Lenningen-midlane er gavemidlar frå Bruflat sokn, som skal gå til allmennyttige, trivselsfremjande og prosjektbaserte formål. Lag/organisasjoner, bedrifter og andre kan søke tilskudd fra Lenningen-midlene. Tilskudd kan gis til allmennyttige, trivselsfremmende og prosjektbaserte formål i Etnedal.
KRITERIAR FOR TILSKOT FRÅ LENNINGEN-MIDLANE
1. Formannskapet kan berre gje midlar til tiltak/aktivitet som er i tråd med Soknerådets krav, jfr. pkt. 3 i avtala mellom Etnedal kommune og Bruflat Sokn (sak 15/263):
«Bruflat Sokn forutsetter at Etnedal kommune benytter midlene til allmennyttige, trivselsfremmende, prosjektbaserte formål. Det betyr at midlene ikke skal benyttes til ordinær drift, men benyttes som del- eller helfinansiering til konkrete allmennyttige formål. Midlene skal i sin helhet finansiere tiltak i nåværende Etnedal kommune, og nærværende avtale opphører ved en eventuell kommunesammenslåing. Etnedal kommune v/formannskapet disponerer midlene etter beste skjønn.»
2. Lag/organisasjonar, bedrifter og andre kan søkje Etnedal kommune om tilskot frå gåvemidlane.
3. Søknadsfrist er 1. oktober. Kulturkontoret publiserar frist og kriteriar.
4. Søknaden må innehalde:
a) omtale av kva ein søkjer tilskot til
b) kostnadsoverslag
c) oppsett på korleis tiltaket skal finansierast
d) tidspunkt for gjennomføring
e) namn på søkjar, kontaktopplysningar og kontonummer
5. Søknad skal sendast til Etnedal kommune v/kulturkontoret, Kyrkjevegen 10, 2890 Etnedal.
6. Formannskapet behandlar søknadene og gjer vedtak om tildeling før jul kvart år.
7. Formannskapet kan gje midlar til andre tiltak heile året, dersom dei er i tråd med pkt.1.
8. Innvilga tilskot vert utbetalt når søkjar har sendt inn dokumentasjon på at tiltaket er gjennomført. Kultursjefen kan vurdere delutbetalingar.
Les meir og søk elektronisk på etnedal.kommune.no