Aasmund Norgaards legat

Legatet gjev stønad etter behov til vidaregåande utdanning, særleg i praktisk retning, til ungdom frå Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Skien, Tokke og Vinje kommunar. Gjev også stønad etter behov til opphald ved folkehøgskule til ungdom frå Telemark.

Aasmund Norgaard vart fødd på Dalen 14. mai 1859. Flytta til Skien og døydde barnlaus 10. juni 1938. I Skien overtok han fleire eigedomar, m.a. eigedomen Søndre Mæla, og starta opp vassverk i 1906. Vassverket forsynte delar av Gjerpen og Skien med vatn. Alle hans økonomiske disposisjonar danna grunnlaget for legatet. Legatet vart oppretta 13. februar 1919.

 

Les mer om Aasmund Norgaards legat
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Stønad til vidaregåande opplæring til ungdom frå Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Skien, Tokke, Vinje
Støtteordninger (1)
logo
Aasmund Norgaards legat

Gjev stønad etter behov til vidaregåande utdanning, særleg i praktisk retning, til ungdom frå Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Skien, Tokke og Vinje kommunar. Gjev også stønad etter behov til opphald ved folkehøgskule til ungdom frå Telemark.

Søknadsinformasjon

Det er søknadsfrist 10. januar kvart år på eige søknadsskjema:

https://www.vest-telemark.no/media/51614/aasmundplusnorgaardspluslegatplussc3b8knadsskjema.pdf

Søknad med slike vedlegg som er nemnd nedanfor kan innan 10. januar kvart år sendast til:

Aasmund Norgaards legat v/Torgeir Nordal, Framnes 40, 3854 Nissedal, tlf. 415 61 239

 

Med søknaden skal leggjast ved:

- likningsattest for søkjaren sjølv

- likningsattest for foreldre/forsytar (uansett søkjarens alder og om søkjaren vert forsytt)

- erklæring frå utdanningsstaden om at utdanninga er byrja og kor langt studiet er kome.

Dersom alle opplysingar eller alle vedlegga ikkje ligg føre, vil søknaden ikkje bli handsama

Privatpersoner

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post