Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord delar saman ut kulturpris for Seljord.
Om kulturprisen
Prisen er på kr. 20.000,- og ein bronseskulptur laga av Ellen Grøstad Barstad. Kulturprisen skal gå til ein person eller fleire personar, ein institusjon, eit lag eller ein organisasjon som har gjort ein innsats utover det vanlege for kulturlivet i Seljord kommune.
Kultursjefen er sekretær for kulturprisnemda. Send framlegg til kandidatar, gjerne på epost, til Seljord kommune, post@seljord.kommune.no.
Vedtekter
• Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord delar saman ut kulturpris for Seljord. Prisen består av ein sjekk på kr. 20.000,- og ein bronseskulptur laga av Ellen Grøstad Barstad.
• Kulturprisen skal gå til ein person eller fleire personar, ein institusjon, eit lag eller ein organisasjon som har gjort ein innsats utover det vanlege innan kultur/ idrett i Seljord. Prisen kan og gjevast til eldsjeler i det friviljuge arbeidet, personar som kanskje ikkje er den ein ser i fremste rekke.
• Kulturprisen skal lysast ut i februar kvart år med 1. april som frist for innsending av skriftlege framlegg til kandidatar.
• Ei kulturprisnemnd sett saman av tre personar oppnemnt av Formannskapet og tre personar oppnemnt av styret i Sparebankstiftinga skal avgjere kven som skal få kulturprisen. Det må vere minst 2/3 fleirtal i nemnda for at ein kandidat skal kunne bli tildelt kulturprisen. Dersom ingen kandidat får eit slikt fleirtal, skal prisen ikkje delast ut.
• Nemnda kan i møte vedta om kandidatar som er foreslått og som ikkje får prisen, bør vidareførast som kandidat til neste års pris.
• Kulturprisen skal delast ut i samband med 17. mai-arrangementet i den delen av kommunen der prismottakaren bur eller ved eit anna arrangement som kulturprisnemnda meiner høver betre.
• Formannskapet i Seljord og styret Sparebankstiftinga Seljord må godkjenne eventuelle endringar i vedtekter for kulturprisen.
• Seljord kommune held sekretariat for kulturprisnemnda.
Les mer på seljord.kommune.no