Osterøy kommunes støtteordninger

Osterøy kommune deler ut midler til blant annet kultur og næringsutvikling. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Osterøy kommune.

Les mer om Osterøy kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (4)
logo
Kulturprisen

Kulturprisen vert gjeven for aktivt frivillig kulturarbeid over lengre tid, eller for særleg fortenestefullt einskildtiltak innafor det utvida kulturomgrepet.

Einskildpersonar som har gjort  frivillig kulturarbeid utan tilknytning til eit lag/ein organisasjon, får pengesummen personleg.
Når einskildperson tilknytt eit lag får prisen, går prisen til laget.
Når prisen vert gjeven til lags-/organisasjonsarbeid, skal den gå til arbeid som verkar samlande for mange av innbyggarane i Osterøy.


I vurderinga av aktuelle kandidatar skal frivillig kulturarbeid retta mot barn og unge vektleggjast.
Dugnad er tilrettelegging for kultur – eller idrettsaktivitetar. Prisen kan likevel gjevast til dugnad dersom det som resultat av dugnaden vert samlande aktivitetar for mange av innbyggarane i Osterøy.
Forslag til kulturprismottakarar kan fremjast av innbyggjarar eller lag og organisasjonar heimehøyrande i Osterøy kommune.  Forslaga skal vera grunngjevne.

Framlegga skal sendast Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg eller på e-post til: post@osteroy.kommune.no.

Les meir om ordninga på kommunens nettsider.

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Næringsfondet

RETNINGSLINER FOR BRUK OG FORVALTNING AV OSTERØY KOMMUNE SITT
NÆRINGSFOND


§ 1.Formål
Fondetbør i hovudsak nyttast til utviklingstiltak, forprosjekt, samarbeidstiltak ogliknande fornyetableringar
ogf o r vidareutvikling av næringstiltak.
Det kan ikkje gjevast tilskottil sanering av gjeld, ellertil den daglege drifta av private eller kommunale
verksemder.Det skalsom hovudregel heller ikkjegjevasttilskottil verksemd som mottek vesentlege
overføringaroverstatsbudsjettet.


§ 2.Tilførsel av midlar
Næringsfondet kanog tilførast midlar gjennom løyvingar fråheradsstyret,ogvedoverføringar frå stat eller
fylke.Avkastninga og kapitalen skal disponerast i samsvar med §§ 3 og 4.


§ 3.Former for støtte
Støtte frå fondet kangjevastsom lånellertilskot.Midlane kan ikkje nyttast til garantiar eller kommunal
aksjeteikning i private verksemder.


§ 4.Forvaltning av fondet
Formannskapetforvaltarfondet.
Ordføraren ellerrådmannen kan elleskrevja saker/vedtak lagt fram for heradsstyret dersom han/ho
meiner det er gjortformelle feil ved sakshandsaminga, ellerdei finnat vedtaket eristrid med gjeldande
vedtak gjortav overordna organ eller når andre særlegegrunnar tilseierdet.
Fondsmidlane skalplasserast på renteberande konto slikatmidlane erdisponible til eikvartid.Rentene skal
tilførast fondet.


§ 5.Rekneskapog årsmelding
Rekneskapenvert førtavøkonomikontoret i Osterøypå vanlegmåte som eindel av kommunerekneskapen.
Heradsstyret skal kvart århandsama årsmelding og rekneskap,og ellesvurdera bruken avmidlane i
næringsfondet.

Bedrifter og næringsliv
logo
Tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Midlane kan nyttast til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og tilrettelegging for friluftsliv. Det kan ikkje søkast om tilskot til drift og løpande vedlikehald. 

Slik søkjer du
Kommunen må opprette anleggsnummer og kontrollere om anlegget er ein del av ein kommunal plan før ein kan søkje spelmidlar. Ta kontakt med kommunen dersom du går med tankar om å søkje spelemidlar. 

Kven kan søkje?
Krav til søkjar og søknad finn du meir informasjon om i Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - på kommunens hjemmesider.

Kor mykje kan du søkje om?
Som hovudregel kan du søke om inntil 1/3 av total kostnadsramme for ordinære anlegg og inntil 50 % av total kostnadsramme for nærmiljøanlegg og turveg.

Krav til søknad
Søknad skal sendast via www.anleggsregisteret.no. Informasjon som skal fyllast ut:

-Prosjektinformasjon - tiltak og funksjon
-Kontakt og rekneskapsinformasjon
-Kostnadar - kostnadsoverslag
-Søknadsbeløp og finansiering


Vedlegg
-Dokumentasjon på eventuell dugnad (denne skal dokumenterast med innhenta tilbod frå leverandør/entreprenør, eller vere bekrefta frå kvalifisert fagperson).
-Dokumentasjon på øvrige delar av finansieringsplanen (gåvebrev, eigenkapital, lånetilsegn, garanti, aksjekapital, tilskot)
-Dokumentasjon på kostnader
-Plan for drift av anlegget
-Dokumentasjon på eigedomsforhold/ rett til bruk av grunn.


Anlegget skal vere ein del av handlingsprogrammet for Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Nærmiljøanlegg med total kostnadsramme under kr 600 000 er unnateke krav om kommunal plan.

Organisasjoner og foreninger
logo
SMIL-tilskot

Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.   

Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut skjema frå Landsbruksdirektoratet. 

Søknadsskjema og nærare informasjon finn du her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/hvordan-soke

Søknad sendast til

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Søknadsskjema kan også sendast på e-post til post@osteroy.kommune.no

Kven kan søkje?
Føretak eller privatpersonar som driv eller eig ein landbrukseigedom.

Krav til søkjar
Vi kan gi tilskott til gjennomføring av tiltak som tar vare på natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet.

Vi kan òg gi tilskott til gjennomføring av tiltak som bidrar til å redusere forureining eller, bidrar til mindre risiko for forureining frå jordbruket.

Kva skjer vidare?
Kommunen avgjer søknaden om tilskott og prioriterer søknader som ligg innanfor tiltaksstrategien til kommunen.

Har du fått innvilga tilskott, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskott på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.

Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg tilbakemelding frå oss om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Kontakt
Ta kontakt med Landbrukskontoret for meir informasjon

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post