Valle kommunes støtteordninger

Valle kommune tilbyr sine innbyggere flere stipend, priser og offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Valle kommune.

Les mer om Valle kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Bli kjent med Valle kommune
Støtteordninger (6)
logo
Tiltaks- og næringsfondet i Valle kommune

Kven kan få tilskot?

Bedrifter som er registrert i Valle kommune og som har eit omfang på minimum 50% stilling.

Søkjaren må ha dei kvalifikasjonar som det er krav om for å kunne etablere omsøkte verksemd. (eks. fagbrev, erfaring osb.) Søkjaren må vidare kunne dokumentere å ha ein tilfredsstillande personlig økonomisk situasjon i dei tilfelle kommunen finn det naudsynt.

Krav til prosjektet

• Ved nyetablering vert det berre gjeve stønad til prosjekt som gjennom dokumentasjon kan sannsynleggjere at det vert etablera varige og lønsame arbeidsplassar i Valle kommune. Primært bør det vere tale om minst ei 50% stilling, men i særtilfelle kan ein vurdere stønad også til mindre tilleggsnæringar.

• Tilsvarande krav må stillast til eksisterande verksemder.

• I tillegg må verksemda gjennom rekneskap og budsjett kunne dokumentere tilfredstillande økonomi om kommunen krev det.

• Det må også kunne gjevast tilskot til tiltak som trygger eksisterande arbeidsplasser.

• Det kan ikkje gjevast stønad til ordinær drift.

• Det må visast varsemd med å gje stønad til tiltak som verker konkurransevridande eller til bransjar som har overetablering. Likheitsprinsippet bør likevel stå sterkast.

• Det skal i regelen ikkje gis tilskot til etablering av næringsverksemd tilknytt bustad, unnateke evt. etablerertilskot.

• Tilskot til bedriftsutvikling, kompetanseheving og innovasjon vert prioritert.

Kor mykje kan ein få i tilskot?

Samla støtte frå det kommunale fondet til private næringsformål skal som hovudregel ikkje overstige 30% av prosjektet sitt kapitalbehov.

(I særskilte høve og ved prosjekt som har særleg verdi for ungdomsarbeidsplassar, kan det løyvast inntil 50%).

Samfinansiering

Før det vert søkt om lån eller tilskot frå Valle kommune skal alle andre sentrale eller regionale støtteordningar vere forsøkt/vurdert. For tida er gjeldande praksis er at Valle kommune og Setesdal regionråd tek saker under kr 200.000,- i støtte og Innovasjon Norge tek større saker.

Samla offentleg støtte skal i regelen ikkje overstige 50% av samla kapitalbehov.

Stønaden skal vere avgrensa til maksimumsgrensene i høve EØS – for tida lik 200.000 Euro innan 3 år. Her skal ein rekne med tilskot frå alle offentlege instansar.

Kva kan ein få støtte til?

A. Ved nyetableringar og samarbeidsprosjekt kan det gjevast inntil 50% tilskot til marknadsføringstiltak. Tilskotet vert berre gjeve til faktiske kostnader. Eigeninnsats, tapt arbeidsforteneste osb. vert ikkje medrekna.

B. Ved etableringar med kostnadsramme lågare enn minstegrensa for tilskot frå Innovasjon Norge kan det gjevast eit etableringstilskot på kr. 25.000.-Tilskotet skal utgjere maks 50% at dei totale investeringane med etableringa. Tilsvarande tilskot kan gjevast til etableringar der prosjektets kostnader ikkje kvalifiserer til lån og tilskot frå andre ordningar. Endring av selskapsform vert ikkje rekna som etablering og skal ikkje vere grunnlag for tilskot.

D. Til mindre forundersøkingar, marknadsundersøkingar, konsulenthjelp eller liknande, kan det gjevast eit tilskot på inntil kr.12.000.-. Beløpet skal nyttast til dekning av faktiske kostnader. Eigeninnsats, tapt arbeidsforteneste o.l. vert ikkje medrekna. Dette kan handsamast administrativt, og takast då frå dei 100.000,- som næringsansvarleg disponerer administrativt. Større forprosjekt vert å vurdere særskilt.

E. Investeringar i infrastruktur som kjem fleire verksemder eller ei heil næring til gode skal prioriterast.

Det skal ikkje gjevast tilskot til forbruksmateriell, råvarer, rullande materiell eller tradisjonelt landbruksutstyr. Det vert heller ikkje gjeve stønad til oppussing, fornying av maskiner og utstyr som må skiftast ut som ein naturleg del av drifta.

