Sør-Fron kommunes støtteordninger

Sør-Fron kommune tilbyr sine innbyggere flere offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Sør-Fron kommune.

Les mer om Sør-Fron kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
Utlysing
Utlysing
Ikke spesifisert
Sør-Fron
Støtteordninger (9)
logo
Ringdalsfondet

Fondet sine midlar skal kunne bli utbetalt som stipend til ungdom under 25 år i samband med vidareutvikling på felt innafor kulturområdet. Ved årsslutt skal eventuelt ubrukte midlar på kulturtilskotsposten, bli overført Sør-Fron kommunes kulturfond – Ringdalsfondet.

Stipend frå fondet kan utbetalast ein gong i året. Ordninga skal da bli gjort kjent i kommunen gjennom utlysingar og/eller på annan måte.

Skriftleg søknad skal sendast til kulturkontoret som fungerer som sekretariat for ordninga.

Frist for å søkje er 15. mars.

 

Les meir og søk elektronisk på sor-fron.kommune.no.

Private / enkeltpersoner
logo
Kulturprisen

Kulturprisen vart delt ut fyrste gong i 1986. Her kan du sjå oversikt over alle som har mottatt prisen.
Sør-Fron blir ofte kalla "kulturbygda", og kommunen har og har alltid hatt eit svært rikt kulturliv.

Spennet er stort - kommunen kan syne fram alt frå spelemannstradisjonar til artist in residence-ordningar, teater av nasjonalt kaliber, rockefestivalar, dansestudio og eit rikt organisasjonsliv - ikkje minst innafor idretten. 

For å heidre dei som går i front for kulturkampen i kommunen, har Sør-Fron kommune sidan 1986 delt ut Sør-Fron kommune sin kulturpris. Prisen blir delt ut annankvart år, og skal vera ein gåvesjekk og ei minnegave.

Pris for stor innsats

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, lag eller institusjonar som har gjort stor innsats på områder innafor det utvida kulturomgrepet.

Prisen skal delast ut av formannskapet. Gjennom kunngjeringar i lokalavisene ber ein folk om å koma med begrunna forslag til kandidatar. Ved utdeling blir det teke omsyn til kven som har fått prisen tidlegare.

 
Kulturprisen har vore delt ut sidan 1986. Dei fyrste åra var den delt ut kvart år, men sidan 2012 har den vore delt ut annankvart år. 

Prisen blir offentleggjort på seinhausten, med utdeling under kommunen sin kulturkveld i månadsskiftet januar/februar.

Les meir på sor-fron.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Spelemidlar

Søknad om spelemidlar skal sendast om kommunen som prioriterer alle søknadane frå vår kommune.
Blir det søkt om kommunalt tilskot i tillegg til spelemidlar, må kommunen sjølvsagt behandle denne.  Kommunen har også ansvar for å sjå til at alle formelle krav blir oppfylt og at alle nødvendige vedlegg ligg ved. 

Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd. 

For å kunne motta spelemidlar må anlegget det blir søkt om tilskot til ligge inne i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det er difor viktig at kommunen får informasjon om utbyggingsplanar så tidleg som råd.

Det kan søkjast om tilskot frå spelemidlane til:

- bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet
- nærmiljøanlegg
- løyper og hytter i fjellet

Det skal brukast elektroniske søknadskjema. Ved å gå inn på nettsida www.anleggsregisteret.no finn du søknadskjema. Her finn du også nærare retningsliner for spelemiddelordninga. Søknadsfrist til Sør-Fron kommune er 15. oktober kvart år.

Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du på sor-fron.kommune.no.

logo
Kulturmidlar

Sør-Fron kommune støttar lag, organisasjonar og andre kulturtiltak. Frist for søknad om tilskot til kulturformål i 2022 er 15. mars. Elektronisk søknadsskjema blir tilgjengeleg 17. februar.

Les meir og søk elektronisk på sor-fron.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
logo
Utviklingsfondet for landbruket

I Sør-Fron kommune kan gårdbrukere søke kommunens utviklingsfond om tilskudd til fire ulike tiltak.


