Omsorgs- og inkluderingspris

Offentlig støtteordning
Om prisen

Vindafjord kommune ved utval for oppvekst og omsorg (OPOM) kan kvart år dela ut ein pris til einskildpersonar, lag eller organisasjonar og i særlege høve bedrifter, som på ein postiv måte har bidratt gjennom frivillig arbeid til å gje menneske respekt, eit meiningsfullt og verdig liv.

Dette kan vera gjennom arbeid og aktivitet for einskildmenneske eller grupper. Arbeid og aktivitet med tanke på å inkludera utsette grupper og einskildpersonar vil også bli vektlagt.                 

Alle kan foreslå kandidatar som bur i Vindafjord. Forslaga må vere grunngjevne. Frist for å fremma forslag er 1. juni, og prisen vert tildelt innafor det aktuelle året. Omsorgsprisen kan delast på fleire.

Retningslinjer

• OPOM offentleggjer kvart år, i god tid før utdeling, opplysningar om omsorgsprisen. I tillegg vil Grendeutvala bli skrivne til med invitasjon til å koma med framlegg til kandidatar.

• Alle kan koma med framlegg på kandidatar som bur i Vindafjord kommune. Framlegga må vere grunngjevne.

• Endeleg avgjersle om tildeling av prisen blir teken av OPOM. Dei avgjer og i kva høve prisutdelinga skal gjerast.

• Prisen vert tildelt innafor det aktuelle året med frist for å fremma forslag innan 1. juni.

• Omsorgsprisen kan delast på fleire.

• Prisen skal bestå av kunstverk av verdi inntil kr. 10.000.- og diplom som erramma inn. Det vert oppmoda å bruka kunstverk frå regionale kunstnarar.

• Berre prisvinnaren/vinnarane får namnet sitt/namna sine offentleggjort.

Les meir og nominer kandidat på vindafjord.kommune.no

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Vindafjord kommunes støtteordninger
logo
Ole Olsen Hauge og hustrus legat

Legatsmidlar kan søkjast av personar og huslydar med vanskeleg økonomi, og ungdom under utdanning (etter vidaregåande skule). Søkjar må vera busett i bygda Haugsgjerdet eller Ølen sokn. Søknadsfrist er 27. november.

Følg med på kommunens nettsider for neste års frist.

Du finn søknadsskjema på vindafjord.kommune.no, eller hos Servicetorget på Rådhuset i Ølen.

Berre søknadar på dette søknadsskjema og med kopi av SKATTEOPPGJER 2021 vil bli handsama. Det er ikkje tilstrekkeleg med utkast til skattemelding.

Søknaden skal sendast til Soknepresten i Ølen, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, innan 27. nov. 2022.

Les meir på vindafjord.kommune.no

Privatpersoner
logo
Kulturstipend

Utval for oppvekst og omsorg (OPOM) kan kvart år dela ut kulturstipend etter søknad frå ungdom. Søkarane skal fortrinnsvis vera mellom 13-25 år og innan det utvida kulturomgrepet. I særskilte tilfelle kan stipend delast ut til lag og foreiningar.

• Stipendet kan søkast av ungdom som bur i eller som på anna vis er knytt til Vindafjord. Stipendmidlane skal nyttast til å gjennomføra særskilde kulturarbeidsoppgåver, utdanning, trening eller perfeksjonering for aktiv kulturinnsats.

• Søknaden skal innehalda opplysningar om vanlege personalia, gje eit oversyn over målet med stipendet og korleis det er tenkt nytta.

• I særskilde tilfelle kan stipend delast ut til lag og foreiningar.

• Søknadsfrist er 1. juni, og kulturstipendet vert tildelt innafor det aktuelle året.

• Endeleg avgjerd om tildeling av stipendet blir teken av OPOM. Utdelinga skal
til vanleg vera på ordføraren si nyttårsmottaking.

