Nissedal kommunes støtteordninger

Nissedal kommune tilbyr sine innbyggere flere offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Nissedal kommune.

Les mer om Nissedal kommunes støtteordninger
Presentasjon
Her kan du bli kjent med organisasjonen, samt lese om om tilskudd og støtteordninger
,,
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst
Støtteordninger (6)
logo
Bygdeutviklingsmidlar

Tenesteomtale

Du kan søkje om investerings- og bedriftsutviklingsmidlar til

• Etablering av ny verksemd
• Bedriftsutvikling
• Investeringar i produksjonsanlegg
• Investeringar i frukt- og bærdyrking
• Investeringar i samband med generasjonsskifte
• Investeringar i gjødsellager.

Midlane blir sette av i jordbruksavtalen. Dei skal leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, bidra til sysselsetting, busetting og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i ressursane i landbruket generelt og landbrukseigedomen spesielt.

Målgruppe

Eigar av landbrukseigedom eller registrert føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket.

Søknad

Det er berre mogleg å søke elektronisk. Du finn skjema her: https://www.innovasjonnorge.no/no/landbruk/

Kommunen kan gi rettleiing til korleis å fylle ut søknaden. Det er også kommunen som vurderer prosjektrapporten og ferdigstilling av prosjektet.

Når du søkjer er du pliktig til å gi all informasjon som kommunen eller Innovasjon Noreg treng, samt bokføring, korrespondanse og referat som gjeld tilskotet.

Søknaden sendes til Landbrukskontoret for Kviteseid og Nissedal.

Les meir og søk elektronisk på nissedal.kommune.no og på innovasjonnorge.no

Bedrifter og næringsliv
Privatpersoner
logo
Støtte til bedrifter

Tenesteomtale

Kommunen kan hjelpe lokalt næringsliv på fleire måtar:

• Næringsnettverk
• Næringsklyngje
• Råd og rettleiing for etablerere
• Kommunalt/regionalt næringsfond.

Næringsfonda gir stønad til næringar i eit lokalsamfunn. Stønaden kan gis til:

• utvikling og investeringar i noverande bedrifter
• etablering av bedrifter
• kompetanseheving og miljø for relevant arbeidskraft
• visse typar næringar
• stønad til transport i distrikta
• stønad til daglegvarebutikkar i distrikta

Det er ikkje alle kommunar som har kommunale/regionale næringsfond. Og det vil variere hos dei einskilde næringsfonda kva stønaden går til.

Ta kontakt med din kommune for å høyre meir om kva slags ordningar den kan hjelpe deg med. Les meir på nissedal.kommune.no

Bedrifter og næringsliv
logo
Kulturpris

Nissedal kommune har kulturpris som kan delast ut annankvart år. Kulturprisen er på kr 10.000,- og kan delast ut til enkeltpersonar, grupper eller lag i Nissedal.

Retningsliner

Dersom prisen ikkje blir delt ut, kan formannskapet nytte løyvinga til andre kulturelle formål.

Kulturprisen kan bli delt ut til ein eller to: 

• Personar
• Lag/organisasjonar/foreiningar
• Institusjonar

som er frå, eller bur i Nissedal kommune, og som har gjort eller gjer ein kulturell innsats utover det vanlege innanfor det utvida kulturområdet.

Kvart andre år skal det bli kunngjort i distriktets aviser at framlegg til kulturpriskandidat/-ar må bli sendt til eining for kultur innan 01.09. Formannskapet er ikkje bunde av innkomne framlegg, og kan på eige initiativ take opp framlegg til kandidat/-ar til kulturprisen. Formannskapet avgjer utdeling av kulturprisen og leiaren av formannskapet overrekker prisen.

Saman med kulturprisen blir det delt ut eit diplom det det stend fylgjande: Nissedal kommune sin kulturpris, samt årstal og prisvinnaren/-ane sitt namn. Diplomet blir underteikna av ordførar og leiar av formannskapet.

Les meir på nissedal.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Kultur- og prosjektmidlar

Kommunen har ein pott på kr 120.000 i kulturmidlar/prosjektmidlar i støtte til drift av lag og organisasjonar i kommunen. Midlane ligg på budsjettet til eining for oppvekst- og kultur. Det må søkjast på eige skjema (eller på e-post til postmottak@nissedal.kommune.no).

Det er eit vilkår at utdrag av rekneskap og årsmelding fylgjer med søknaden, ellers blir den ikkje behandla.

