Tysnes kommunes støtteordninger

Beskrivelse kommer snart — dette er en redaksjonell oppføring av legat / stipend for stipendportalen.no.
Les mer om Tysnes kommunes støtteordninger
Fakta
Antall utdelinger
Ikke spesifisert
Årlig utdeling
Ikke spesifisert
Se alle fakta
Organisasjonsprofil
,,
Aktuelle utlysinger og muligheter
Støtteordninger (5)
logo
Anna og Sara Hæglands legat

Til velferdsarbeid for gamle i Tysnes kommune.


Tysnes kommune v/Helse- og sosialkontoret administerer legatet.

Organisasjoner og foreninger
Private / enkeltpersoner
logo
Tilskot til kunst- og kulturformidling

For å sikre større grad av likebehandling av søknader er det utarbeid enkle retningslinjer for kommunal støtte til kulturprosjekt som fall utanfor andre ordningar for kulturstøtte.


VEDTAK I FORMANNSKAPET 04.05.2021:
Tysnes kommune fastset følgjande mål og kriterier for vurderinga av opne søknader om støtte til kunst- og kulturuttrykk:
 
Mål:
midlane skal verka og inspirera til lokalt engasjement.
​midlane skal verka og inspirera lag/organisasjonar/einskildpersonar til å dra i gang nye og gode initiativ som vil gi effekt i lokalsamfunnet og ha varig verdi.
midlane skal verka til og inspirera til å fremja nyskaping, innovasjon og utvikling i Tysnes kommune.


Kriteria:
Alle som søkjer må ha organisasjonsnummer.
Søkjar eller prosjektet må ha forankring i Tysnes samfunnet.
Det kan i utgangspunktet ikkje gjevast støtte utover kr. 20.000, til eit einskilt prosjekt. Det kan gjerast unntak der prosjektet har vesentlege verknader for marknadsføring, identitet og utvikling av Tysnes samfunnet.
Det skal leggjast fram ein finansieringsplan for prosjektet, støtte frå andre aktørar kan tilleggjast vekt.
Støtte er ein eingongsstøtte, det vert ikkje gjeve støtte til driftskostnader.
Støtte vert gjeve til sluttføring av prosjekt, til dømes arrangement, utstilling, musikkinnspeling, bokutgjevingar m.m. Det vert ikkje gjeve støtte til forarbeid og konseptutvikling.
Handsaming av kvar søknad skjer etter kvart som dei kjem inn.
Alle søknader skal handsamast ope.
Tiltaket/prosjektet skal gjennomførast innan eitt år etter midlar er tildelt
Sluttrapport og rekneskap skal leverast eitt år etter midlar er tildelt


Søknad skal sendast til post@tysnes.kommune.no
Det skal liggja ute informasjon om mål og vilkår for ordninga på Tysnes kommune sin nettstad

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Kulturmidlar

Tilskot til song- og musikklaga, nærmiljøtiltak og allment kulturarbeid lysast ut med søknadsfrist 31.03.

Søknadane merkast godt med kva tilskot det søkjast om og sendast til post@tysnes.kommune.no

 

Tilskot til song- og musikklaga

Tilskotet blir fordelt av song- og musikkrådet til medlemslaga. Bruk dette skjema for innsending.

 

Tilskot til nærmiljøtiltak

1. Lag og organisasjonar som driv med nærmiljøtiltak i Tysnes kommune kan søkje om midlar under denne ordninga.

2. Alle som søkjer må ha organisasjonsnummer.

3. Lag og organisasjonar som får eit fast årleg tilskot kan ikkje søkja.

4.Det kan både søkjast om tilskot til drift av laga og til særskilte tiltak. Dette kan tildøme vere bygging, merking og vedlikehald av turveier og stiar, rydding av plast og anna boss, bygdesamlingar, fellesmåltid i grendehus, bygging av nærmiljøanlegg som tildøme ballbingar og lekeplassar, vedlikehald og opprusting av ungdomshus og grendehus og andre tiltak i nærmiljøet.

5. Tilskot til kurstilbod og/eller fritidstilbod for barn og unge, eldre, personer med spesielle behov og integrering av personer med annen kulturell bakgrunn vil bli prioritert.

6. Organisasjonar som primært tek seg av medlemer sine yrkes- eller økonomiske interesser, religiøse organisasjonar som i all hovudsak driv forkynning, politiske organisasjonar og organisasjonar som har som oppgåve å samla inn pengar til ymse tiltak og andre organisasjonar, kan ikkje få tilskot. Religiøse samfunn som får statsstøtte blir ikkje rekna som friviljuge organisasjonar.

7. Årsmelding, rekneskap og budsjett skal leggast ved søknad.

 

Tilskot til allment kulturarbeid

1. Lag og organisasjonar som driv kulturvern og kulturformidling kan søkje om kulturmidlar.

2. Tilskot til lag som har aktivitetar retta mot barn, ungdom og/eller unge vaksne vil bli prioritert. Tiltak for eldre, personer med spesielle behov og aktiviteter for integrering av personer med annen kulturell bakgrunn vil også kunne gje grunnlag for auka tilskot.

3. Alle som søkjer må ha organisasjonsnummer.

4. Lag og organisasjonar som får eit fast årleg tilskot kan ikkje søkja.

5. Lag som tek imot stønad frå kommunen må godta bruk av følgjekort på sine opne arrangement. Det tyder at funksjonshemma som må ha følgje, skal betala vanlege inngangspengar for seg sjølve, men har rett til ein person som fritt følgje.

6. Organisasjonar som primært tek seg av medlemer sine yrkes- eller økonomiske interesser, religiøse organisasjonar som i all hovudsak driv forkynning, politiske organisasjonar og organisasjonar som har som oppgåve å samla inn pengar til ymse tiltak og andre organisasjonar, kan ikkje få tilskot. Religiøse samfunn som får statsstøtte blir ikkje rekna som friviljuge organisasjonar.

7. Årsmelding, rekneskap og budsjett skal leggast ved søknad.

Organisasjoner og foreninger
logo
Kulturprisen

Prisen vert delt ut til lag eller einskildpersonar som har gjort ein særskilt innsats for kultur- og samfunnslivet i kommunen. Alle har høve til å foreslå kandidatar.


Framlegg til kandidatar med grunngjeving vert å senda til:
 

Tysnes kommune,
Uggdalsvegen 301,
5685 Uggdal
e-postadresse: post@tysnes.kommune.no
Frist for å nominere kandidatar: 01.11

Private / enkeltpersoner
Organisasjoner og foreninger
logo
Kommunalt tilskott til idrett

Frist for idrettslaga til å senda inn utfylt rekneskapsskjema, rekneskap og årsmelding er 21.02.22. Fristen er endeleg.
Frist for idrettslag til å søke kommunalt tilskot for 2022 er 18.02.22.

Ny frist for 2023 blir kunngjort på kommunens nettsider. Her finn du også rekneskapsskjema som skal nyttast.

Rekneskapsskjema, godkjent rekneskap og årsmelding sendast på

e-post til: post@tysnes.kommune.no

eller

Tysnes kommune

Uggdalsvegen 301

5685 Uggdal

Organisasjoner og foreninger

Bli varslet om nye utlysinger

Ved å opprette en brukerkonto og registrere dine preferanser, vil du automatisk bli varslet når det er utlysinger som matcher din profil.

  • Ikke gå glipp av utlysinger
  • Få varsling per e-post