Korleis søkjer eg?

Søknaden skal sendast via Regionalforvaltning.no. Du finn lenke på valle.kommune.no.

Kven fattar vedtak i saka?

Næringsrådgjevar skriv eit saksdokument. Formannskapet handsamer saka og fattar vedtak.

Utbetaling

• Tilskot vert utbetalt etterskotsvis mot revisorbekrefta rekneskap - eventuelt rekneskapsførar, eller med kopi av bilag.

• Om kostnaden vert lågare enn i grunnlaget for tilsegn, vert tilskotet redusera tilsvarande.

• Tilsegn om tilskot fell bort om det ikkje er gjort krav om utbetaling innan 2 år. Fristen kan forlengast etter søknad.

Tilbakebetaling av tilskott. Dersom bedrift som har fått tilskot blir avvikla innan tre år frå tilskot er gjeve kan Valle kommune krevje tilbakebetalt tilskot med 30% for kvart år.

Les meir på valle.kommune.no

Bedrifter og næringsliv
logo
Kulturprisen

Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen og gi honnør for ein spesiell innsats innafor kulturfeltet. Prisen kan delast ut til enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som har tilknyting til Valle kommune. Dersom to eller fleire kandidatar vert funne likeverdige kan prisen delast.

Har du framlegg til kven som bør få Valle kommune sin kulturpris?

Veit du om ein eller fleire som fortener pris for innsatsen? Valle kommune oppmodar til å sende inn kreative og godt grunngjevne forslag!

Frist for innsending: 15. mars.

Saka blir handsama av levekårutvalet.

Prisen blir delt ut under 17.mai-arrangementet.

Forslag skal sendast skriftleg til Valle kommune v/leiar kultur og fritid, pb. 4, 4746 Valle, eller som e-post til

torunn.charlotte.nyberg@valle.kommune.no

Reglar for Valle kommune sin kulturpris

1: Valle kommune sin kulturpris er på kr 10 000. Med prisen følgjer eit minnediplom.

2: Prisen kan delast ut kvart 2. år. Prisen kan delast ut til enkeltpersonar og organisasjonar/lag som har tilknyting til Valle kommune. Dersom to eller fleire kandidatar blir funne likeverdige kan prisen delast mellom desse.

3: Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen og gi honnør for ein spesiell innsats innafor kulturfeltet.

4: Einskildpersonar, lag og organisasjonar kan sende framlegg om prisvinnar til Valle kommune.Tidsfrist for innsending av forslag til prisvinnar er 15. mars. Dette blir kunngjort i pressa i god tid.

5: Det er formannskapet som utnemner vinnaren og som er ansvarleg for utdeling av prisen.

6: Formannskapet vedtek i januarmøtet det året prisen skal delast ut tidspunkt/høve for utdeling.

Les meir på valle.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Kulturmidlar

Alle lag og foreiningar i Valle med lovleg aktivitet innan kulturområdet kan få kulturmidlar. I utgangspunktet bør laga sjølve ha midlar til den ordinære drifta. Medlemstal er eit forhold som vil spele inn på vurderinga, men kulturmidlar skal i hovudsak fordelast etter omfanget av aktivitetane i laget.

Kva kan du søkje til?

Lag/foreiningar kan søke om underskotsgaranti eller prosjektstøtte på kulturtiltak. Underskotsgaranti kan løyvast til mindre arrangement innan kommunen. Prosjektstøtte kan løyvast til prosjekt som omfattar eit breitt lag av innbyggjarane i kommunen. Søknadene må innehalde omtale av arrangementet / prosjektet samt kostnadsoverslag med både stipulerte inntekter og utgifter.

Kven kan søkje om tilskot?

Formannskapet ønskjer å forhalde seg til hovudklubbane, ikkje til underavdelingane. Søknader frå idrettslaget skal sendast Idrettsrådet til uttale før fordelinga av kulturmidlar vert lagt fram for politisk handsaming. Idrettsrådet kan sjølv søke om midlar på linje med dei andre laga, men uttalen skal ikkje omfatte eigen søknad. Velforeiningar kan søkje berre i dei tilfella det ikkje er grendelag i området.

Foreiningar som har til hovudoppgåve å samle inn pengar til føremål som ikkje kan klassifiserast under kultur har ikkje rett til tilskot. Dei kan sjølvsagt likevel søkje om underskotsgaranti/prosjektstøtte til kulturtiltak (eiga ordning).

