Sunnfjord kommunes stipend og støtteordninger

Sunnfjord kommune tilbyr sine innbyggere ulike støtteordninger og stipender. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du bor eller jobber i Sunnfjord kommune.

Les mer om Sunnfjord kommunes stipend og støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (4)
logo
Utviklingsstipend til idrettsutøvarar

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut sju utviklingsstipend à 40 000 kr til unge idrettsutøvarar. Søk innan 1. oktober.

Stipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong.

Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.

Mer søknadsinformasjon finner du på vestlandfylke.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Driftstilskot for lag og organissasjonar

Driftstilskot for lag og organissasjonar
-Tilskot til drift av lag og organisajonar innan kultur, idrett og frilufsliv kan berre frivillige lag og organisasjonar søke om.
-Søknadsfristen er 1. mars kvart år.
-Søknadsskjema finn du på sunnfjord.kommune.no ein månad før søknadsfristen.

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til einskildarrangement og prosjekt

Tilskot til einskildarrangement og prosjekt
-Alle kan søke om midlar til einskildarrangement, prosjekt og andre tiltak og aktivitetar innan kultur, idrett og friluftsliv.
-Det er to søknadsfristar i året: 1. mars og 1. september.
-Søknadsskjema finn du på sunnfjord.kommune.no ein månad før søknadsfristen.

Organisasjoner og foreninger
logo
Jølstrafondet

Tidlegare Jølster kommune oppretta to fond som det er mogleg å søke om tilskot frå; Jølstrafondet og Kjøsnesfjordfondet. Du søker på same skjema for begge fonda.

Retningsliner for fiske- og friluftslivsfond for Jølstra
Vedtatt 28.03.2019 av Kommunestyret i Jølster
§ 1 Føremål som fondet kan støtte
Fondet kan nyttast til å støtte:
1. fiskekultivering
2. tilrettelegging for, og fremjing av, fritidsfiske- og friluftslivsaktivitetar
Tiltaka som vert støtta skal kome ålmenta til gode. Det vert ikkje gjeve tilskot til lag og
organisasjonars medlemsaktivitetar.


§ 2 Geografisk verknadsområde
Tiltak og prosjekt som støttast må vere lokalisert i Jølster (innanfor kommunegrensa av 2019) eller
langs Jølstra.


§ 3 Søkjarar
Søkjarar kan vere lag, organisasjonar, einskildpersonar eller kommune.


§ 4 Søknaden
Søknaden må innehalde:
- omtale av tiltaket/prosjektet det vert søkt støtte til
- opplysningar om kven som står bak søknaden
- budsjett og finansieringsplan for tiltaket/prosjektet
Når lag/organisasjonar søkjer er det krav om at (lagets/organisasjonens) siste godkjende
årsrekneskap og -balanse vert lagt ved.


§ 5 Prioritering av søknader
Dersom det vert naudsynt å prioritere mellom søknader skal følgjande moment ligge til grunn:
- Fellesprosjekt, som fleire aktørar står bak, vert prioritert framfor prosjekt frå enkeltaktørar
og –personar.
- Tiltak knytt til Jølstra, oppstraums Movatnet, med nærliggjande friluftslivsområde, har
fyrsteprioritet.
- Tiltak der tilskot vert rekna som avgjerande for iverksetjing skal prioriterast framfor tiltak
som vert vurdert å ha god tilgang til anna finansiering.


§ 6 Utlysing
Søknader til fondet vert handsama to gonger i året, vår og haust. Det vert annonsert for fondet på
kommunen sine eigne heimesider (på internett) og i sosiale medium. Utlysing vert samordna med
andre kommunale fond.

Les mer og søk på sunnfjord.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post

Fakta om Sunnfjord kommunes stipend og støtteordninger