• Ramma for stipendordninga er kr. 30.000.-. Stipendmidlar kan overførast til seinare år dersom det ikkje er søkarar til stipendordninga, eller om utval for oppvekst og omsorg meiner ingen av søkjarane fyller dei krava som er sett for utdelinga av stipendet.

• Stipendiaten skal innan fire veker etter at stipendet er brukt, senda ein skriftleg rapport til utval for omsorg og oppvekst om korleis stipendet er nytta. Stipendet må takast i bruk innan 12 månadar etter tildelinga.

• Dersom stipendet ikkje blir nytta eller grunnlaget for tildelinga fell bort, kan utvalet dra stipendet tilbake til kommunen straks.

Les meir og søk elektronisk på vindafjord.kommune.no

Privatpersoner
logo
Byggeskikkpris

Retningslinjer

• Formålet til byggeskikkprisen er å løfta fram forbildebygg som bidreg til å heva, fornya og utvikla byggkvalitet lokalt. Kvalitetane er knytt til miljø, klima, tilgjenge og byggeskikk. Samla skal kvalitetane bidra til gode og bærekraftige bygg for brukarane og samfunnet.

• Byggeskikkprisen kan delast ut til den som på ein god måte tek vare på eldre bygningar og heilskapelege bygningsmiljø, eller har sett opp nybygg, tilbygg eller påbygg. Det skal vektleggjast korleis bygningsmiljøet er teke i vare, saman med tilhøyrande anlegg som parkar, hageanlegg, skulpturar, bruer og uterom.

• Ved vurdering av nybygg bør det takast særskilt omsyn til byggtekniske løysingar som er positive med tanke på miljøvern og miljøvenlege løysingar, som blant anna val av materiell og energiøkonomi.

• Byggeskikkprisen skal annonserast på kommunen si heimeside og i media innan 1. mars. Grendeutvala vil og bli invitert til å koma med framlegg til kandidatar. Innsending og val av kandidatar skal skje i perioden 1. mars – 1. juni anna kvart år. Fagjuryen gjer sitt val innan 1. oktober. Endeleg avgjerd om tildeling av prisen vert teken av DUK (utval for drift, utvikling og kultur), etter innstilling frå fagjuryen, i sitt møte i november.

• Forslaga skal sendast skriftleg til Vindafjord kommune med ei kort beskriving av prosjektet og grunngjeving for kvifor prisen skal tildelast. DUK kan og koma med framlegg på kandidatar, men forslaga må leverast fagkomiteen innan dei startar arbeidet sitt.

• DUK står fritt til å vurdera om prisen skal delast ut anna kvart år.

• Vindafjord kommune nemner opp ein fagjury på fem personar for den kommunale valperioden. Fagjuryen vert sett saman av to medlemmer frå DUK, ein konservator, ein arkitekt og eit medlem frå eining areal og forvaltning. Kulturavdelinga i kommunen stiller med ein koordinator og sekretær for juryen. Kandidatane til prisen vert vurdert av juryen, som gir ei skriftleg utgreiing for valet av vinnar.

• Fagjuryen står fritt til å vurdera i sitt arbeid, korleis den vil bruke media, eller på annan måte skapa engasjement utifrå dei forslaga som er komne inn.

• Prisen skal vera ein plakett og eit kunstverk av verdi inntil kr 10 000.- og eit diplom som er rama inn til eigaren av prosjektet. Det vert oppmoda om å bruke kunstverk frå regionale kunstnarar. I tillegg til byggeskikkprisen kan det bli tildelt diplom til andre involverte partar som arkitekt, handverkar, kunstnar.

Les meir og nominer kandidat på vindafjord.kommune.no

Privatpersoner
logo
Kulturpris

Vindafjord kommune ved DUK (utval for drift, utvikling og kultur) kan anna kvart år dele ut ein kulturpris. Prisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper eller lag som har gjort ein særleg fortenestefull innsats i kommunen innan det utvida kulturomgrepet.

