Giske kommunes støtteordninger

Giske kommune tilbyr sine innbyggere flere offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Giske kommune.

Les mer om Giske kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
Utlysing
Utlysing
Ikke spesifisert
Giske
Støtteordninger (15)
logo
Kulturmidlar

Giske kommune lyser årleg ut kulturmidlar.

Tilskot  idrett

Midlar til idrett vert fordelt til alle lag som er medlem av NIF og som høyrer heime i Giske kommune.

Tilskot musikk

Tilskott musikk omfattar kor og korps i Giske kommune.

Tilskott kulturminne og museum

Lag og organisasjonar kan søkje om tilskott til ulike tiltak innan kulturminne og museumsarbeid i kommunen.

Alle søkjarane må sende inn søknaden elektronisk, ved å bruke det digitale søknadsskjemaet som de finn på heimesida til kommunen – under «Kultur og fritid» - «Kunst, kultur og idrett» - "Søk om kulturmidlar".

logo
Kommunalt næringsfond

Giske kommune har for tida to aktive næringsfond:  Hoppid-fond for etablerarar samt Fylkeskommunalt næringsfond for bedrifter og etablerarar. 


Næringsfonda i Giske har slike føremål:

- Hoppid-fond for etablerarar i startfasen: Til marknadsavklaring. 
- Fylkeskommunalt næringsfond for bedrifter og etablerarar: Styrkje nyskaping, innovasjon og næringsutvikling.

For å søkje må du ha ein forretningsplan og budsjett som gjev ei oversikt over kva du vil lage/ tilby, inntektsgrunnlag, kostnader og finansiering. Vi vil gjerne ha ein samtale om hva du ønskjer å starte opp med, før du sender inn søknaden.

Søknadsskjema for hoppid-fondet i Giske ligg på Søknadssenteret under Næring  > Søknad om tilskot frå næringsfondet.

Reglar og søknadsskjema for fylkeskommunalt næringsfond ligg på nett på giske.kommune.no.

logo
Stipendordning for studenter innan sjukepleie og vernepleie

Giske kommune tilbyr 8 stipend à kr. 30 000,- årlig til studentar innan sjukepleie eller vernepleie som skal begynne på eller er i første eller andre studieår, eller i første semester tredje studieår. Avtalen gjeld for eitt år i gongen, og stipendet vert utbetalt som eit eingongsbeløp når avtaleperioden er over.

  

Vilkår for ordninga:

- du må binde deg til å arbeide i heil stilling i 5 veker i hovudferien (juni til august), og minimum 10 helgar i året. 2-3 av helgane må vere i hovudferien.
- det er ikkje moglegå inngå avtale for deler av ordninga.
- om du arbeider 6 veker i heil stilling i løpet av hovudferien, får du kr. 10 000,- i tillegg.
- løn etter tariff + kr. 20 000,- over minsteløn for dei som har fullført og bestått 1. studieår. Dei som har fullført og bestått 2. studieår får kr. 30 000,- over minsteløn.
- ved brot på avtalen fell stipendet bort. Ved alt fråvær må vaktene jobbast inn igjen.
- om du sluttar på studiet fell stipendet bort.
- om du allereie er tilsett i Giske kommune, enten fast eller som vikar, vil faste helgar i turnus telje med. Dei 5 vekene i hovudferien må arbeidast, så ferien din må tilpassast avtalen og arbeidsgivar sitt behov. Du kan avvikle eigen ferie mellom 01.06 t.o.m 30.09.
- om du er tilsett i Giske kommune og sluttar før avtaleperioden er ute, fell stipendet bort.
- arbeidsgivar tildeler arbeidsplass etter behov.

Ved tildeling av stipend legg vi vekt på at du :

- god munnlig og skriftleg framstillingsevne.
- har evne til samarbeid og fleksibilitet.
- er stabil og pålitelig.
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
- digital kompetanse.
 