Søknadsfristen er 15. mars, og det er elektroniske søknadsskjema for de ulike ordningene. Ta kontakt med landbrukskontoret om du ønsker hjelp til å søke.

På sor-fron.kommune.no finner du søknadsskjema for ordningene:

- Søknad om støtte til kjøp av melkekvote
- Søknad om støtte til melkeproduksjon på seter
- Søknad om støtte til nydyrking
- Søknad om støtte til rydding av nytt innmarksbeite

Les mer og søk elektronisk på sor-fron.kommune.no.

Bedrifter og næringsliv
logo
Kommunalt næringsfond

Næringsfondet er eit verktøy for å fremje næringslivet, sysselsetjinga og busetnaden i Sør-Fron kommune. Hovudmålsettinga er å skape fleire arbeidsplassar og/eller å ta vare på dei arbeidsplassane vi har. 

Kommunale næringsfond skal brukast slik:

- Støtte eksisterande næringsliv i kommunen.
- Verdiskapningspotensialet på kort og lang sikt skal vera ein del av vurderinga.
- Legge til rette for ny næringsetablering og entreprenørskapskultur.
- Støtte opp under regionale satsingar.
- Auke kompetansen og legge til rette for nettverksbygging.

Prioritering:

Fondsmidlar til bedriftsstønad skal prioriterast i tråd med intensjonane i den til kvar
tid gjeldande næringsplanen i kommunen. Midlene må sees i sammenheng med andre
virkemidler gitt av øvrig virkemiddelapparat, særdeleshet Innovasjon Norge Oppland

Midlane prioriterast slik :

1. Stønad til etablering av ny verksemd.
2. Stønad til eksisterande verksemd der tiltaket vil føre til auka sysselsetjing.
3. Stønad til verksemder i vanskar. Slike saker skal vurderast særs nøye, og
må ikkje få preg av driftsstønad.
4. Anna stønad til eksisterande bedrifter.
5. Verksemder som tidlegare har fått støtte, bør i utgangspunktet ha lågare prioritet enn
dei som søkjer for fyrste gong.
6. Ein må vere varsam ved bruk av kommunale næringsfond som kan medføre
konkurransevridning.

Søknaden:

Søknader om tilskot frå kommunalt næringsfond skal handsamast fortløpande utan nokon
søknadsfrist. Næringsutvalet som fondsstyre har vedtaksmyndigheit. Søknader om stønad
skal sendast i eigen individuell søknad, og skal så langt råd er innehalde opplysningar om :

1. Personalia frå ansvarleg for verksemda.
2. Beskriving av verksemda og det omsøkte prosjektet.
3. Bekrefta registrering i Brønnøysundregistra. Framlegging av likningsattest.
4. Korleis bedrifta står økonomisk (Gjeld eksisterande verksemder)
5. Kapitaltrong.(Spesifisert oversikt over alle kostnader ved omsøkt prosjekt)
6. Finansieringsplan for omsøkt prosjekt.
7. Driftsbudsjett (Inntekter og utgifter)
8. Ved kjøp av brukt utstyr, skal det dokumenterast at det ikkje er gjeve
offentleg tilskott til same objekt tidlegare.

Korleis søkjer eg?

Søknad om stønad frå næringsfondet leveres inn via portalen regionalforvaltning.no. 

Les meir og søk elektronisk på sor-fron.kommune.no.

Bedrifter og næringsliv
logo
Arrangementsstøtte frå Midt-Gudbrandsdal regionråd

Regionrådet for Midt-Gudbrandsdal har siden 2012 hatt en ordning for arrangementsstøtte der arrangementer av regional betydning med forankring i midtdalskommunene kan søke om støtte til utvikling av eksisterende eller nye arrangement.

