Time kommunes støtteordninger

Time kommune tilbyr sine innbyggere flere offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Time kommune.

Les mer om Time kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (12)
logo
Kulturstipend

Formål
Kulturstipendet skal primært hjelpe kulturarbeidarar/utøvarar i Time til vidare utvikling.

Kven kan få kulturstipendet
Kulturstipendet kan ein gje til personar som gjennom yrke eller fritid tek aktiv del i kommunen sitt kulturliv.

Kandidatar til kulturstipendet
Kulturstipendet kan søkjast av enkeltpersonar som gjennom yrke eller fritid tek aktiv del i kommunen sitt kulturliv og som ønskjer vidare utvikling innan sitt fagområde. Kulturstipendet kan berre søkjast i eige namn. Kulturstipendet kan berre tildelast same person ein gong.

Kulturstipendet
Kulturstipendet består av eit diplom og kr. 25 000.

Avgjerd
Levekår avgjer kven som frå kulturstipendet. Stipendet blir utdelt av ordførar ved eit arrangement.

Digitalt søknadsskjema finn du på time.kommune.no. Frist: 15. september.

Privatpersoner
logo
Idrettsstipend

Formål
Idrettsstipendet skal stimulera unge utøvarar i Time til å utvikla seg i sin idrett, noko som i neste omgang kan bidra til heving av det idrettslege nivået i kommunen. Stipendet kan nyttast til trenarhjelp, deltaking i treningar, samlingar, konkurransar, samt utstyr til trening og konkurransar. I søknaden må ein oppgi formålet med stipendet, og trenings- og konkurranseopplegg må beskrivast.

Kven kan få idrettsstipendet
Idrettsstipendet kan ein gje til personar i aldersgruppa 15-25 år som gjennom trening og konkurransar tek aktivt del i idrettslivet som utøvarar.

Kandidatar til idrettsstipendet
Idrettsstipendet kan søkjast av enkeltpersonar i aldersgruppa 15-25 år som er aktiv i idrett, og som ønskjer vidare utvikling innan sitt område. Idrettsstipendet kan berre søkjast i eige namn. Stipendet kan berre tildelast same person ein gong.

Idrettsstipendet
Idrettsstipendet består av eit diplom og kr 25 000.

Avgjerd og utdeling
Utval for Levekår avgjer kven som får idrettsstipendet. Time idrettsråd skal ha høve til å uttala seg i førekant av Levekår si behandling av saka. Idrettsstipendet vert delt ut av ordføraren under eit arrangement.

Digitalt søknadsskjema finn du på time.kommune.no. Frist: 15. september.

Privatpersoner
logo
Driftstilskot til barne- og ungdomslag

Kven kan søkja
Frivillige lag og organisasjonar som driv frivillig kultur- og fritidsarbeid i Time, og som tilfredsstiller krava til oppstartingstilskot, kan søkja. 

Føremål
Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om tilskot til delvis dekking av drift til lags verksemda. 
Konkret gjeld dette utgifter til m.a.:
- administrasjon og leiing
- kontorutgifter, telefon og porto
- aktivitetsmateriell - husleige
- opplæringstiltak
- utdretta verksemd/kulturarrangement 
- reiser og deltaking i arrangement som følgjer den ordinære drifta

Storleik på tilskot
Driftstilskotet skal ikkje overstiga 50% av driftsutgiftene for organisasjonen. Driftstilskot kan berre løyvast til organisasjonar som sender med godkjent rekneskap, årsrapport og aktivitetsplan for komande år.
Kommunale tilskot må kvart år prioriterast innafor den økonomiske ramma som er fastlagt i årsbudsjettet.

Driftstilskot vert gitt etter visse kriterium, der eitt kriterium er betalande medlemmar. Eit medlem vert i denne samanhang definert som:
•    registrert i laget sine medlemslister
•    betaler årleg kontingent til laget
•    ein person reknast som eitt medlem sjølv om vedkomande er medlem i fleire undergrupper
•    kasserar og leiar skal underteikna på at medlemstalet som er gitt opp, er rett. 

Driftstilskot til barne- og ungdomslag vert rekna ut etter følgjande mal:
40% vert rekna ut frå talet på betalande medlemmar under 20 år.
20% vert rekna ut frå aktivitetsnivå. Talet på undergrupper, opne arrangement og andre utadretta aktivitetar gir rett på tilskot (skal finnast i årsrapporten).
30% vert rekna ut frå kostnadsnivå med bakgrunn i godkjent rekneskap.
10% vert rekna ut frå skjønn. Skjønn vert gjort ut frå ei kulturpolitisk vurdering om kva som til ei kvar tid er viktige satsingsområde, eller om det finst særlege årsaker til å gje ekstratilskot. 

