Etne kommunes støtteordninger

Etne kommune tilbyr sine innbyggere flere fond og offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Etne kommune.

Les mer om Etne kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (6)
logo
Guttorm Vatndals skipnad

Skipnaden er stifta i henhold til Guttorm Vatnedals Testament av 20. mars 1961. Det er vedtatt følgjande føresegner for skipnaden:

Skipnaden er stifta i henhold til Guttorm Vatnedals testament av 20. mars 1961, og skal bera namnet: Guttorm Olavson Vatndals Skipnad.
 
Legatet kapital skal takast vare på slek det til einkvar er fastsett for offentlege skipnader. Kapitalen, slek den i dag er anbragt, kan behaldast så lenge legatstyret med fylkesmannen samtykje ikkje fastsett nokon annan plassering.
 
Grunnkapitalen pr. i dag er: Innskott i Vestlandsbanken 98 luter i Bergen Bank kostpris 2375 luter i Vestlandsbanken 1 lut i Hardanger Elektrostål Panteobligasjon i gnr.143, bnr. 1 i Lindås.
 
Etter styrets vedtak skal ikkje mindre ein 20% av avkastninga kvart år leggast til kapitalen. Helst må grunnkapitalen aukast minst med prisstigninga til einkvar tid.
 
Stipend skal delast ut til ungdom fra Etne kommune, som har ei god framferd, med førerett til dei som vil utdanna seg til prest, lærar eller bonde, likevel slek at etterkomarane etter Guttorm Gudtormsen Jordal Haaland og Begga Arnedotter Digranes Halland og etterkomarane etter Ola Torjussen Vatndal og Kjerstina Tungesvik Vatndal skal dersom dei søkjer ha førerett til stipend.
 
Legatet skal stå under fylkesmannens ettersyn til einkvar tid. Styret skal oppnevnas av Etne kommune ved formannskapet. Styret skal ha to medlemmer, og eit varamedlem.
Styret skal kvart år innan utgangen av februar månad senda rekneskap i revidert stand til fylkesmannen i Hordaland, eller slek dette organ avgjer.

Privatpersoner
logo
Kommunalt driftstilskot til lag og organisasjonar

Kommunen gir driftstilskot til mange lokale og interkommunale lag og organisasjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Etne kommune.


For lag/organisasjonar med fleire undergrupper er det berre hovudlaget som kan vera søkjar og få tilskot til den samla verksemda. Interkommunale lag og organisasjonar får tilskot i høve til det medlemstalet dei har i kommunen.

Kven kan søkja?
Driftstilskot blir ytt til aktive lag og organisasjonar med minst 10 medlemmer busette i Etne kommune, og som høyrer til ein av desse kategoriane.

-Idretts- og skyttarlag
-Musikklag og songkor
-Barne- og ungdomslag.

Vilkår for å søkja
-Eige organisasjonsnummer
-Må avvikla formelt årsmøte


Søknadsfrist
15. september 

Slik søkjer du
Søknadsskjemaet blir lagt ut ca 1. august på etne.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Fond kraftkontrakten

Frå 2020 har kommunen oppretta eit fond som skal støtta tiltak som bidrar til å fremja kultur, idrett og frivilligheit. Bakgrunnen er ein avtale mellom Etne kommune og Etne El-lag om overføring av ein konsesjonskraft-kontrakt.


Det blir gitt tilskot til:

-prosjekt, tiltak og aktivitetar av eingongskarakter
-investering i varige driftsmidlar


Støtta kan gjevast i form av både lån og direkte tilskot.

Kven kan søkja?
Lag, organisasjonar og kommunale tiltak innan Etne El-lag sitt tidlegare konsesjonsområde.


Søknadsfrist
31. august


Slik søkjer du
Du finn søknadsskjema Fond kraftkontrakt på etne.kommune.no
(Ta kontakt om du ønskjer fylla ut skjemaet på papir).
Søkjar får svar med eventuelt tilsegn eller avslag i slutten på oktober.

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørga for:

-profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre
-å la gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innafor eit mangfald av sjangrar og uttrykk
-å legga til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren


 
Kven kan søkja?
Både private-, frivillege- og offentlege organisasjonar kan søkja om støtte til kulturarrangement for eldre i kommunen
Utøvande kunstnarar kan søkja om utviklingsmidlar til prosjekt for eldre


 
Vilkår for søknaden
-Kunst- og kulturfagleg innhald
-Kunstnaren må ha eige organisasjonsnummer
-Marknadsføringa skal visa til at arrangementet er støtta av Den kulturelle spaserstokken


 
Søknadsfrist
Gjennom heile året, men seinast 2 månader før arrangementet du søkjer midlar til skal føregå.


Slik søkjer du
Søknadsskjemaet Den kulturelle Spaserstokken finn du på etne.kommune.no
(Ta kontakt med kommunen om du ønskjer fylla ut skjemaet på papir).


Søkjar får svar med eventuelt tilsegn etter maks 1 månad.

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Etne kommune sitt næringsfond

Du kan søke om støtte frå næringsfondet heile året.


Søknadar om støtte frå næringsfondet vil bli handsama av formannskapet 2 gonger i året, i møte den 7. juni og i møte den 15. november. Søknadsfrist er 1. mai og 1. oktober. Søknadar kan sendast til kommunen fortløpande gjennom heile året.

Les retningslinjer på etne.kommune.no

Bedrifter og næringsliv
logo
Karl Jørgensen legat

Legatets midlar blir delt ut til ungdom i gamle Skånevik kommune som er under yrkesretta utdanning.

Legatet vert styrt av lensmannen i Etne. Rekneskapet blir ført av kommunekasseraren, og revidert av distriktsrevisjonen.

Ta kontakt med kommunen for meir informasjon.

Privatpersoner

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post