Alver kommunes legat og støtteordninger

Alver kommune tilbyr sine innbyggere forskjellige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du bor i Alver kommune.

Les mer om Alver kommunes legat og støtteordninger
Fakta
Antall utdelinger
Ikke spesifisert
Årlig utdeling
Ikke spesifisert
Se alle fakta
Organisasjonsprofil
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (7)
logo
Lindås kommunes samlelegat

Til familiar i Lindås kommune som på grunn av ulukke, sjukdom eller andre uheldige omstende har kome i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Til personar i kommunen som innan landbruket utviklar ny næring knytt til garden. Til personar som arbeider med utgjeving av bygdebøker i kommunen.

Private / enkeltpersoner
logo
Driftstilskot

Det kan søkjast driftstilskot innan følgjande inndeling:

Idrett
Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift i idrettslag under NIF og skyttarlag tilslutta DFS. Tildelinga vert basert på medlemstal.

Idrettsanlegg i privat eige
Ordninga gjeld større ordinære idrettsanlegg i privat eige, for organisert idrettsleg aktivitet og konkurransar. Tilskota utarbeidast etter eige vektingsnøkkel.

Skulekorps og barnekor
Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift i skulekorps og barnekor, og er basert på grunntilskot og medlemstal. Kor, vaksenkorps og andre musikklag Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift i kor, vaksenkorps og andre musikklag, og er basert på grunntilskot og medlemstal. Andre Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift, og er basert på heilskaplege vurderingar knytt til aktivitetsnivå og mangfald.

Kor, vaksenkorps og andre musikklag
Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift i kor, vaksenkorps og andre musikklag, og er basert på grunntilskot og medlemstal.

Andre
Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift, og er basert på heilskaplege vurderingar knytt til aktivitetsnivå og mangfald.

Søk elektronisk på alver.kommune.no

Søknadsfrist 15. november

Private / enkeltpersoner
Organisasjoner og foreninger
logo
Kulturprosjekt

Ordninga skal støtte prosjekt innan kulturfeltet, opne arrangement og innkjøp av utstyr knytt til prosjektet. Produksjonsstøtte kan gjevast til utøvarar innan kulturfeltet, som kan vise til inngått avtale med velrenommerte visningsstadar for kunst, konsertlokale, plateselskap, forlag og liknande. Produksjonsstøtte skal gå til kostnadar ved prosjektet, men ikkje eigen løn.

Tilskot er behovsprøvd og kan eventuelt gjevast som underskotsgaranti. Underskotsgaranti til arrangement skal søkjast i forkant.

Søknadsfrist 15. april og 15. november

Søk elektronisk på alver.kommune.no

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Idrettsprosjekt

Ordninga skal støtte prosjekt innan idrettsfeltet, opne arrangement, og innkjøp av utstyr.

Tilskotet er behovsprøvd og kan gjevast som tilskot eller underskotsgaranti. Underskotsgaranti tilarrangement skal søkjast i forkant. Einskildutøvarar er ikkje omfatta av ordninga.

Søknadsfrist 15. april og 15. november

Søk elektronisk på alver.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Friluftslivstiltak

Ordninga skal støtte tilrettelegging og utvikling av friluftslivstiltak, og kan gjevast i form av materialar, gjerdeklyv, grinder eller benkar, eller som refusjon av utgifter. Det skal liggja føre ein skriftleg avtale med grunneigar der tilrettelegginga skal gjerast. Standard avtale om tilrettelegging og merking av turstiar bør nyttast. Det bør også liggja føre ein avtale omvedlikehald av stien på minst fem år.

Løpande søknadsfrist

Søk elektronisk på alver.kommune.no

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Bente Kopperdal Hervik 
Rådgjevar kultur
E-post: bente.kopperdal.hervik@alver.kommune.no
Telefon: 99 24 54 69

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Arbeids- og etableringsstipend kultur og idrett

Kultur
Opptil tre arbeids- og etableringsstipend skal gå til kunstnarar/kulturutøvarar, som er heimehøyrande eller driv verksemd i Alver kommune, som har inntekt frå kunstnarisk, kulturell verksemd eller er under utdanning. Stipendet skal stimulere til lokal kulturutvikling.

Stipenda skal gå til følgjande tiltak:

Eigenutvikling og auking av kompetanse
Etablering av verksemd
Utvikling av lokalt kulturliv
Aktuelle uttrykksformer er musikk, dans, scenekunst, litteratur, biletkunst, kunsthandverk ogfilm/media.

Idrett
Opptil tre arbeids- og etablerarstipend skal gå til idrettsutøvarar, trenarar, dommarar eller idrettsleiarar som er del av, eller har bakgrunn frå og tilknyting til, idrettslivet i Alver. Stipenda skal støtte høva for å utvikle seg innan idretten, og prioritere søkjarar i aldersgruppa 15 – 26 år.

Stipendet skal gå til følgjande tiltak:

-Eigenutvikling og kompetanseauking.
-Kostnadar ved reise eller opphald i samband med trening utanfor kommunegrensene.
-Utvikling av lokalt idrettsliv
-Kostnadar ved utstyr eller omfattande individuell reiseverksemd ved nasjonale og internasjonale meisterskap.


For begge stipendordningane:
Begge stipendordningane har ei øvre grense på kr 30 000.

Stipenda kan søkjast i samarbeid med idrettslag, musikklag og liknande.

Kulturstipenda skal delast ut etter ei vurdering av kunstnarisk innhald, gjennomføringsevne og verdi for det lokale kulturlivet.

Søknadar skal innehalde ein plan for tiltaket og bruken av stipendet, CV og døme på tidlegare arbeid. Idrettsstipenda skal delast ut etter ei vurdering av gjennomføringsevne og dokumenterte prestasjonar dei siste tre åra. Søknaden skal innehalde plan for tiltaket og bruken av idrettsstipenda,dokumentasjon av prestasjonar, CV og skriftleg uttale frå idrettslag og/eller særkrets eller særforbund.

Private / enkeltpersoner
logo
Ungdomsrådsmidlar

Ungdom kan søkje om støtte frå ungdomsrådet til tiltak og aktivitet som kan betre dei unge sitt oppvekstmiljø.

Til dømes:

-oppstart av aktivitet eller prosjekt
-innkjøp av utstyr og matriell
-utvikling/formidling av kunst, kulturprodukjson og scene.


Neste søknadsfrist er 2. november og 3. desember. 

Det kan søkjast om inntil kroner 5000,- frå ein aktør. Ved to eller fleire aktørar i samarbeid kan det søkjast om inntil 15.000.

Les meir og søk elektronisk på alver.kommune.no

Private / enkeltpersoner
Organisasjoner og foreninger

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post