Viss rekneskap og budsjett tilseier det, får barne- og ungdomsorganisasjonar ikkje avkorta tilskot viss tilskot etter tildelingskriteria syner eit høgare beløp enn søknadsbeløpet (jf møte i Klageutvalet 11.09.2006, sak 010/06).

Reell søknad sum er ein føresetnad for tildeling etter skjønn. Behovet må gå fram av søknaden (jf møte i Klageutvalet 11.09.2006, sak 010/06).

Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du på time kommune.no. Søknadsfrist: 1. mars.

Organisasjoner og foreninger
logo
Driftstilskot til idrettslag

Idrettslag kan søkja om tilskot til drift av idrettsaktivitet for barn og unge. Også idrettslag som driv med allmenn idrett/ sportsleg aktivitet for vaksne/på tvers av generasjonar kan søkja om driftstilskot.     

Tilskot vert løyvd ut frå følgjande vurderingar:

talet på betalande medlemmar
om ein gjennom verksemda når spesielle grupper eller gjennomfører arrangement som Formannskapet ynskjer å stimulera særskilt
alder: organisasjonar med hovudtyngda av medlemmane under 20 år vert prioriterte

Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du på time.kommune.no. Søknadsfrist: 1. mars.

Organisasjoner og foreninger
logo
Investeringstilskot til private idrettsanlegg og kulturbygg

Formål
Bidra til gode idretts- og kulturarenaer i Time.

Kven kan søkja?
Frivillige lag og organisasjona samt private verksemder i Time med eit ikkje-kommersielt formål.

Kva kan det søkjast om støtte til?
Det kan søkjast om tilskot til bygging og rehabilitering av private idrettsanlegg og kulturbygg. 

Med kulturbygg skal ein forstå bygg for eigenaktivitet eller formidling av kunst og kultur, som er eigd av frivillige lag og organisasjonar eller private verksemder med eit ikkje-kommersielt formål. Det vert ikkje gitt tilskot til kommersiell verksemd.

Kor mykje kan det søkjast om?
Det kan maksimalt søkjast om tilskot tilsvarande 1/3 av godkjente kostnader knytt til det enkelte anlegg/bygg. Med godkjente kostnader meinast kostnader som ein kan ta med i søknad om spelemidlar. Kommunen sitt tilskot vil ikkje kunne utgjere meir enn storleiken på tilskotet frå spelemidlane. Det kommunale tilskotet blir som regel fordelt over fleire år.

Eventuelle søknader som ikkje fell inn under spelemiddelordninga kan bli vurdert særskilt.

Det kan berre søkjast støtte ein gong til same prosjekt.

Avsette løyvingar – Fordeling og prioritering
Rådmannen si innstilling til fordeling av investeringstilskotet tek utgangspunkt i avsett ramme til formålet i gjeldande økonomiplan. Investeringsprosjekt som vil kunne nyttast til fleire typar idretts-/kulturaktivitetar, såkalla fleirbruksanlegg, blir prioritert. Vidare vil prioritering av tilskotsmidlane ta utgangspunkt i mål og prioriteringar i gjeldande kommunale planar på området.

Forskottering av spelemidlar
Det kan søkjast om forskottering av spelemidlar til private anlegg/bygg under føresetnad av at anlegget er ferdigstilt og rekneskapen er revidert.
    

Kommunal garanti
For større investeringsprosjekt på 3 millionar kroner eller meir kan det søkjast om kommunal garanti for lån som må tas opp i påvente av utbetaling av kommunalt investeringstilskot. Det vert ikkje stilt garanti for byggelån.  

Søknadsfrist
Årleg søknadsfrist er 1. juni. Dette for å kunne vurdere søknaden i samband med komande økonomiplanperiode. Søknadene blir behandla og prioriterte i dei årlege økonomiplanane, med endeleg vedtak i kommunestyremøtet i desember kvart år.  

Time Idrettsråd – uttale
Time Idrettsråd får rådmannen si innstilling til uttale.

Utbetaling av tilskot
Tilskotet blir først utbetalt når anlegget/bygget er ferdigstilt og rekneskapen er revidert.

Les meir på time.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Tilskot til opne kunst- og kulturarrangement

Kven kan søkja
Tilskot til arrangement/ underskotsgaranti kan løyvast til lag og organisasjonar, andre samanslutningar/ ad-hoc grupper som arrangerer opne kunst – og kulturarrangement.
 

