Masfjorden kommunes støtteordninger

Masfjorden kommune deler ut midler til blant annet kultur og næringsutvikling. Se fanen "Støtteordninger" for mer informasjon om hva du kan søke på om du har tilknytning til Masfjorden kommune.

Les mer om Masfjorden kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (2)
logo
Kraftfondet

Masfjorden kommune disponerer midlar til næringsutvikling i eit eige kraftfond

Næringsarbeidet i kommunen har dei siste åra vore konsentrert kring forvaltning av kraftfondet.

Gulen og Masfjorden utvikling - GMU - vil bistå med etablerarhjelp og vil mellom anna være førstelinje/kontakt når det gjeld søknader til kraftfondet. GMU er første kontakt ved direkte henvendingar til kommunen.

Kraftfondet er midlar kommunen får som følgje av den kraftutbygging som har funne stad i kommunen gjennom at regulator/ BKK må innbetale ei avgift (konsesjonsavgift) til kommunen som går til eit fond i kommunen. Fondet og dei årlege konsesjonsavgiftene utgjer det som ein kallar for Kraftfondet. Ein får no tilført om lag 2,8 mill.kr. årleg. Kraftfondet skal i hovudsak nyttast til næringsføremål. Fondet kan og nyttast til kommunale tiltak. Det kan ikkje gjevast stønad til sanering av gjeld eller til den daglege drifta av verksemder og kommunen.

Kva Kraftfondet kan nyttast til

Midlane i fondet kan berre nyttast til investeringar i varige driftsmidlar. Stønad gjennom kraftfondet kan gjevast i form av tilskot eller lån. Samla finansiering frå kraftfondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje overstige 25 % av den samla kapitaltrongen for eit prosjekt. Ved bedriftsutvikling kan det gjevast inntil 75% finansiering. Kommunestyret nemner opp styre for kraftfondet. Kraftfondsstyret er for tida identisk med formannskapet.

Søknadsfristar og søknadsskjema
Ordinær søknadsfrist er 15. juni for 1. tildeling som skjer i  september.
Ordinær søknadsfrist er 01. november for 2. tildeling som skjer i nov./desember.

Det er utarbeidd eige søknadsskjema for bruk i samband med søknad om lån/tilskot gjennom kraftfondet

Les meir om fondet på kommunens nettsider:

https://www.masfjorden.kommune.no/innhald/naring-og-landbruk/etablering-og-naringsutvikling/kraftfondet/

Bedrifter og næringsliv
logo
Kulturmidlar

Kulturmidlar er driftstilskottildelt lag og organisasjonar.
Elektronisk søknadsskjema for kulturmidlar på heimesida til kommunen under «Skjema og digital post».
Alle søkjarar må senda inn årsmelding og rekneskap som vedlegg til søknaden.

Særskilde kulturtiltak
20% av summen som er sett av til kulturmidlar er øyremerkt særskilde kulturtiltak.  Arrangør av slike kulturtiltak kan gjennom året søkja tilskot frå desse midlane.
Gje ein kort presentasjon av tiltaket inkludert budsjett.
Ein nyttar same elektroniske  skjema som til kulturmidlar, men hakar av for at søknaden gjeld særskilde kulturtiltak på s.2.

Kulturtiltakstiltaksmidlar
Dette er midlar som skal stimulera lokalt næringsliv, lagsliv og andre aktørar til å stå som kulturarrangør, slik at ein i kommunen kan tilby varierte og gode kulturopplevingar.  Det er sett av kr  100 000 over Kraftfondbudsjettet til slike tiltak for 2019.

Elektronisk søknadsskjema på heimesida til kommunen under «Skjema og digital post».  Ein nyttar same digitale skjema som til kulturmidlar, men hakar av for kulturtiltaksmidlar på s.2.

Vaksenopplæringsmidlar
Elektronisk søknadsskjema på heimesida under «Skjema og digital post». Ein søkjer vår og haust med fristar 01.04 og 01.10.

Kulturvernmidlar
Kommunen gjev tilskot til restaurering/istandsetjing av eldre bygningar, bygningsmiljø og andre kulturminne som ligg innan for Masfjorden kommune sine grenser. Eigarar av slike kulturminne kan søkja tilskot frå desse midlane.  Det er sett kr 50 000 til slike tiltak for 2019.

Elektronisk søknadsskjema på heimesida til kommunen under «Skjema og digital post». 

Kandidat til kulturprisen
Har du framlegg til nokon som du meiner fortener kulturprisen? Målet med prisen er å gje ei utmerking til eit lag, ein organisasjon eller ein privatperson som har gjort ein stor innsats innan kunst- og kulturlivet i kommunen. Prisen skal stimulera til auka engasjement for frivillig arbeid.

Send forslag innan 1. april til
Masfjorden kommune
Austfjordvegen 2724
5981 Masfjordnes
post@masfjorden.kommune.no

Organisasjoner og foreninger

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post