Søk stipend elektronisk på giske.kommune.no. Vi behandlar innkomne søknader fortløpande. 

logo
Økologisk landbruk - direkte tilskott

Beskriving

Tilskott til økologisk landbruk inngår i produksjonstilskottet og omfattar tre ordningar:

- omleggingstilskott (eingongstilskott som blir gjeve ved omlegging)
- arealtilskott (årleg tilskott til areal som er lagt om til økologisk drift)
- tilskott til økologisk husdyrproduksjon


Føremålet med å yte tilskott til økologisk landbruk er å stimulere til å leggje om til og oppretthalde økologiske driftsformer. Tilskotta skal gjere sitt til å kompensere for auka kostnader og avlingsnedgang i den økologiske drifta og medverke til å auke produksjon av økologiske landbruksprodukt.


Målgruppe

Landbruksføretak


Kriterium

Føretaket må fylle dei generelle krava til produksjonstilskott i jordbruket. Det vil seie at føretaket må vere registrert i Einingsregisteret, og:

- anten vere registrert som meirverdiavgiftspliktig og kunne levere årsoppgåve som landbruksføretak, 
- eller ha ei samla omsetning og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 dei siste tolv månadene før registreringsdato for søknaden

Arealet og husdyra må kontrollerast og godkjennast av Debio slik at produksjonen er i samsvar med dei krava som blir stilte til produksjon og merking av økologiske landbruksvarer. Debio er ein kontroll- og godkjenningsinstans som fører tilsyn med økologisk landbruksproduksjon i Noreg.


Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.


Søknadsfrist

15. mars er søknadsfrist for tilskott til økologisk husdyrproduksjon.

15. oktober er søknadsfrist for tilskott til økologisk areal og husdyr.

Det ligg søknadsskjema på altinn.no.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Vedlegg


Rettleiing
Føretak som har søkt om tilskott tidlegare, får tilsendt søknadsmateriell. Andre føretak må vende seg til kommunen.

Les meir på giske.kommune.no.

logo
Tilskott til etablering i eigen bustad

Beskriving

Du kan søkje om tilskott til etablering dersom du har dårleg økonomi og treng hjelp til å skaffe deg ein nøktern og eigna bustad. Ordninga er behovsprøvd. I spesielle tilfelle kan tilskottet òg brukast til refinansiering for å kunne behalde bustaden, gjerne i kombinasjon med startlån.


Målgruppe

- Personar med nedsett funksjonsevne
- Flyktningar
- Sosialt vanskelegstilte


Kriterium

Bustaden skal vere nøktern, både når det gjeld storleik og kostnader. Vidare skal bustaden vere godt eigna for ei eventuell funksjonshemming.


Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.


Rettleiing

Du kan søkje elektronisk på giske.kommune.no.


Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Les meir på giske.kommune.no.

logo
Tilskott til drenering

Beskriving

Føremålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord - til fordel for både avlingar og miljø. For planerte areal kan det også bli gjeve tilskott til areal som ikkje er grøfta tidlegare.

God drenering (grøfting) er viktig for å få gode avlingar. Store delar av dyrkajorda i Noreg har for dårleg drenering. Det gjev dårlege veksttilhøve for plantane og ofte vanskelege innhaustingsforhold. Resultatet er mindre avlingar med dårlegere kvalitet. Dårleg drenert jord gjev òg større risiko for tap av jord og næringsstoff til vatn og utslepp av klimagassar til luft.

Tilskottet kan ein ikkje gje der tiltaket fører til

- monaleg skade for annan eigedom og naturmangfald
- stor fare for flaum og vassureining
- fare for skade på automatisk freda kulturminne
Tilskott kan ein heller ikkje gje der tiltaket er starta før tilskottet er innvilga.


Målgruppe

Eigar av, eller føretak som leiger jordbruksareal med behov for ny drenering



Rettleiing

Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-Porten i Altinn.

Les meir på giske.kommune.no.

logo
Skogplanting - tilskott

Beskriving

Dette er ei støtteordning til tettare nyplanting og suppleringsplanting etter hogst på eksisterande skogareal. Målet er å auke talet på skogplantar ved forynging av eksisterande skogareal.

Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.


Målgruppe

Skogeigarar


Kriterium

Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.


Handsaming

Før tilskottet blir innvilga, skal kommunen alltid sjå til at:

- Nødvendig dokumentasjon er levert med søknaden, dvs. faktura og tilfredsstillande kartfesting.
- Areal, talet på plantar og bonitet er vist på ein tilfredsstillande måte.

I tillegg skal kommunen gjennomføre ein risikobasert feltkontroll på minimum 5 prosent av plantefelta.


 
Søknadsfrist

Frist for å levere søknad til kommunen er 1. august for vårplanting og 7. november for haustplanting.



Rettleiing

Søknad om tilskott blir registrert digitalt via ‘Skogfond på nett’, som alle skogeigarar har tilgang til via Landbruksdirektoratet si hjemmeside. Søknad skal du registrere så snart som råd etter at tiltaket er avslutta og faktura er teken imot.

Som eit alternativ til digital registrering kan du levere søknad om tilskott på papir til skogbruksetaten i kommunen. Dette skal skje på skjema LDIR-909, og med søknaden skal du levere kopi av faktura og eit kart som viser kor tiltaket er gjennomført.

Les meir og søk elektronisk på giske.kommune.no.

logo
Freda bygningar og anlegg - tilskott

Beskriving

Du kan søkje om tilskott dersom det oppstår meirkostnader i samband med vedlikehald av freda bygning på grunn av krav til materialtype og framgangsmåte i fredingsvedtaket.

Riksantikvaren kan frede bygningar og anlegg frå nyare tid som har kulturhistorisk eller arkitektonisk verdi. Dette tyder at ein ikkje kan gjere inngrep eller endringar i bygningen eller anlegget. Normalt vedlikehald som å måle bygningen, kan du gjere, men du kan ikkje gjere endringar som å rive, flytte, byggje på eller endre materialar eller fargar.


Målgruppe

Private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg. Eigarar og forvaltarar kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande.


Kriterium

Det vil bli gjort ein fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og kva tiltaket vil ha å seie i samband med målet med tilskottsordninga. Er du eigar og får dispensasjon frå vedtak om freding som samtidig set vilkår som gjer arbeidet dyrare, skal du ha heilt eller delvis vederlag for denne utgiftsauken. Elles blir dette prioritert:

- tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
- mellombels sikring av freda bygg og anlegg som er i forfall
- tiltak som sikrar bygg og anlegg som det er få av

Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som skal sendast dit.

Handsaming

På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunan som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.

Søknadsfrist

Fylkeskommunen kan gje opplysning om søknadsfristen. Norsk kulturminnefond har to søknadsrundar i året. Søknadsfristen er 01.02. og 01.09.


Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Riksantikvaren er klageinstans for saker som er behandla i fylkeskommunen. Før klagen går dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling. Klage på vedtak i Norsk kulturminnefond skal sendast til Kulturminnefondet.


Vedlegg

Forklaring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi.


Rettleiing

Ta kontakt med fylkeskommunen/Riksantikvaren dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga eller om kor du skal sende søknaden.


Handsamingstid

Fylkeskommunen og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak om tildeling ca. to månader etter søknadsfristen.


Mottakar

Søknad skal sendast til fylkeskommunen, som gjer ei vurdering og prioritering før søknaden eventuelt blir send vidare til Riksantikvaren. Ein kan òg sende søknad til Norsk kulturminnefond.

Les meir og søk på giske.kommune.no.

logo
Nærings- og miljøtiltak i skogbruket - tilskott

Beskriving

Du kan søkje om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Tilskottet kan du få til:

- skogkultur
- vegbygging
- miljøtiltak i skog
- utdrift av skogsvirke med taubane, hest, osb.
- andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket

Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla.