Føremål
Eit mangfald av opne kulturarrangement verkar vitaliserande i ein kommune. 
Tilskot/ underskotsgaranti til kulturarrangement har som føremål å fremja slike tiltak. 

Storleik på tilskot
Tilskot til kulturarrangement eller underskotsgaranti kan løyvast med inntil 50 % av kostnadane.  Nasjonale og internasjonale kulturarrangement vert vurderte særskilt.

Søknadsfrist
Søknad om støtte til særskilde kulturarrangement, underskotsgaranti eller særskilde investeringar er 3 veker før arrangementsdato.

Tilskot vert betalte ut etter at arrangementet er gjennomført, og godkjent rekneskap er levert inn. Frist for utbetaling av tilskot er sett til 1 månad etter arrangementsdato.

Les meir og søk elektronisk på time.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Oppstartingstilskot

Kven kan søkja
Frivillige organisasjonar som driv kultur- og fritidsarbeid i Time kommune kan søkja om tilskot til å setja i gang eller starta opp eit lag. Ordninga gjeld ikkje nyskipingar innafor eksisterande organisasjon.

Laget / organisasjonen skal ha ei demokratisk oppbygging med tilgjenge for alle til medlemskap. (Avgrensing i høve alder, bustad e.l. kan godkjennast).

Laget/ organisasjonen må ha minst 10 betalande medlemmar og eit medlemsvalt styre. Organisasjonar som ut frå sin eigenart ikkje innfører kontingent, kan vurderast i høve til løyving av tilskot.

Reorganiserte lag/organisasjonar kan søkja om ny registrering når verksemda er teken opp att etter stans i minst 2 år.

Føremål
Oppstartingstilskot skal hjelpa nyorganiserte lag og organisasjonar med delvis dekking av etablerings- og driftsutgifter fram til dei kan søkja om driftstilskot.

Lag og organisasjonar som driv kultur- og fritidsarbeid for barn og unge vert prioriterte.

Lag/organisasjonar kan registrerast som kulturorganisasjon sjølv om dei ikkje søkjer om tilskot. Laget/organisasjonen vil då koma inn i registeret over kulturorganisasjonar i kommunen.

Storleik på tilskot
Tilskot til oppstarting er avgrensa oppover til 3000 kroner.
Ved fastsetting av tilskot sum vert følgjande vurdert:

- tal på betalande medlemmar
- etablerings- og driftsutgifter
- kva tid på året organisasjonen/ underavdelinga vart oppretta.

Søknadsfrist
Oppstartingstilskot kan løyvast 6 månader etter oppstart. Driftstilskot kan søkjast til fastsett søknadsfrist, men storleiken på driftstilskotet vert sett i høve til tid for innvilga oppstartingstilskot. 

Når eit lag vert lagt ned, må ein gje melding om dette så snart som mogleg til Time kommune – Servicetorget. Rekneskap over tilskotsmidlar skal sendast inn.

Les meir og søk elektronisk på time.kommune.no.
 

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til kulturutveksling - venskapskommunar

Kven kan søkja
Frivillige lag og organisasjonar i Time som tilfredsstiller krav til tilskot, kan søkja om vertstilskot og reisetilskot. Her vert barne- og ungdomslag prioriterte.

Føremål
Søknaden skal stilast til  Formannskapet.
Søknaden må innehalda invitasjon, program, kostnadsoverslag, finansieringsplan og reiseopplegg for dei organisasjonane som søkjer om reisetilskot.

Ein bør ta med kor stor sum det vert søkt om.

Storleik på tilskot
Levekår kan gje vertstilskot med inntil 5.000 kroner, og reisetilskot med inntil 7.500 kroner.


Søknadsfrist
Ein kan søkja om vertstilskot og reisetilskot heile året.

Vanlegvis bør det gå minst 2 år mellom kvar gong ein organisasjon får tilskot til kulturutveksling.

Kommunal mottaking/tilstelling/omvising og turopplegg må avtalast i god tid på førehand med ordføraren.

Les meir på time.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til ungdomsaktivitetar

Kven kan søkja
Frivillige lag og foreiningar som fell inn under reglar for oppstartingstilskot, jf kapittel 3.

Velforeiningar, foreldregrupper og andre samanslutningar ut frå arrangementet/tiltaket sin eigenart.

Hotell/kafear og restaurantar kan og søkja om tilskot til alkoholfrie helgetilbod for ungdom der arrangementet tilfredsstiller vedtekne krav.

Ungdom under 20 år kan søkja om tilskot til sjølvstyrte ungdomsaktivitetar som har som føremål å skapa nye aktivitetar og som involverer ungdom i alle ledd.