Retningsliner for tildeling av prosjekt- og kulturmidlar

1. Lag og organisasjonar må vere opne for ålmenta for å kunne få tilskot.
2. Arbeid med tiltak for barn og ungdom blir prioritert.
3. Kring 1/4 av midlane blir sett av til prosjektmidlar som lag og organisasjonar kan søkje på. Ein ev. rest av prosjektmidlane blir fordelt som drift/oppstartstilskot.
4. Det kan søkjast på driftstilskot og prosjektmidlar.
5. Søknadsfrist er 15. mai.
6. Formannskapet deler ut midlane.

Les meir og søk elektronisk på nissedal.kommune.no

Organisasjoner og foreninger
logo
Spelemidlar

Handlingsdelen av kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet skal rullerast kvart år.

Stadfesting av noverande tiltak, og planar for nye tiltak, samt søknad om spelemidlar må vere sendt eining for oppvekst- og kultur innan 1. oktober.

Informasjon fra Anleggsregisteret:

Hvem som kan søke

Lag, organisasjonsledd og sammenslutninger tilknyttet følgende organisasjoner kan søke om tilskudd til alle anleggstyper:

• Kommuner og fylkeskommuner
• Norges idrettsforbund
• Samenes Idrettsforbund-Norge
• Studentsamskipnader
• Norges Jeger- og Fiskerforbund
• Norges Bilsportforbund
• Det Frivillige Skyttervesen

Følgende organisasjoner og tilknyttede sammenslutninger kan søke tilskudd til friluftslivsanlegg:

• Den Norske Turistforening og sammenslutninger organisert under foreningen (56 medlemsforeninger)
• Friluftsrådenes Landsforbund, Norsk Friluftsliv og Oslofjordens Friluftsråd

Følgende organisasjoner og tilknyttede sammenslutninger kan søke tilskudd til hundesportanlegg:

• Norsk Kennel Klub

Følgende organisasjoner og tilknyttede sammenslutninger kan søke tilskudd til samiske anlegg:

• Samisk Reinkappkjørerforbund / Sami Heargevuodjin-lihttu

Følgende organisasjoner og tilknyttede sammenslutninger kan søke tilskudd til sykkelanlegg:

• Norsk Organisasjon for Terrengsykling

Følgende sammenslutninger kan søke tilskudd til nærmiljøanlegg:

• Borettslag
• Velforeninger

Les meir på nissedal.kommune.no og søk elektronisk på anleggsregisteret.no.

Organisasjoner og foreninger
logo
Kontingentkassa

Ordninga er eit tiltak mot barnefattigdom.

Søknadar handsamast etter kvart som dei kjem inn (ingen søknadsfrist) og midlane delast ut til kassa er tom.

For kven:

Barn og unge i alderen 6 år til dei er ferdige med vidaregåande skule, som kjem frå familiar med låg inntekt.

Kva gjevast det stønad til:

Kontingentar, aktiviteter og utstyr til enkeltpersonar slik at barn og unge i familiar med låg inntekt kan delta på organiserte fritidsaktivitetar.

Kor mykje:

Inntil kroner 3.000,- i tilskot per person per år som ein eingongsstønad. I særskilte tilfelle kan det gjevast ytterlegare stønad til t.d. deltaking i lag, turneringar, cupar og leirar.

Kven kan søkje (på vegne av barnet):

Det er bare laget/organisasjonen (idrettslaget, korpset, koret, lokallaget etc.) som kan sende søknaden til kommunen etter vurdering av behov for søknad. Ressurspersonar som arbeider i kommunen, til dømes helsesjukepleiar, miljøterapeut, barnevernstenesta m.m. kan også søkje. Barnet eller familien kan ikkje sjølv søkje.

Krav til søkjar:

Den som søkjer har ansvar for å fylgje opp at barnet/ungdomen deltar i aktiviteten det er søkt stønad til. Det betyr at den som søkjer skal hjelpe barnet til å hugse på/kome seg til aktiviteten i starten, ikkje at den vaksne må fylgje barnet på alle aktivitetane. Oppfylginga kan og vere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande. 

Det er den som søkjer som må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå kontingentkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. (Kontingentkassa er ikkje meint å vere eit handslag til lag og organisasjonar som har trøbbel med å inndrive kontingent). Det er barnet sitt eller familien sin situasjon som er avgjerande.

Krav til søknaden:

Ver nøye med å fylle ut heile søknadsskjemaet, og hugs å leggje ved eventuelle fakturaer, kvitteringer eller liknande, dersom det er mogleg. Søknadsskjema finn du på nissedal.kommune.no

Organisasjoner og foreninger

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post