Bømlo kommunes stipend og støtteordninger

Bømlo kommune tilbyr sine innbyggere ulike stipender og støtteordinger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du som student, bedrift eller organisasjon kan søke på.

Les mer om Bømlo kommunes stipend og støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (5)
logo
Bømlo kommune sitt kulturstipend

Bømlo kommune deler annakvart år (partalsår) ut kulturstipend til personar heimehøyrande i Bømlo kommune.
Kulturstipendet blir gitt til den eller dei som viser særlege evner innanfor musikk, idrett eller kunst, eller som legg ned eit stort arbeid innanfor kulturlivet elles.

Stipendet er meint som ei spore til vidare innsats for å kunne halda fram med å utvikla seg innanfor sitt område.

Søknadsfristen er 01. november.

Les retningslinjer og søk elektronisk på bomlo.kommune.no

Private / enkeltpersoner
logo
Kenneth Sivertsen-prisen

Bømlo kommune heidrar musikaren og komponisten Kenneth Sivertsen ved å dela ut ein pris som ber hans namn til unge musikalske talent. Sjølve prisen er ein statuett laga i bronse, på eikefot, av Mike McGurk. I tillegg ein gåvesjekk på 30.000 kroner.

Slik sender du forslag til kandidatar
Namn og kort grunngjeving på aktuelle kandidatar meldast til formann i juryen, kulturskulerektor Stein Høyland på e-post: stein.hoyland@bomlo.kommune.no 

Kriterium for prisen
Kenneth Sivertsen prisen skal motivera og utvikla unge talent innanfor musikk, heimehøyrande på Bømlo.
Prisen blir delt ut til utøvarar under 30 år, som gjennom produksjon og/eller utøving har vist eit stort talent, med kvalitet og originalitet innanfor sitt felt. I særskilde høve kan det vera aktuelt å dela prisen mellom fleire utøvarar.
Kandidatar til prisen blir nominert av ein breitt samansett jury.
Som vinnar av prisen får utøvaren ein statuett. I tillegg får utøvaren ein gåvesjekk på 30 000 kroner.
Prisen blir i utgangspunktet delt ut annakvart år dersom juryen finn verdige kandidatar. Ordførar, representant for juryen, samt representant for familien til Kenneth Sivertsen skal stå for utdelinga.

Private / enkeltpersoner
logo
Aktivitetsmidlar

Støtte til arrangement/aktivitet for lag og organisasjonar i Bømlo kommune


Ein kan søkje om aktivitetsmidlar to gonger i året. Søknadsfristane er:

01.04
01.10


Søknaden må innehalda informasjon om aktiviteten/arrangementet, tid for gjennomføring, målgruppe samt budsjett med forventa inntekter og utgifter. Søknadane blir handsama politisk.

Les mer og søk på bomlo.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Eldsjelprisen

Bømlo kommune deler annakvart år (oddetalsår) ut Eldsjelpris
Eldsjelprisen blir delt ut til ein eller ei som i sitt nærmiljø har utmerka seg ved å gjera ein innsats til gode for eit lag, ein organisasjon eller for andre menneske rundt seg.

Eldsjelprisen kan bli gitt etter søknad frå andre

Alle kan sende inn forslag til kandidatar. Frist for å sende inn forslag er 01. november. 

Prisen blir delt ut på nyttårskonserten til Bømlo janitsjar, som blir arrangert i januar.

Les meir og send inn nominasjon på bomlo.kommune.no

Private / enkeltpersoner
logo
Midlar til aktivitetar og arrangement for 65+

Bømlo kommune har fått midlar frå Statsforvaltaren øyremerka aktivitetstiltak retta mot aldersgruppa 65+. Midlane skal brukast for å leggja til rette for auka aktivitet og auka sosial deltaking i perioden med koronapandemi. Eldrerådet og Bømlo pensjonistforeining har, saman med frivilligsentralen og fleire andre, gitt innspel til korleis midlane bør nyttast.

Les retninglinjer på bomlo.kommune.no

Private / enkeltpersoner

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post

Fakta om Bømlo kommunes stipend og støtteordninger