Tilskot til opne alkoholfrie helgearrangement for ungdom
Hovudføremålet med denne tilskotsposten er å stimulera til igangsetjing av opne alkoholfrie tiltak for ungdom i Time.

Krav til tiltak som ein kan søkja støtte til er:

•    Som helgearrangement vert rekna arrangement som er lagt til fredag- eller laurdagskveldar, og i samband med høgtider som nyttår, 17. mai e.l. 
•    Arrangement som varer i minst 3 timar.
•    Alder
•    Tilbod som blir etablerte i krinsane (Lyefjell, Undheim, Frøyland og sentrumsnære område på Bryne) skal i hovudsak retta seg mot aldersgruppa (12) 13 - 16 år (18)
•    Tilbod for ungdom i Bryne sentrum skal ha ei nedre aldersgrense på 15 år.
I nokre høve kan ein setja nedre aldersgrense til 13 år (spesielle konsertar/kulturarrangement)
    Krav om nedre aldersgrense er absolutt, medan øvre aldersgrense blir sett av arrangøren.
•    Arrangementa skal vera rusfrie, og det vil bli stilt krav om høveleg vakthald. Personar som er påverka av rusmiddel skal visast bort.
•    Tiltaka skal ha god marknadsføring

Søknadsfrist
Tilskot til helgearrangement for ungdom har søknadsfrist 3 veker før arrangementsdato.

Storleik på tilskot
Tilskotet vert betalt ut mot innlevert rapport og rekneskap for kvart arrangement.
Faste opne helgetiltak kan løyvast tilskot for ½ år om gongen mot innlevering av rekneskap og rapportar for kvart arrangement.

Les meir og søk elektronisk på time.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til sjølvstyrte ungdomsaktivitetar

Føremål
Det er eit mål å stimulera unge under 20 år til å gjennomføra og driva eigne kulturaktivitetar der ungdom er aktive i utforming og drift.

Krav til søkjar er at medlemmane i gruppa er under 20 år, og at tiltaket er kultur- og fritidsaktivitetar for ungdom. Eksempel på slike tiltak er teater/ dans, utradisjonelle idrettsaktivitetar, gjennomføring av spesielle arrangement, kunstuttrykk m.m.

Dersom det vert oppretta eit ungdomsråd i kommunen, vil ungdomsrådet ha innstillingsrett på desse midlane.

Søknadsfrist
Skriftleg søknad med omtale av kva ein ønskjer å setja i gang og budsjettframlegg skal sendast Time kommune – Servicetorget minst ein månad før igangsetting.

Les meir og søk elektronisk på time.kommune.no.

logo
Tilskot til ferietur i eigen regi

Målsetting
Time kommune ønskjer at funksjonshemma skal kunne realisere eigne ønskjer om turar / ferieturar gjennom varierte støtteordningar.
Ein vil legge vekt på den einskildes ønskjer og interesser, og behov for avkopling, oppleving og variasjon.

Generelle bestemmingar
Det er viktig med ei felles forståing av kva som ligg i omgrepet "funksjonshemming".
I Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001 vert omgrepet forklart slik:
"Funksjonshemming er et misforhold mellom individets forutsetninger og miljøets og samfunnets krav til funksjon på områder som er vesentlige for etablering og opprettholdelse av selvstendighet og sosial tilværelse". 
Funksjonshemminga er av varig karakter.

Kommunen kan gi tilskot til dekning av ekstrakostnadar som den enkelte funksjonshemma måtte ha for å kunne reise på ferie. Dette er utgiftar til reise, opphald og løn til ledsager. 
Ein kan og gje tilskot til lag, organisasjonar mv. som arrangerar turar der funksjonshemma deltek. Tilskotet er budsjettavhengig.

Den funksjonshemma sjølv betalar eigne turutgiftar. 
Den enkelte funksjonshemma må sjølv ordne reiseforsikring, avbestillingsforsikring og andre reisepapir. 

Kulturkontoret kan være med å arrangere ferieturar for funksjonshemma, jf. kriteria i pkt. 6. 
Når kulturkontoret arrangerer tur, og står for planleggings-, gjennomførings- og
samordningsansvaret for turen, skal dette være i samråd med brukarane.
Når kommunen ikkje har personalansvar på tur, har ein heller ikkje anna ansvar utover
eventuell tildeling av tilskot.

Kven kan søkje
Personar:
    - som grunna funksjonshemming er avhengige av ledsager / støtte på tur
    - som er over 15 år
          

Aldersgrensa kan ved skjønn vurderast lågare dersom det er særlege høve som tilseier det.

