Dei som tek imot tilskot må akseptera følgjekort for funksjonshemma som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson. Unntekne frå støtte er:
- Lag som primært tek i vare yrkes- og dei økonomiske interessene til medlemmane.
- Politiske parti og ungdomsorganisasjonar.
- Politiske aksjonar.
Etter at søknaden er behandla, vert det gitt skriftleg melding om vedtaket. For seint innkome søknader vert til vanleg ikkje behandla. Eit lag kan ikkje få tilskot til same aktivitet frå fleire etatar i kommunen.
Kven kan søka?
- Lag og organisasjonar i Hå kommune som driv kontinuerlege nærmiljøtiltak for eldre kan søkja tilskot til drift og til ein tur i året.
- Tiltaka skal vera opne for alle eldre, uavhengig av lagsmedlemskap, og gje høve til eit fritt og uforpliktande samvær.
- Lag og organisasjonar som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.
Les meir og søk elektronisk på ha.no