Hyllestad kommunes støtteordninger

Hyllestad kommune deler midler fra flere fond. Se fanen "Støtteordninger" for mer informasjon om hva du kan søke på om du har tilknytning til Hyllestad kommune.

Les mer om Hyllestad kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
Støtteordninger (5)
logo
Fritidsfond

Har du barn i alderen 5 til 17 år og slit med svak økonomi – utan at du får hjelp frå NAV?

Då kan Fritidsfondet hjelpe. Hyllestad kommune har oppretta Fritidsfondet for å sikre at barn og unge frå familiar med svak økonomi kan søkje om støtte til organiserte fritidsaktivitetar. Det er ei tillitsbasert ordning utan krav til dokumentasjon av din økonomiske situasjon. Alle søknader vil bli handsama konfidensielt.


Reglement for Hyllestad fritidsfond


1.    Føremål: 
Hyllestad Fritidsfond har som føremål å gi barn og unge i alderen 5-18 år moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitetar til tross for svak familieøkonomi.

2.    Målgruppe:
Barn og unge mellom 5 og 18 år som er busett i Hyllestad kommune, og som ikkje allereie mottek støtte til fritidsaktivitetar via NAV.

3.    Støtta skal brukast til:    
Betaling for kostnader knytt til faste organiserte fritidsaktivitetar i Hyllestad kommune, eller ein av nabokommunane. Dette kan vere:

-medlemskontingent
-trenings- og aktivitetsavgift
-kulturskuleavgift
-lisensar
-eigenandel for turar, treningsleirar, deltaking på stemne og cupar m.m.


4.    Støttebeløp:
Det kan bli gitt maksimalt 3000,- kr. i støtte til eit enkelt barn/ungdom i løpet av eit år.
Søknadsbeløp må være minimum 300,- kr. pr. barn/ungdom. Det kan søkjast fleire gonger i løpet av året. 

5.    Søknadsprosedyre:    
Føresette søkjer via digitalt skjema på Hyllestad kommune si heimeside. Søknader vert handsama fortløpande, og ein kan vente svar seinast innan 3 veker. Søknaden skal innehalde informasjon om kven det blir søkt for og kva det blir søkt støtte til. Søkjar lastar så opp kvittering av betalte utlegg og ber om refusjon frå fritidsfondet. Det vert ikkje stilt krav om dokumentasjon av søkjar sin økonomiske situasjon, ordninga er tillitsbasert.

6.    Søknadshandsaming:
Søknaden vert handsama administrativt av sakshandsamar i oppvekst- og kulturavdelinga i kommunen. Kopi av vedtak vert sendt til NAV.

Les meir og søk elektronisk:

https://www.hyllestad.kommune.no/tenester/kultur-og-fritid/fritidsfond/

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Spelemidlar

pelemidlar (tippemidlar) er den støste finansieringskjelda for utvikling av anlegg for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og bygging av kulturbygg.

Det er kulturavdelinga i kommunen som administrerer søknader for ordningane om spelemidlar. Ta kontakt for å få oppretta anleggsnummer til dykkar prosjekt. Det må vere på plass før det er muleg å søkje om spelemidlar.


Spelemidlar til anlegg:

Fylkeskommunen forvaltar og fordeler spelemidlar frå Kulturdepartementet til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane. Regional plan for kultur 2019 - 2027 har føringar for kommunane i Sogn og Fjordane.

Kommunane sin anleggspolitkk vert styrt av nasjonale- og regionale føringar. Derfor er det lurt å setje seg inn i regjeringa sin anleggspolitikk og Vestland Fylke sin anleggspolitikk.

Søkadsskjema og rettleiing for utfylling av desse finn du på www.anleggsregisteret.no

Søknadsfrist til kommunen er 15.10. kvart år.

 

Spelemidlar til Kulturbygg:

Informasjon om ordninga og retningsliner for søknad finn ein på Vestland Fylke si side om kulturutvikling.

For å kunne søkje om kulturbyggmidlar så må tiltaket først meldast inn til kulturavdelinga i Hyllestad, og det må opprettast eit anleggsnr. på tiltaket.

Etter at tiltaket har fått eit anleggsnr. skal søknader utformast og leverast elektronisk via anleggsregisteret.

Søknadsfrist til kommunen er 01.03. kvart år.

