Beskrivelse
Lag/foreiningar som aktiviserer barn/ungdom, blir prioriterte. Laga bør ha som mål å gi tilbod til personar med behov for hjelp. Kulturaktivitetar i nærmiljøa blir prioriterte. Kulturmidlane skal stimulere til eit mangesidig kulturliv av høg kvalitet.
Målgruppe
Alle lag/foreiningar som er aktive, har eit ideelt formål og ordna reknskapsforhold
Vilkår
A) Ca. 50 % blir delt ut til organisasjonar som aktiviserer barn/ungdom innanfor ein eller fleire kulturaktivitetar. I fordelinga mellom desse blir det lagt vekt på talet på barn som er aktiviserte, mengda av aktivisering og kostnadene tilknyttet dette.
B) Ca. 10 % blir utdelt i grunnstønad til organisasjonar med eit minimum av aktivitet, som har eit ideelt formål, og som ved søknaden dokumenterer å ha ordna reknskap m.v.
C) Ca. 10 % blir utdelt til organisasjonar som ikkje fell inn under pkt. A, eller som ut frå ei samla vurdering kjem ugunstig ut ved fordelinga.
Veiledning
Søknaden må innehalde: reknskap med revisjonsrapport for siste år, årsrapport for siste år, og budsjett for inneverande år.
Oversikt over vedlegg som skal sendast inn saman med søknaden, får ein ved å kontakte kommunen.
SaksbehandlingSaka blir behandla i hovudutvalet for oppvekst, utdanning og kultur.