Målgruppe

Skogeigarar


Kriterium

Du har meir enn 10 daa produktiv skog. Tilskott til utdrift av skogsvirke til energiproduksjon (bioenergi) og til andre aktivitetsfremjande tiltak kan òg gjevast til

- skogeigarar som har mindre enn 10 daa produktiv skog
- eigarar som har landbrukseigedommar utan produktiv skog


Handsaming

Fylkesmannen gjer vedtak om tilskott til

- vegbygging 
- tynning og drift av skogsvirke med taubane, hest, o.a.
- utdrift av skogsvirke til energiproduksjon (bioenergi)

Elles er det kommunen som er vedtaksmyndigheit.


Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.


Rettleiing

Søknad om tilskott til skogkultur, vegbygging, miljøtiltak i skog eller utdrift av skogsvirke til energiproduksjon (bioenergi) skrivast på skjema utarbeidd av Landbruksdirektoratet. Ved søknad om tilskott til drift med taubane, hest, o.a., ta kontakt med Fylkesmannen for å få meir informasjon. For andre tiltak i skogbruket, ta kontakt med kommunen.



Handsamingstid

Kommunen/Fylkesmannen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Les meir og søk på giske.kommune.no.

logo
Regionalt miljøprogram i jordbruket - tilskott

Beskriving

Landbruksføretak kan søkje om tilskott knytt til Regionalt miljøprogram. Dette programmet blir utarbeidd for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining. Målet er betre effekt av miljøinnsatsen. Regionalt miljøprogram godkjennast normalt for fire år, men mindre justeringar kan skje årleg. Fylkesmannen disponerer ei årleg tilskottsramme som blir fastsett i jordbruksoppgjeret.


Målgruppe

Landbruksføretak


Kriterium

Landbruksføretak som mottek produksjonstilskott og som oppfyller vilkåra for kvart einskilt tilskott. 


Handsaming

Kommunen er normalt den instansen som gjer vedtak om tilskott.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Dersom det er Fylkesmannen og ikkje kommunen som har gjort vedtaket, er Landbruksdirektoratet klageinstans.


Vedlegg

For mange av ordningane blir det kravt kart som viser tiltaksgjennomføring.


Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordningane.



Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Les meir og søk på giske.kommune.no.

logo
Tilskott til tilpassing av bustad

Beskriving

Har du behov for ein spesialtilpassing av bustaden din, kan du søkje kommunen om tilskott for å dekkje kostnadene anten heilt eller delvis. Tilskottet kan gjevast til spesialtilpassing av den bustaden du har eller dersom du skal byggje eller kjøpe bustad. Det er òg mogleg å søkje Husbanken om tilskott til prosjektering og utgreiing på førehand.


Målgruppe

Personar med nedsett funksjonsevne


Kriterium

Det blir gjort ei vurdering av både dei særskilde behova du har for tilpassing og av den samla økonomien i husstanden.


Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.


Rettleiing
Du kan søkje elektronisk på giske.kommune.no. Kommunen kan hjelpe deg å fylle ut søknaden.


Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom ein ikkje kan gjere eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Les meir og søk på giske.kommune.no.

logo
Kystkultur - tilskott

Beskriving

Du kan søkje om tilskott til å setje i stand freda og spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og virke langs kysten. Midla skal brukast til konkrete tiltak.


Målgruppe

I hovudsak private eigarar og forvaltarar (som kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande)


Kriterium

Det vil bli gjort ei fagleg vurdering av dei kulturhistoriske verdiane. Kva vil tiltaket ha å seie for målet med tilskottsordninga? Det blir lagt vekt på bruk av tradisjonelle material, teknikkar og handverk og opplæring og kunnskapsoppbygging. Tilskotta blir fordelte etter denne prioriteringa:

- tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
- tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det er få av


Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som blir sende dit.


Handsaming

På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunane som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.


Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, søknader blir behandla kontinuerleg.


Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Riksantikvaren er klageinstans for saker som fylkeskommunen har behandla. Før klagen blir send dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling. Klage på vedtak i Norsk kulturminnefond skal sendast til Kulturminnefondet.


Vedlegg

Utgreiing av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi.