Organisasjoner og foreninger
logo
Hyllestadfondet

Med bakgrunn i at Hyllestad kommune har motteke betydelege midlar frå det nasjonale Havbruksfondet, ble det gjort vedtak i Hyllestad kommunestyre at nokre av desse pengane skulle komme næringslivsarbeidet til gode og ein oppretta «Hyllestadfondet».         

                     

Føremål med Hyllestadfondet
Hyllestadfondet er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i Hyllestad. Fondet erstattar ikkje det ordinære kommunale næringsfond, som innehar eigne vedtekter og som vert finansiert over regionale utviklingsmidlar, men utgjer eit tillegg og eit alternativ til dette. Skulle det mangle økonomiske midlar i det kommunale næringsfondet, eller at søknad fell utanom næringsfondet sitt formål og rammar i h.h.t. vedtekter, kan søknaden bli teken handsaming i Hyllestadfondet.

Les vedtekter og søk elektronisk her:

https://www.hyllestad.kommune.no/tenester/naring/fond-tilskot/kommunale-naringsfond/

 

Bedrifter og næringsliv
logo
Næringsfondet

Kommunale næringsfond blir kunngjort på regionalforvaltning.no
Det er der ein opprettar og leverer søknad.

Retningsgjevande for tildelingar frå fondet er kommunen sine mål, strategiar og prioriterte tiltak for det langsiktige arbeidet med næringsutvikling, slik det er vedteke i kommuneplanen sin samfunnsdel og årleg handlingsplan.

Forutan retningsliner gitt av fylkeskommunen, vil forskrift for distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel frå KMD og retningsliner for distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel frå KMD, og det til ei kvar tid gjeldande økonomireglementet for staten, gjelde for tildeling, bruk og forvaltning av kommunale næringsfond.

Føremål med kommunale næringsfond
Næringsfondet skal vere eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i regionen. Dette skal skje gjennom nyskaping og innovasjon i eksisterande næringsliv og ved etablering av nye verksemder i regionen.

Bedrifter og næringsliv
logo
Konsesjonsfondet

Konsesjonsfondet i Hyllestad kommune er eit kommunalt fond som får årleg tildeling frå energiselskapet.

Føremål med Konsesjonsfondet
Konsesjonsfondet skal vere eit verkemiddel i arbeidet med å styrke næringsliv, busetting og organisasjonsliv i Hyllestad kommune.

Fondet kan nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og til vidare utvikling av eksisterande verksemder.  Fondet kan òg nyttast til infrastrukturtiltak, kulturføremål, tilrettelegging av kommunale næringsareal, fellesanlegg, investeringar i fysiske miljø og vassforsyning til den faste busetnaden, samt prosjekt som bidreg til å betre sysselsettinga for kvinner og ungdom.

Fondet kan òg nyttast til utgreiings- og tilretteleggingstiltak i regi av offentleg myndigheit, organisasjonar eller andre samarbeidsgrupper, med mål å auke kunnskapen om utviklinga i eit distrikt, ein bransje eller i form av opplærings-, omstillings-, mobiliserings- og områderetta bygdeutviklingsprosjekt.

Fondsmidlar kan ikkje nyttast til tradisjonell bruksutbygging i landbruket.

Det kan ikkje gjevast støtte frå fondet til gjeldssanering, driftstilskot til verksemder eller til ordinære kommunale oppgåver som til dømes avløning av tiltakskonsulent.  Det kan heller ikkje gjevast støtte frå fondet til verksemder som mottar omfattande overføringar over offentlege budsjett, unnateke her er verna verksemder.

Søknad til fondet kan ein sende til postmottak@hyllestad.kommune.no eller til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.

 

Les vedtekter på kommunens nettsider:

https://www.hyllestad.kommune.no/tenester/naring/fond-tilskot/kommunale-naringsfond/

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger

Aktuelle utlysinger hos Hyllestad kommunes støtteordninger

H
Vi er alltid interessert i komme i kontakt med dyktige kandidater. Dersom du synes vår bedrift og bransje er interessant og stillingene vi normalt ansetter til er aktuelle for deg, kan du sende oss en åpen søknad. I søknaden ønsker vi at du inkluderer en CV og et søknadsbrev der du forteller om deg selv og hvorfor du er interessert i å jobbe hos oss. Ved å sende oss en åpen søknad, blir du samtidig registrert i vår CV database slik at vi kan ta direkte kontakt med deg dersom det dukker opp en jobbmulighet.
Fortløpende Hyllestad

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post