
Stiftinga vart oppretta i desember 2017, og har som formål å forvalte ei gåve på 14,6 mill. kroner. Overskotet skal gå til gode formål i samfunnet slik det går fram av fondet sine vedtekter.
Fondet har eit styre på fire medlemmar. 3 medlemmar er oppnemnd av stiftaren, og 1 medlem er oppnemnd av Norddal sokneråd.
Stiftinga er registrert og godkjent i Stiftelsestilsynet, og registrert i Brønnøysundregistra med org.nr. 819 799 342.
Midlane skal gå til:
-Stipend til høgare utdanning for ungdom frå Norddal kommune
-Tilskot til lag og misjonsorganisasjonar og deira skular
-Tilskot til lokalt næringsliv og kulturliv.
Styret innvilgar tilskot etter søknader, bortsett frå tilskot under punkt 2.
Tilskot vert tildelt to gongar i året - mars og oktober - og vert kunngjort i lokalavisa.
Kontaktinformasjon
Ta nærare kontakt for orientering om kva søknaden skal innehalde m.v.
Stiftinga Nerhagen Minnefond
v/Kåre Nerhagen
Bygdavegen 33
6210 Valldal
Tlf. 70 25 75 32
Epost: nerhagen@mibox.no

Retningslinjer for tildeling av kulturpris
1. Føremål
Føremålet med kulturprisen er å stimulere lag, grupper eller personar i arbeidet for
utbreiing/utøving/organisering av ulike kulturaktivitetar i Fjord kommune over lang tid.
2. Kulturprisen kan gjevast til:
• Einskildpersonar eller grupper av personar
• Lag og organisasjonar som høyrer heime i Fjord kommune, og som har vist vedvarande evne og
vilje til å yte aktiv kulturinnsats.
• I tilfelle kulturarbeidet til vedkomande har kome eller kjem særleg denne kommunen til gode og
elles fell inn under føresetnadene som er nemnde ovanfor, kan prisen delast ut til kandidatar
som ikkje er busette i kommunen.
Kulturprisen kan ikkje gjevast til offentlege institusjonar eller landsomfattande organisasjonar som
hovudsakleg finansierer arbeidet sitt ved offentlege midlar, heller ikkje til personar som er tilsett av
det offentlege til å drive kulturarbeid eller kulturvern.
3. Kunngjering
Kulturprisen skal annonserast gjennom lokalavisa og på kommunen si heimeside og facebook-side.
Enkeltpersonar, organisasjonar og formannskapet kan kome med forslag på kandidatar. Kulturprisen
kan delast ut kvart år. Formannskapet avgjer om prisen skal delast ut, og kven som skal få.
4. Prisen
Kulturprisen skal vere ei pengegåve på kr 8.000 i tillegg til eit diplom. Formannskapet har ansvar for
utdelinga ved eit passande høve.

Retningslinjer for tildeling av kulturstipend
1. Føremål
Føremålet med kulturstipendet er å premiere oppnådde resultat og stimulerer kulturutøvarar til
vidare utvikling/utdanning/satsing.
2. Kulturstipendet kan gjevast til:
• Stipend kan gjevast til einskildpersonar eller gruppe av personar som har gjort seg bemerka
innanfor si kulturgrein.
• Stipendmottakar må vere busett i Fjord kommune.
• Kandidatar mellom 12 og 25 år vil bli prioritert.
3. Søknad
Søknaden skal innehalde informasjon om kulturell aktivitet og oppnådde resultat
4. Kunngjering
Kulturstipendet skal annonserast gjennom lokalavisa og på kommunen si heimeside og facebookside.
Enkeltpersonar, organisasjonar og formannskapet kan kome med forslag på kandidatar. Utøvarar kan
også søke sjølv. Kulturstipendet kan delast ut kvart år. Formannskapet avgjer om stipendet skal
delast ut, og kven som skal få.
5. Prisen
Kulturstipendet er på kr 5.000 i tillegg til diplom. Formannskapet har ansvar for utdelinga ved eit
passande høve.

Føremålet med ordninga er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, reduksjon av tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Tilskotet er primært retta mot lag eller organisert samarbeid som rettar seg inn mot næringsmessig beitedrift.
Døme på tiltak som kan få tilskot etter ordninga er:
Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt, dette kan vere ulike typar prosjekt som rettar seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk.
Investeringar til faste installasjonar , og anna utstyr knytt til beitebruk. Dette kan vere sperregjerder, ferister, bruer, gjetarhytte, sanke og skiljeanlegg, driftsvegar og elektronisk overvakingsutstyr.
Søknadsfrist er 1. mars.

Ordninga med tilskot til drenering av jordbruksjord skal bidra til å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksareal. Tilskotet er avgrensa til 2 000 kroner dekar, eventuelt 30 kroner per løpemeter grøft avgrensa til 2000 kroner per dekar.
Søknadsfrist er 1. mars
Vilkår for tilskot:
-Arealet må vere tidlegare grøfta og planert.
-Søknaden må være godkjend før grøftinga startar
-Det gjeld føretak som grøftar eiga eller leigd jord
-Arbeidsfristen er 3 år.
-Plan og gjennomføring av tiltak må dokumenterast.
Søknaden leverast inn på nett. Lenkje til søknadsskjema, i tillegg til meir informasjon om finn du på fjord.kommune.no
Bli varslet om nye utlysinger
Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.
- Ikke gå glipp av utlysinger
- Få varsling per e-post
Fakta om Fjord kommunes legater og støtteordninger
-
Relaterte bransjer
-
Geografisk tilknytning
-
Stipendkategorier
-
Hvem kan søke?