
Det kan bli gjeve kulturmidlar til lag, organisasjonar, institusjonar og personar som driv eller vil starte kulturverksemd i Bygland kommune.
Det vert ikkje gjeve kulturmidlar etter desse retningslinjene til kommersiell kulturverksemd.
Tilskot til kommersiell kulturverksemd skal vurderast konkret frå sak til sak. Det skal då bli lagt vekt på næringsmessige og andre ringverknader i Bygland kommune.
Er ein organisasjon delt opp i ulike grupper/avdelingar eller liknande skal søknader bli sendt gjennom hovudlaget.
Organisasjonar som driv interkommunalt kan få tilskot i høve kor mange medlemmer dei har i Bygland kommune og til aktivitetar/tilskipingar/investeringar i Bygland kommune.
Det vert ikkje gjeve tilskot etter desse retningslinjene til:
-Lag som primært tek vare på yrkes- og økonomiske interesser til medlemmene.
-Politiske parti og politiske aksjonar.
-Organisasjonar som ikkje er opne for alle
-Reint kommersielle tiltak
Les meir om ordninga på bygland.kommune.no

Prisen kan gå til eigar/leiar/privat verksemd i kommunane i Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og i Åseral som over tid - eller siste året - har virka på ein særleg positiv og fortenestefull måte.
Setesdalsprisen er ein pris mynta på verksemder som representerer positiv effekt og verdiskaping i eiga verksemd og nærområde. Målet er å gjere synlige og å inspirere gode aktørar i næringslivet. Prisen kan delast ut ein gong i året om juryen finn gode kandidatar.
Initiativet til Setesdalsprisen er kome frå programkomiteen for Setesdalskonferansen 2010 og Setesdal Regionråd. Prisen er på 10000 kroner og eit kunstverk.
Les meir på bygland.kommune.no

Kommunen, stiftelsar, organisasjonar og andelslag kan søke om investeringsmidlar til bygging av nye kulturarenaer og rehabilitering/ombygging av eksisterande arenaer. Målsettinga med ordninga er å bidra til å bygge fleirbruksanlegg for kulturaktivitetar
Kva kan ein søke om?
Ein kan søke om tilskot på 1/3 av godkjent totalkostnad.
Slik søker du:
• Elektronisk søknad på http://www.idrettsanlegg.no innan 1. oktober
• Kommunen prioriterer søknadane og sender dei over til fylkeskommunen
• Fylkeskommunen vedtek tildeling
Kulturarenaer som mottek tilskot skal bli brukt til kulturformål i minst 20 år etter at midlane er utbetalt. Føresetnaden for tilskot er at det blir lagt ved tinglyst skjøte/leigeavtale for minimum 20 år.
For andre krav til søknad om støtte til kulturarenaer, les meir på fylkeskommunen si nettside, agderfk.no.

