kunstnarprisen er 1. september kvart år.
Utdeling av prisen
Kunstnarprisen blir delt ut på kommunestyret sitt desembermøte.

Heidersprisen skal tildelast for betydningsfull, samfunnsnyttig innsats for innbyggarar i kommunen. Prisen skal vere ei påskjønning for utført arbeid, og vere ei oppmuntring til å halde fram det gode arbeidet.
Enkeltpersonar, grupper av personar, lag eller organisasjonar kan få prisen. Heidersprisen kan kun bli tildelt busette i kommunen eller dei som er særleg tilknytta til kommunen.

Miljøprisen skal tildelast for særskild innsats for berekraftig miljø, her under klima- og energitiltak. Alle innbyggarar, organisasjonar og institusjonar i Ålesund kommune kan fremje forslag om kandidater til prisen.
I grunngjevinga bør det forklarast korleis den nominerte har betra det fysiske miljøet og/eller redusert klimagassutslepp.
Kven kan motta prisen?
Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, organisasjonar, barnehagar, skular og offentlege og private verksemder/bedrifter som har utmerka seg på miljøområdet, og som bidrar til at Ålesund kommune når klima- og miljømåla fram mot 2030.
Mottakar av Miljøprisen får eit prisbeløp på kr 10.000,-, arbeid av lokal kunstnar til verdi rundt kr 4.000,- og eit diplom.
Kven avgjer kven som skal få prisen?
Komite for teknisk, miljø og samferdsel behandlar og tildeler prisen. Utvalet kan også velje kandidater som ikkje er foreslått av andre.
Frist
Frist for innsending av kandidatar til Miljøprisen er 1. september kvart år.
Utdeling av prisen
Miljøprisen blir delt ut på kommunestyret sitt desembermøte.
Bli varslet om nye utlysinger
Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.
- Ikke gå glipp av utlysinger
- Få varsling per e-post
Fakta om Ålesund kommunes kulturpriser og kulturstipend
-
Relaterte bransjer
-
Geografisk tilknytning
-
Stipendkategorier
-
Hvem kan søke?