Turalternativ
Det kan søkjast tilskot til følgjande ferieturalternativ: 

- Tur i eigen regi. Det kan gis eit eingongsbeløp i støtte til ledsagerutgifter.
- Tur arrangert i kommunal regi Heil eller delvis dekning av ledsagerutgifter.
- Einskildtur, der ein person reiser åleine med ledsager.
- Gruppetur, der fleire funksjonshemma reiser i lag med fleire ledsagerar.
- Tur arrangert av andre. Lag / organisasjonar / andre som arrangerar tur der funksjonshemma er med, kan få tilskot som eit eingongsbeløp berekna per ledsager det er naudsynt å ha med.
    
    
Tilskot
Tilskot til ferietur vurderast individuelt og skjønnsmessig ut frå:

- lengde og reisemål for turen i forhold til tidlegare turar
- den einskilde sine økonomiske muligheiter for sjølv å dekkje deler av utgiftene til ledsager
- budsjetterte midlar og talet på søknadar.

Tilskotet utbetalast etterskotsvis på bakgrunn av framlagt rapport og rekneskap.
For å få tilskot må ein også ha behov for ledsager. 
Berre i heilt spesielle tilfelle kan krav om ledsagerbehov fråvikes.

Ledsager
Med ledsager meines naudsynt følgjeperson den enkelte funksjonshemma må ha med for å kunne avvikle ein ferietur.
Dette kan være personar som står den enkelte nær eller som er tilsett av kommunen.

Når kommunen står som arrangør av ferietur vert antal ledsagerar vurdert ut frå den enkelte brukar sitt hjelpebehov. 
Når kommunen arrangerer tur skal brukarane sine eigne interesser og synspunkt høyrast og tileggjast vekt.

Kulturkontoret vil prioritere å skaffe ledsagerar til personar som:
- har særleg behov for forandring i sitt daglege miljø, og som sjølv ikkje har muligheiter for å kunne gjere noko med dette. 
- bur heime hos familie 
 - bur åleine med avgrensa kommunalt tilsyn / støtte (mindre enn 6 timar støtte / tilsyn på fritid)

Personar som
- har vesentleg kommunalt tilsyn / støtte knytt til eige hjelpebehov (meir enn 6 timar støtte / tilsyn på fritid), må stille med personell / ledsager frå tenesteytar på turane.
- treng særskild medisinsk tilsyn må bidra til å få med kompetente ledsagerar.

Behandling av søknadane
Kulturkontoret har egna søknadsskjema som kan nyttast, men det er ikkje nødvendig å nytta desse. 
 
•    Søknad om tilskot til ferietur skal sendast til kulturkontoret.
•    Søknadsfrist er 1. mai
Søknadar som kjem inn etter fristen vert ikkje imøtekomne.
•    Med søknaden skal fylgje:
-    Opplysningar om reisemål, tidspunkt og varigheit
-    Behov for støtte / ledsager
-    Kostnadsoverslag
•    Likningsattest kan i spesielle tilfelle krevjast framlagt.
•    Søknaden vert behandla individuelt 
•    Kulturkontoret kan ved førespurnad gje rettleiing og hjelp til å søkje.

Andre turar
Med andre turar meines turar som er arrangert for å oppnå oppleving, sosialt samvær og liknande.
Kommunen kan ved skjønn vurdere tilskot til slike turar, avhengig av budsjetterte midlar.

Les meir og søk elektronisk på time.kommune.no.

Privatpersoner
logo
Tilskot til lag og organisasjonar som inkluderer personar med nedsett funksjonsevne

Kven kan søkja
Lag og organisasjonar som driv kultur- og fritidsaktivitet, og som arbeider for å involvera og inkludera «menneske med særskilte behov» i laget, kan søkja om tilskot til delvis dekking av utgifter i samband med t.d. utstyr, instruktør og andre tilretteleggingstiltak. 

Føremål
Målet er å gjera det mogleg for «menneske med særskilte behov», dvs. personar med funksjonsnedsetting, psykiske vanskar, innvandrarar m.fl., å ta del i ordinært lag- og organisasjonsliv på lik linje med alle andre. 

Storleik på tilskot
Storleiken på tilskotet vil til ei kvar tid vera avhengig av budsjetterte midlar og talet på søknader. 

Søknadsfrist
Søknader kan sendast Time kommune – Servicetorget heile året. Utbetaling vil normalt skje etter at rapport og rekneskap for aktiviteten ligg føre.

Les meir på time.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post