Ein kan søke om tilskot til:
• Nye idretts- og friluftsanlegg
• Rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
• Nærmiljøanlegg
Målgruppe
Søkjarar om tilskot av spelemidlane sitt overskot til idrettsanlegg kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, andelslag eller andre samanslutningar.
Søkjarar om tilskot av spelemidlar til nærmiljøanlegg kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, velforeiningar, burettslag, andelslag eller andre samanslutningar
Vilkår
Nye ordinære anlegg må vere med i gjeldande kommuneplan for kultur, inkl. idrett og friluftsliv . Ein kan søke om inntil 1/3 av bruttokostnad. Det må føreligge tinglyst skjøte eller leigeavtale på minimum år. Kravet gjeld både ved nybygg og rehabilitering.
Nærmiljøanlegg er enkle anlegg for fysisk aktivitet, trim og idrettsleik eksemplevis skileikanlegg, tursti/turløype lenger enn 500m., ballbinge og liknande. Ein gjev ikkje spelemidlar til reine leikeplassar og leikeutstyr.
Til nærmiljøanlegg kan ein søkje om inntil 1/3 av bruttokostnad. Kostnadsramma må vere mellom 50.000 og 600.000. Det må føreligge tinglyst skjøte eller leigeavtale på minimum 20 år.
Der er og andre vilkår, avhengig av kva type anlegg ein søkjer om støtte til. Gjeldande bestemmelsar finn du på bygland.kommune.no.
Søknadsprosedyre
Frå og med 15. juni 2019 er ordninga med førehandsgodkjenning avvikla. Merk at dette IKKJE har tilbakeverkande kraft. Det vil seie at anlegg med byggestart før 15. juni 2019 må ha fått førehandsgodkjenning for å kvalifisere til tilskot.
Krava for å få tilskot er som før. Alle søkjarar er ansvarlege for at krava er oppfylte når søknaden blir sendt inn før søknadsfristen, som er 1. oktober. Søknadane vil bli kontrollert av kommune før dei blir sendt vidare til fylkeskommunen, men det er fylkeskommunen som gjennom si sluttbehandling avgjer om søknaden oppfyller vilkåra.
Følgjande MÅ vere med i søknaden om spelemidlar:
• Behovsvurdering - kvifor er anlegget naudsynt?
• Kostnadsoverslag
• Finansieringsplan
• Driftsplan for ferdig anlegg
• Utgreiing for evt. dugnadsinnsats
• Kart over området
• Teikningar av anlegget
• Utgreiing for universell utforming
• Utskrift av grunnbok (om eigen eigedom) eller tinglyst disposisjonsavtale for eigedommen
Slik søkjer du:
Alle søknadar skal sendast inn elektronisk på http://www.idrettsanlegg.no
Når søknaden er innsendt kontrollerer kommunen at alt er i orden og sender søknadane vidare til Arendal idrettsråd, som uttalar seg om prioriteringa.
Les meir på bygland.kommune.no.

Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge
Fondet kan dekke delar av honoraret når ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bygland, Valle og Bykle kommunar. Dersom det er unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret. Det er Valle sparebank, Valle, Bykle og Bygland kommunar som finansierer fondet, og Setesdal spelemannslag administrerer det.
Kven kan søke om tilskot?
Alle arrangørar - lag, foreiningar, bedrifter eller privatpersonar - med tilskipingar i Bygland, Valle og Bykle kommunar, kan søkje om tilskot frå fondet. Ordninga gjeld ikkje for offentlege institusjonar. Honorarfondet kan støtte arrangement av dei fleste slag, anten det dreier seg om kulturinnslag, veg konferansar, bedriftssamlingar, representasjonsoppdrag, opningsfestar, jubileum, "runde dagar", private tilskipingar eller anna.
Retningsliner for tildeling
Setesdal spelemannslag administrerer fondet, og definerer kva for utøvarar som kjem inn under ordninga. Det er utarbeidd rettleiande honorarsatsar for ulike typar utøvarar. For unge utøvarar dekker fondet heile honoraret inntil kr 2 500. For tilskipingar med andre utøvarar må arrangøren dekke ein eigendel på 1/3 av total honorar, medan fondet dekker resten, avgrensa til 15 000 kr.
Søknad om tildeling
Søknad om tilskot frå fondet skal sendast til Honorarfond til folkemusikk. Skriv ein enkel søknad som inneheld opplysningar om arrangør, type arrangement, stad/tid, utøvar(ar) og avtalt honorar. Søknader blir handsama fortløpande, og tildeling skjer dersom søknaden tilfredsstiller retningslinene, og så lenge det er midlar på fondet.
Les meir på bygland.kommune.no

Bygland kommune deler ut kulturpris annankvart år. Kommunen legg ut annonse og ber om innspel.
Prisen skal gå til enkeltpersoner eller lag/forening som på ein særskilt måte har gjort ein innsats for kulturlivet i Bygland.
Framlegga blir handsama politisk av formannskapet.
Les meir på bygland.kommune.no
Bli varslet om nye utlysinger
Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.
- Ikke gå glipp av utlysinger
- Få varsling per e-post
Fakta om Bygland kommunes støtteordninger
-
Relaterte bransjer
-
Geografisk tilknytning
-
Stipendkategorier
-
Hvem kan søke?