Valle kommune har følgjekort for funksjonshemma. Følgjekortet gjev den funksjonshemma rett til å ta med følgje gratis inn på kulturarrangement i regi av arrangørar som har akseptert ordninga.

Alle som får tilskot frå kulturmidlane i Valle er forplikta til å akseptere reglane for følgjekort på sine arrangement.

Korleis søker du?

Søknaden skal førast på eige søknadsskjema og sendast Valle kommune. Ein forenkla rekneskap frå føregåande året, underskrive av revisor, skal vere med. I tillegg skal søknaden innehalde balanse ved førre årsskifte og budsjett for søknadsåret. Dessutan skal søknaden innehalde ei kort årsmelding frå føregåande år. Stort avvik mellom denne og aktivitetsplan innsendt ved søknad om kulturmidlar året før vil kunne føre til avslag på søknad.

Les meir og søk elektronisk på valle.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Honorarfond til folkemusikk

Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når  ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bygland, Valle og Bykle kommunar. Dersom det er unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret.

Det er Valle sparebank, Valle, Bykle og Bygland kommunar som finansierer fondet, og Setesdal spelemannslag administrerer det.

Kven kan søkje om tilskot?

Alle arrangørar - lag, foreiningar, bedrifter eller privatpersonar - med tilskipingar i Bygland, Valle og Bykle kommunar, kan søkje om tilskot frå fondet. Ordninga gjeld ikkje for offentlege institusjonar. Honorarfondet kan støtte arrangement av dei fleste slag, anten det dreier seg om kulturinnslag ved konferansar, bedriftssamlingar, representasjonsoppdrag, opningsfestar, jubileum, ”runde dagar”,  private tilskipingar eller anna.

Retningslinjer for tildeling

Setesdal spelemannslag administrerer fondet, og definerer kva for utøvarar som kjem inn under ordninga. Det er utarbeidd rettleiande honorarsatsar for ulike typar utøvarar. For unge utøvarar dekker fondet heile honoraret inntil kr 2500. For tilskipingar med andre utøvarar dekkar fondet 2/3 av utgiftene inn til kr. 4000 per utøvar, og for grupper dekker fondet inn til kr. 12000. Dersom arrangementet gjev overskot får ein ikkje dekka utgiftene. 

Søknad om tildeling

Søknad om tilskot frå fondet skal sendast til Honorarfond til folkemusikk på post@setesdalspelemannslag.no. Du kan nytte søknadsskjema som er å finne på kommunens nettsider. 

Søknader blir handsama fortløpande, og tildeling skjer dersom søknaden tilfredsstiller retningslinene, og så lenge det er midlar på fondet.

Lurer du på noko kan du kontakte Setesdal Spelemannslag for meir informasjon om ordninga, på post@setesdalspelemannslag.no.

Les meir på valle.kommune.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Kommunalt utdanningsstipend for ungdom

Elevar som står i Valle folkeregister, og som tek utdanning kan få tildelt kr. 7 000,- i kommunalt stipend. Kvar søkjar kan få tildelt stipend opptil 5 gonger utan aldersavgrensing. 
 
Søknadsfrist er: 15. februar

Søknadsskjema finn du på valle.kommune.no. Du fyller ut skjemaet på skjerm. Etterpå lyt du skrive det ut og signere. 

Det er svært viktig at alle opplysningane er fylt ut og at skulen du går på fyller ut nederste delen av skjemaet og dei MÅ i tillegg stemple skjema. Skjema som ikkje er fylt ut korrekt blir sendt i retur og ikkje handsama.

 

Regler for tildeling

1: Elevar som står i Valle folkeregister, og som tek utdanning kan få tildelt kr. 7.000 i kommunalt stipend. Storleiken på stipendet kan verte endra i samband med budsjettendringar i kommunestyret.
        

2: Utdanninga må vere på heiltid. Heilårs skulegang gjev fullt stipend, eit semester gjev halvt stipend.  
        

3: Kvar søkjar kan få tildelt stipend opptil 5 gonger utan aldersavgrensing.
        

4: Lærlingar, deltakarar på tiltak i regi av NAV eller utdanning under attføring får ikkje stipend.
        

5: Stipendet vert tildelt i vårsemesteret og gjeld inneverande studieår (haust/vår).
        

6: Administrasjon fastset søknadsfrist og kunngjer stipendordninga kvart år i god tid før fristen går ut.  
 

7: Søknad må skrivast på eige skjema.          
 

8: Berre korrekt utfylte søknader vert handsama.
        