Rettleiing
Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga og om kor du skal sende søknaden.


Mottakar


Søknaden sender du til fylkeskommunen, som gjer ei vurdering og prioritering før søknaden eventuelt blir send vidare til Riksantikvaren. Du kan òg sende søknad til Norsk kulturminnefond.

Les meir på giske.kommune.no.

logo
Tilskott til idrettsanlegg

Beskriving

Idrettslag kan søkje om tilskott for å byggje eit idrettsanlegg eller for å rehabilitere eller innrede eit eksisterande idrettsanlegg. Eit anlegg kan vere alt frå ein klatrevegg til ein alpinbakke.
 
Borettslag og samskipnader kan òg søkje om tilskott til å utvikle eit nærmiljøanlegg, som er eit utendørsområde for egenorganisert fysisk aktivitet. Til dømes ein trimpark eller ein ballbinge.
 
Reine reiskapsleikeplassar (sandkasser, hugsar, sklier, vippar, klatrehus osb.) fell utanfor ordninga. Personleg utstyr og forbruksmateriell (ballar, racketar osb.) er heller ikkje tilskuddsberettiget.
 


Målgruppe

Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av blant anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål. 
 
Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeninger og borettslag.


Kriterium

Anlegget må vere ope for publikumet.
 
Eigarskapet skal ikkje vere basert på forteneste.
 
Kulturdepartementet har utforma retningslinjene for kven som kan søkje og korleis å søkje.

Les meir på giske.kommune.no.


Handsaming


Kommunen mottek den elektroniske søknaden, gjennomgår han og gjer ein intern prioritering av søknader. Dette skjer normalt i form av eit politisk vedtak. Søknadene vert vidare sendt til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Fylkeskommunen skal innhenta dei opplysningane som er naudsynte for å avgjera saka. Deretter fattast det eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkjast at du vert misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få han ved å henvenda deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.


Klage

Viss du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Kulturdepartementet innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgt med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du henvende deg til kommunen eller til fylkeskommunen.


Rettleiing

- Kontakt oss for å registrere anlegget i anleggsregisteret
- Vi gjer ei vurdering og fører det eventuelt opp i kommuneplanen
- No kan du sende inn søknaden (www.anleggsregisteret.no)
- Vi gjennomgår og kontrollerer søknaden, og oversender til fylkeskommunen, innan 15. januar
- Fylkeskommunane gjennomgår og handsamar søknadene, innan 15. mars
- Kulturdepartementet fordeler spelemidlar til fylkeskommunane, innan 15. mai
- Fylket løyver eller avslår søknader, og sendar svar til søkaren, som regel innan 1. juli.
- Søkarar som får tilskott, ferdigstiller anlegget og reviderer sluttrekneskapen før det vert tilsendt inn utbetaling av tilskott.

Les meir på giske.kommune.no.

logo
Tilskot til inkludering av barn og unge

Tilskot kan tildelast offentlege instansar, frivillege organisasjonar og private aktørar. Søknadsfrist er 17. desember. Giske kommune er påmeldt ordninga. 

 

Målet med tilskotssordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha mulegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplasser, deltakeing på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Enkelte aktivitetstypar kan ha ein meir begrensa målgruppe, dette kjem fram i forskriften.

Meir informasjon og lenke til søknadsportal finn du på giske.kommune.no.

logo
Tilskot til vedlikehald av kulturminne

Midlane er øyremerka verneverdige fiskevær.


Alnes er eitt av dei utvalde kulturmiljøa. Søknadsfristen er den 13. juni. Det kan innvilgast tilskot frå 25.000 til 200.000 kr per kulturminne.

Sjå meir om ordninga på giske.kommune.no

Aktuelle utlysinger hos Giske kommunes støtteordninger

G
Mer informasjon om Giske kommunes kulturstipend vil snart publiseres her. Du vil da få informasjon om hvem som kan søke og hvordan man sender søknad på Giske kommunes kulturstipend.
Ikke spesifisert Giske

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post