Søknaden skal inneolde:

- Navn på arrangementet
- Hvor skal arrangementet avholdes?
- Tidspunkt for avvikling
- Forventet antall deltakere
- Forventet publikumstall
- Forventet media oppslutning

- Hva søkes det støtte til? (beskriv utviklingstiltak)
- Hvilke effekter forventes det at utviklingsprosjektet vil gi for arrangementet/arrangøren og omgivelsene?
- Evt. samarbeid lag/foreninger
- Evt. samarbeid næringsliv

- Søknadsbeløp
 Spesifiser søknadsbeløpet på kostnadsposter og legg ved totalbudsjett for arrangementet (VIKTIG!)
- Er det søkt om annen finansiering?
- Evt. hvor og søknadssum
- Hva er egenfinansieringen i prosjektet?

Les mer og søk elektronisk på sor-fron.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Fritidsstipend for barn og unge i Midt-Gudbrandsdalen

Ringebu, Sør- Fron og Nord-Fron kommunar tilbyr fritidsstipend til barn og unge.

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha mogleik til mestring og samfunnsdeltaking ved å delta i fritidsaktivitetar. 

Målgruppa er sårbare barn og unge opp til 24 år som av ulike grunnar ikkje har økonomisk mogleik til å delta i fritidsaktivitetar.  

Fritidsstipend gjeld for: 
Kontingentar til faste organiserte fritidsaktivitetar der det blir betalt ei fast deltakaravgift (ikkje treningssenter). 

Søknadsfrist: 
1.september 2022 og deretter årleg søknadsfrist 1. mai og 1. desember. Du søkjer til din bustadskommune. 

Ordninga er finansiert med kommunal eigenandel og med tilskot fra BUF-dirordninga "Tilskudd til inkludering av barn og unge." 

Budsjettet er begrensa og vil bli fordelt innafor tilgjengelege midlar.  Dvs. ingen har krav på å få innvilga sin søknad. 
Oppgjer for deltakaravgift foregår mellom kommunen og organisasjonen. 
 
Vi opplyser også om: 

UngINN - kulturkort for ungdom - Innlandet fylkeskommune kan bestillast av alle i alderen 13-21 år og gir rabatt på mange ulike kulturopplevingar i Innlandet. 

Ved  BUA Vinstra kan du leige idrett- og fritidsutstyr for kortare periodar. Frå vinter 2023 blir det oppetta BUA-satellitt i Sør-Fron og Ringebu der utstyr kan hentas ut og leverast, men inntil da må utstyr hentas og leverast på BUA Vinstra. 

Idrettslaga i kommunen har via samme ordninga nokre tilgjengelege midlar til deltaking på cup eller samlingar for enkeltdeltakarar.

Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du på sor-fron.kommune.no.

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til vedlikehold av private veger

Retningsliner for tildeling

Private vegar til heilårsbusetnad kan søke om støtte frå Sør-Fron kommune dersom det i kommunens årsbudsjett er sett av midlar til føremålet. Retningslinjene gjeld ikkje for setervegar eller vegar med bomfinansiering.

Der det er fleire med bruksrett skal det opprettast vegstyre som står som søker. Oppmålt veglengde skal vera fram til siste heilårsbustad.

Største delen av tilskottet tildeles etter veglengde, og resten etter skjønn. Formannskapet avgjer fordelinga ved den årlege tildelinga på bakgrunn av søknadene.

 
Slik reknast tilskotet ut:

T = (A x SB x VL/SVL) + SV

T = tilskott

A = andel av samla tilskot etter veglengde ( for eksempel 2/3 )

SB = samla tilskot til fordeling

VL = oppmålt veglengde pr. søknad fråtrekt 50m pr. bustadeigedom/hytteeigedom/bruksrett

SVL = oppmålt samla veglengde for alle søknader fråtrekt 50m pr. bustadeigedom/hytteeigedom/bruksrett

SV = særlege vilkår etter utvalets skjønn

Les meir og søk elektronisk på sor.fron.kommune.no.

Aktuelle utlysinger hos Sør-Fron kommunes støtteordninger

S
Mer informasjon om Ringdalsfondet vil snart publiseres her. Du vil da få informasjon om hvem som kan søke og hvordan man sender søknad på Ringdalsfondet.
Ikke spesifisert Sør-Fron

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post