Retningslinjer

• DUK offentleggjer anna kvart år, i god tid før utdeling, opplysningar om kulturprisen. I tillegg vil Grendeutvala bli skrivne til med invitasjon til å koma med framlegg til kandidatar.

• Alle kan kome med framlegg på kandidatar som bur i Vindafjord. Framlegga må vere grunngjevne.

• Endeleg avgjerd om tildeling av prisen blir teken av DUK. Dei avgjer og i kva høve prisutdelinga skal gjerast.

• Prisen vert tildelt innafor det aktuelle året med frist for å fremma forslag innan 1. juni.

• Kulturprisen kan delast på fleire.

• Prisen skal bestå av kunstverk av verdi inntil kr. 10.000.- og diplom som er ramma inn. Det vert oppmoda å bruka kunstverk frå regionale kunstnarar.

• Berre prisvinnaren/vinnarane får namnet sitt/namna sine offentleggjort.

Les meir og nominer kandidat på vindafjord.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Næringspris

Vindafjord kommune ved DUK (utval for drift, utvikling og kultur) kan anna kvart år dele ut ein næringspris. Prisen kan gjevast til einskildpersonar eller firma som har gjort ein innsats for næringsarbeidet i kommunen.

Retningslinjer

• DUK offentleggjer anna kvart år, i god tid før utdeling, opplysningar om næringsprisen. I tillegg vil Grendeutvala bli skrivne til med invitasjon om å koma med framlegg på kandidatar.

• Alle kan kome med framlegg på kandidatar som bur i Vindafjord. Framlegga må vere grunngjevne.

• Prisen vert tildelt innafor det aktuelle året med frist for å fremma forslag innan 1. juni.

• Endeleg avgjerd om tildeling av prisen blir teken av utval for drift, utvikling og kultur. Dei avgjer og i kva høve prisutdelinga skal gjerast.

• Næringsprisen kan delast på fleire.

• Prisen skal bestå av kunstverk av verdi inntil kr. 10.000.- og innramma diplom. Det vert oppmoda å bruka kunstverk frå regionale kunstnarar.

• Berre prisvinnaren/vinnarane får namnet sitt/namna sine offentleggjort.

Les meir og nominer kandidat på vindafjord.kommune.no

Bedrifter og næringsliv
Privatpersoner
logo
Spelemidlar

Generell orientering om ordninga

Spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg skal bidra til infrastruktur som gir befolkninga mogelegheit til å driva aktivitet.

Det gjeld både i regi av den frivillige, den medlemsbaserte idretten og gjennom mogelegheitene for eigenorganisert aktivitet.

Ordinære anlegg

Med ordinære anlegg meinast anlegg for organisert og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet.

Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet finn du denne lenke til på vindafjord.kommune.no.

Det kan søkast om tilskot til bygging av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd, og som ikkje er underlagt fortenestebaserte eigarformer.

Det kan søkast om tilskot til rehabilitering av anlegg etter nærare reglar i punkt 2.4.8 i bestemmelsene.

Det kan søkast om tilskot til kjøp og nødvendig innredning/ombygging av eksisterande anlegg etter nærare reglar i punkt 2.4.9. i bestemmelsene.

Nærmiljøanlegg

Nærmiljøanlegg er eit anlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet som ligg i tilknyting til bu- og/eller opphaldsområde. Med nærmiljøanlegg meinast berre utandørsanlegg.

Det kan søkas om tilskot til nærmiljøanlegg som er fritt, allment tilgjengeleg for eigenorganisert, fysisk aktivitet, først og fremst for barn og ungdom (6-19 år), men også for lokalbefolkninga elles. Nærmiljøanlegg kan berre unntaksvis brukas til organisert fysisk aktivitet, og skal ikkje ivareta den organiserte aktiviteten sitt behov på fast basis.

Godkjente anleggstypar følger av punkt 3.6. i bestemmelsene.