9: Mottakar av stipend som ikkje fullfører skuleåret, må snarast råd melde frå om det med attestasjon frå skulestaden om kor lenge skulegangen varte. I slike høve må mottakaren betale attende delar av stipendet, rekna ut frå kva tid ein avslutta skulegangen. Fullføring av ¾ skuleår som ein har fått stipend for, fører ikkje til attendebetaling.
 

10: Dersom det viser seg at ein mottakar av stipend ikkje har gjeve korrekte opplysningar i søknaden, eller unnlate å melde frå om endringar (jf. Pkt. 9), kan stipendet bli kravd attende og/eller vedkomande kan bli utelukka frå seinare tildelingar.

Les meir og søk elektronisk på valle.kommune.no

Privatpersoner
logo
Utviklingsstipend innafor idrett og kultur

Valle kommune kan dele ut årlige utviklingsstipend innafor idrett og kultur etter gjeldande retningslinjer vedtekne av levekårutvalet.

Retningslinjer for tildeling

1. Valle kommune kan dele ut utviklingsstipend til unge talent innafor idrett og kultur på
a. totalt inntil kr 150 000 kvart år. Fordelinga skal i utgangspunktet vere slik, med høve til justeringar ved oversøking til ei av ordningane og undersøking til den andre: 
b. idrett: inntil kr 75 000 
c. kultur: inntil kr 75 000. 

2. I aldersgruppa 13-15 år skal maksimumsbeløp pr utøvar vere kr 20 000, minimumsbeløp kr 10 000. 
a. I aldersgruppa 16-21 år skal maksimumsbeløp pr utøvar vere kr 30 000, minimumsbeløp kr 15 000. 
b. Maksimumsbeløp kan i særlege tilfelle justerast, til dømes ved deltaking på nasjonalt/internasjonalt nivå. 

3. Stipend kan i særskilte tilfelle tildelast lag/grupper. 

4. Utøvarar i alderen 13-15 kan søkje sjølve, eller andre (trenar, instruktør eller annan person som representerer utøvaren) kan søkje på vegner av utøvaren, i samråd med vedkomande. Utøvarar i alderen 16-21 må søkje sjølve. 

5. Med idrett forstår ein idrettsgreiner som er godkjende av Norges idrettsforbund. 
a. Innafor idrett skal følgjande kriterium gjelde: 
i. at vedkomande er heimehøyrande i Valle kommune 
ii. deltaking og resultat i større meisterskap, minimum på kretsnivå 
iii. kortsiktige og langsiktige målsettingar.
b. Spesielt vil det bli lagt vekt på å gi større beløp til utøvarar som har realistiske ambisjonar om å nå nasjonalt toppnivå, og til utøvarar som førebur seg til nasjonale og internasjonale meisterskap. 
c. Valle idrettsråd skal uttale seg, eventuelt i samråd med aktuelt fagmiljø.

6. Idrettsutøvaren underteiknar ei eigenerklæring, der det går fram at utøvaren er innforstått med at det er ein føresetnad for tildeling av stipendmidla at utøvaren opptrer i tråd med formålet og kjerneverdiane til NIF, og ikkje har brukt eller vil bruke doping. 

7. Med kultur forstår ein musikk, dans, scenekunst, kunst og skrivekunst. 
a. Innafor kultur skal følgjande kriterium gjelde:
i. at vedkomande er heimehøyrande i Valle kommune 
ii. kortsiktige og langsiktige målsettingar.
b. Spesielt vil det bli lagt vekt på å gi større beløp til utøvarar som har realistiske ambisjonar om å nå nasjonalt toppnivå. 
c. Det kan tildelast studie-/arbeidsstipend til tidsbegrensa prosjekt. 
d. Leiar Kultur og fritid skal uttale seg, eventuelt i samråd med aktuelle fagpersonar innafor det aktuelle kulturfeltet. 

8. Ved søknad må søkjaren fylle ut søknadsskjema DIGITALT.  I søknaden må vedkomande informasjon om seg sjølv, trenings-/øvingsfrekvens og aktivitetsnivå, oppnådde resultat, kortsiktige og langsiktige mål og stipulerte kostnader/kva konkret stipendet skal brukast til. Det må leverast rapport over bruk av midla innan 1 år (standard elektronisk rapportskjema). 

9. Same utøvar kan få tildelt stipend fleire gongar. 

10. Søknadsfrist er 15.mars og stipenda skal delast ut under det offisielle 17.maiarrangementet i Valle kommune.

Les meir og søk elektronisk på valle.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post