Kulturtilskota har som føremål støtte oppunder, stimulere og vidareutvikle eit mangfaldig kulturliv i Ålesund. Her kan du søke tilskot til rekruttering og aktivitet, kulturbygg og kulturarenaer og stipend.
Hugs å sette deg inn i gjeldande retningslinjer før du søker.
Nytt av året er eit vilkår om at laga må presentere tilboda som blir gitt i felles aktivitetskalender – alesund.friskus.com. Dersom det blir vanskar med å opprette laget som brukar og arrangør, kan dei lokale innbyggartorga vere til hjelp.
Tiltak som vil bli prioritert:
-Tiltak for barn og unge.
-Kultur- og idrettstiltak som gir auka aktivitet, inkludering og deltaking i nærmiljøa.
-Tiltak som fremjar felleskap og felles identitet som samarbeidsprosjekt på tvers av dei tidlegare kommunegrensene.
-Tiltak for å sikre gode møteplasser og arenaer for kultur og fritid i lokalsamfunna.
Les retningslinjer og søk elektronisk på kommunens hjemmesider:
https://alesund.kommune.no/kultur-idrett-og-fritid/tilskotsordningar/kulturtilskot/