Modalen kommunes utdanningsstipend

Stipendet vert gjeve til elevar som går på vidaregåande skular, og som har foreldre/heimen sin i
Modalen kommune.
Eleven må ha gått minimum 10.klasse i Modalen. Både eleven, og minst den eine av foreldra, må vera folkeregistrert busette i Modalen kommune.


Dette er en redaksjonell oppføring av legat / stipend for stipendportalen.no. Informasjon er hentet fra modalen.kommune.no

Les mer om Modalen kommunes utdanningsstipend
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (1)
logo
Modalen kommunestipend

1. Stipendet vert gjeve til elevar som går på vidaregåande skular, og som har foreldre/heimen sin i Modalen kommune.
2. Eleven må ha gått minimum 10.klasse i Modalen. Både eleven, og minst den eine av foreldra, må vera folkeregistrert busette i Modalen kommune.
3. Elevar kan tildelast stipend dei 3 fyrste utdanningsåra etter fullført grunnskule. Elevane søkjer om stipend for eit undervisningsår om gongen. For elevar med utvida
rett til vidaregåande opplæring vert det gjeve stipend også det 4. utdanningsåret. Dette vil også gjelda elevar som treng eit fjerde år for å oppnå generell studiekompetanse etter 3 fullførte utdanningsår.
4. For å få utbetalt heile stipendet må undervisninga vera lagt opp som fulltidsutdanning.
5. Det kan søkjast om stipend til deltidsutdanning på vidaregåande skule sitt nivå. For deltidsutdanning vert stipendsummen rekna ut i brøk av fulltidsutdanning. Slik deltidsutdanning må omfatta minst 6 timar undervisning pr. veke.
6. Det vert gjeve same stønadsbeløp til heimebuande og bortebuande.
7. Stipendordninga gjeld også for lærlingar innanfor regelen i pkt 3.
8. Det skal søkjast på eige søknadsskjema.
9. Storleiken på stipendet vert kr. 24.000,- fordelt på 10 månader. Beløpet vert kvart år pr. 1.januar justert i høve konsumprisindeksen til næraste heile hundrekroner.
10. Stipendet vert utbetalt pr. md. Fyrste utbetaling innan den 15.september i utdanningsåret. 
Seinare utbetalingar forskotsvis innan den 01. i kvar månad, til og med juni md.

Søknadsfrist er 31. august

Last ned søknadsskjema på modalen.kommune.no

Private / enkeltpersoner

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post

Fakta om Modalen kommunes utdanningsstipend