Generell orientering om ordninga
Spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg skal bidra til infrastruktur som gir befolkninga mogelegheit til å driva aktivitet.
Det gjeld både i regi av den frivillige, den medlemsbaserte idretten og gjennom mogelegheitene for eigenorganisert aktivitet.
Ordinære anlegg
Med ordinære anlegg meinast anlegg for organisert og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet.
Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet finn du denne lenke til på vindafjord.kommune.no.
Det kan søkast om tilskot til bygging av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd, og som ikkje er underlagt fortenestebaserte eigarformer.
Det kan søkast om tilskot til rehabilitering av anlegg etter nærare reglar i punkt 2.4.8 i bestemmelsene.
Det kan søkast om tilskot til kjøp og nødvendig innredning/ombygging av eksisterande anlegg etter nærare reglar i punkt 2.4.9. i bestemmelsene.
Nærmiljøanlegg
Nærmiljøanlegg er eit anlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet som ligg i tilknyting til bu- og/eller opphaldsområde. Med nærmiljøanlegg meinast berre utandørsanlegg.
Det kan søkas om tilskot til nærmiljøanlegg som er fritt, allment tilgjengeleg for eigenorganisert, fysisk aktivitet, først og fremst for barn og ungdom (6-19 år), men også for lokalbefolkninga elles. Nærmiljøanlegg kan berre unntaksvis brukas til organisert fysisk aktivitet, og skal ikkje ivareta den organiserte aktiviteten sitt behov på fast basis.
Godkjente anleggstypar følger av punkt 3.6. i bestemmelsene.
Det kan søkast om tilskot til rehabilitering av nærmiljøanlegg etter nærare reglar i punkt 3.4 bokstav c. i bestemmelsene.
Søknad
For å kunna senda spelemiddelsøknad må anlegget vera ein del av vedtatt kommunal plan som omfattar idrett og fysisk aktivitet. Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet vert rullert kvart 4. år. Den omfattar temadel og handlingsdel. Handlingsdel – «Prioritert handlingsprogram» – blir rullert kvart år.
I høve planen og planarbeid blir det lagt vekt på Vindafjord idrettsråd sine forslag til innstilling og prioriteringar.
Idretts- og skyttarlag, skular og andre som har innspel til handlingsdelen i planen, om nye anlegg, rehabilitering av gamle og liknande, må melda dette inn til Eining kultur og læring.
Alle søknadar skal sendast elektronisk på anleggsregisteret.no. Der finn du også meir informasjon om ordninga.
Forskotering av spelemidlar
Vindafjord kommune oppretta i 2016 eit bunde driftsfond som har som mål å forskotera spelemidlar til anlegg i kommunen i påvente av at anlegget får tildelt spelemidlar. Kommunen og private bedrifter har bidratt med midlar til fondet «Forskotering spelemidlar»
Det kan søkast til fondet og be om utbetaling når spelemidelsøknaden er godkjent av Rogaland fylkeskommune, anlegget er ferdigstilt og rekneskapet er revisorgodkjent.
Ved utbetaling av forskoterte spelemidlar vil det bli utstedt eit gjeldsdokument som sikkerheit for forskoteringa. Når anlegget får tildelt spelemidlar, blir dei tilbakeførte fondet.
Les meir på vindafjord.kommune.no og på anleggsregisteret.no