Kulturtilskot

Tilskudd
Om støtteordningen

Frivillig arbeid skapar engasjement og gjev gode fellesskapsopplevingar. Dugnad og anna frivillig arbeid blir høgt verdsett i Øystre Slidre og kommunen gjev økonomisk støtte til sine frivillige lag og organisasjonar som arbeider på eit ideelt grunnlag.

Kommunen lyser ut kulturmidlar ein gong per år, med søknadsfrist i april. I 2022 er søknadsfristen 20.april.

Kven kan søkje

Både einskildpersonar og organisasjonar i kommunen kan søkje kulturtilskot. Regionale lag kan søke, men lag i eigen kommune vert prioritert. Alle søkjarar må gjere greie for kor mange i vår kommune som nyt godt av tiltaket/aktiviteten.

Kva det kan søkast om

Det kan gjevast kulturtilskot til musikk, dans, teater, idrett, friluftsliv, historie, enkeltarrangement og organisasjonsverksemd for barn, unge og vaksne. Det kan òg gjevast støtte til vøling av eldre bygningar, kulturminne, kulturarbeid/tiltak og kulturarv i kommunen m.m.

Prioritering

• Tiltak for barn og unge, og barn som treng spesiell tilrettelegging
• Folkemusikk og tradisjonskultur
• Tiltak som er prioritert i kommunen sine planar
• Friluftsliv og utoverretta aktivitetar

Ved tildelinga skal det takast omsyn til økonomi, rekneskap og budsjett, medlemstal, kor mange som nyt godt av aktiviteten og aktivitetsnivå.

Kva skal søknaden innehalde

Søknaden skal sendast elektronisk gjennom heimesida til kommunen. Årsmelding, rekneskap og budsjett skal liggje ved for at søknaden skal bli vurdert.

Les mer og søk elektronisk på oystre-slidre.kommune.no

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Øystre Slidre kommunes støtteordninger
logo
Soknepresten i Øystre Slidres legater

* Alfstads legat. Til ungdom fra Øystre Slidre som tar videregående eller høyere utdanning og som bor borte fra hjemmet. Til fordeling ca kr 3–5000.

* Kristin Bugges Minde. Til personer fra Øystre Slidre som tar utdanning innenfor landbruk e.l. Til fordeling ca kr 3–5.000.

Privatpersoner
logo
Støtte til nye bedrifter

Øystre Slidre kommune tek mål av seg til å vera ei kommune som legg til rette for nyetablering.
Det kan vera utfordrande å starta eiga bedrift,  men det er og ein god premie for dei som lykkast. Kanskje ikkje berre av økonomisk art, men like mykje kjensla av å meistre og skapa noko...

Bedrifter og næringsliv
Privatpersoner
logo
Spelemidlar til idrettsanlegg

Beskriving

Kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søkje om spelemidlar til idrettsanlegg. Spelemidlar skal medverke til at ein større del av befolkninga...

Organisasjoner og foreninger
logo
Vaksenopplæring

Vaksenopplæring omfattar all undervisning for vaksne; psykisk utviklingshemma, innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar og vaksne med rettar. Det blir arrangert kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege vaksne.
Vaksenopplæring kan vere eksamensretta kurs i grunnskulefag eller opplæring til vaksne som etter sakkyndig vurdering fra PPT har særlege behov for...

Privatpersoner
logo
Utdanningsstipend for Ungdom Frå Øystre Slidre

Renteavkastinga kan styret kvart år nytta til utdanningsstipend for ungdom frå Øystre Slidre som tek utdanning ut over videregaande skule. Styret avgjer kor stor del som skal delast ut. Ungdom som tek utdanning innan landbruk på videregåande skule kan også søke. Minst en tredjedel av de utdelte midlane skal delast ut til dei som tek landbruksutdanning i dei åre de søker...

Privatpersoner
Om Øystre Slidre kommunes støtteordninger

Øystre Slidre kommune tilbyr sine innbyggere flere offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Øystre Slidre kommune.