Tilskot frå Folkepulsen
Alle idrettslag som høyrer inn under Hå Idrettsråd kan søkja tilskot til aktivitetar som er særskild retta mot inaktive vaksne, innvandrarar og/eller menneske med nedsett funksjonsevne.
Kven kan søkje:
Alle idrettslag som høyrer inn under Hå Idrettsråd.
Kva kan ein søkja tilskot til:
Det kan søkjast tilskot til aktivitetar som er særskild retta mot inaktive,
innvandrarar og/eller menneske med nedsett funksjonsevne.
Tilskotsordninga omfattar:
- nye aktivitetar
- rekrutteringstiltak/tilrettelegging for dei aktuelle målgruppene til eksisterande aktivitetar
Saksbehandling:
Søknader skal sendast til Hå idrettsråd på eige elektronisk søknadsskjema.
Søknadsskjema kan finnast på www.ha.kommune.no
Styringsgruppa for Folkepulsen i Hå prioriterer og legg fram søknadane for idrettsrådet i Hå. Idrettsrådet vedtek fordeling av tilskotet. Etter at søknaden er behandla, vert det gitt skriftleg melding om vedtaket. For seint innkomne søknader vert til vanleg ikkje behandla.
Vilkår:
Søkjar må gjere greie for kva målgruppe(r) aktiviteten rettar seg mot. Det skal leggjast ved ein tiltak-/prosjektomtale for aktiviteten. Tiltak-/prosjektomtalen skal gje eit kort oversyn over innhaldet i aktiviteten, viser kvar og kor ofte aktiviteten skal vera, og gi oversyn over ansvarlege instruktørar/leiarar. Lag som søkjer tilskot pliktar å ha ein fast Folkepulskontakt.
Tilskot til:
- Administrasjon og oppfølging av aktivitet
- Instruktørar
- Kurs/opplæring av nye instruktørar
- Deltakaravgift, oppstartsperiode for nye deltakarar.
Fast starttilskot pr deltakar i opp til 6 + 6 månader, maks kr.1.000,- pr deltakar. Søkjar må leggja fram deltakarliste etter kvar periode på 6 mnd før utbetaling. Etter oppstartperioden må deltakaren sjølv dekka deltakaravgift/medlemspengar.
Les meir og søk elektronisk på ha.no
Organisasjoner og foreninger