Det kan søkast om tilskot til rehabilitering av nærmiljøanlegg etter nærare reglar i punkt 3.4 bokstav c. i bestemmelsene.

Søknad

For å kunna senda spelemiddelsøknad må anlegget vera ein del av vedtatt kommunal plan som omfattar idrett og fysisk aktivitet. Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet vert rullert kvart 4. år.  Den omfattar temadel og handlingsdel. Handlingsdel – «Prioritert handlingsprogram» – blir rullert kvart år.

I høve planen og planarbeid blir det lagt vekt på Vindafjord idrettsråd sine forslag til innstilling og prioriteringar.

Idretts- og skyttarlag, skular og andre som har innspel til handlingsdelen i planen, om nye anlegg, rehabilitering av gamle og liknande, må melda dette inn til Eining kultur og læring.

Alle søknadar skal sendast elektronisk på anleggsregisteret.no. Der finn du også meir informasjon om ordninga.

Forskotering av spelemidlar

Vindafjord kommune oppretta i 2016 eit bunde driftsfond som har som mål å forskotera spelemidlar til anlegg i kommunen i påvente av at anlegget får tildelt spelemidlar. Kommunen og private bedrifter har bidratt med midlar til fondet «Forskotering spelemidlar»

Det kan søkast til fondet og be om utbetaling når spelemidelsøknaden er godkjent av Rogaland fylkeskommune, anlegget er ferdigstilt og rekneskapet er revisorgodkjent.

Ved utbetaling av forskoterte spelemidlar vil det bli utstedt eit gjeldsdokument som sikkerheit for forskoteringa. Når anlegget får tildelt spelemidlar, blir dei tilbakeførte fondet.

Les meir på vindafjord.kommune.no og på anleggsregisteret.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Kulturtilskot

Kven kan søkje?

Etter søknad kan Vindafjord kommune yte stønad til lag og organisasjonar, einskild personar og institusjonar som driv eller vil starte kulturverksemd i Vindafjord kommune. Med kulturverksemd forstår ein dei aktivitetar som ”det utvida kulturomgrepet” inneheld og som kjem innunder følgjande:

• Tradisjonelt kulturarbeid

• Barne- og ungdomsarbeid

• Idrett- og friluftsaktivitetar

Lag og organisasjonar som i tråd med retningslinjene driv førebyggjande og aktiviserande arbeid for barn og unge til og med 20 år i Vindafjord kommune, er særleg kvalifisert til tilskot. Tilskota har som formål å stimulera aktiviteten i laga.

Generelle reglar
• Alle underavdelingar i lag/organisasjonar skal fremje sine søknader gjennom hovudstyret.

• Kommunen har rett til å undersøkje om grunnlag for tilskot er til stades, og korleis løyvde midlar vert nytta.

• Interkommunale lag/organisasjonar får tilskot redusert ved delingsbrøk etter tal kommunar dei er organisert i.

Kva kan ein søkje tilskot til?

• Driftstilskot

• Leiartrening

• Investering

• Oppstartingstilskot

• Underskotsgaranti

• Nyskaping, særskilte kulturtiltak og prosjekt

• Festivalar

• Rusførebyggande enkelttiltak

Korleis skal ein søkje?

Søknader skal fremjast på elektronisk skjema som ein finn på heimesida www.vindafjord.kommune.no, søknadssenter.

Handsaming av søknader

Søknadene blir handsama administrativt av den rådmannen har delegert mynde. Dersom administrasjonen er i tvil om søknaden fyller krava for tilskot, blir søknaden lagt fram for formannskap for endeleg avgjerd. Avslag på søknader eller klager ved tildeling av tilskot kan ankast til utval Drift, utvikling og kultur (DUK).

Les meir og søk elektronisk på vindafjord.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
Om Vindafjord kommunes støtteordninger

Vindafjord kommune tilbyr sine innbyggere flere stipend, priser og offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Vindafjord kommune.